Mjølver (Jostedalen): Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Linje 12: Linje 12:
| sokn          = [[Jostedalen sokn|Jostedalen]]
| sokn          = [[Jostedalen sokn|Jostedalen]]
| kommune      = [[Luster kommune|Luster]]
| kommune      = [[Luster kommune|Luster]]
| fylke        = [[Sogn og Fjordane]]
| fylke        = [[Vestland fylke|Vestland]]
| gnr          = 202
| gnr          = 202
| bnr          =  
| bnr          =  

Sideversjonen fra 21. jan. 2020 kl. 08:44

Mjølver
Mjølver-Rekstad-1899.jpg
Mjølvergrendi med dei to Nigard-bruka nærast.
Foto: J.B. Rekstad (1899).
Alt. namn: Mjelvær, Milvir
Fyrst nemnd: 1596
Stad: Jostedalen
Sokn: Jostedalen
Fylke: Vestland
Kommune: Luster
Gnr.: 202

Mal:Thumb høyre Mal:Thumb høyre

Mjølver (Luster, gnr. 202) er ein matrikkelgard og ei grend (Mjølvergrendi) i Jostedalen, Luster kommune. Grenda ligg på vestsida av Jostedøla og grensar i sør mot området på Gjerde som ligg under matrikkelgardane i Krundalen, og i nord mot garden Li.

Mjølver har gjeve namn til Mjølverdalen og til Mjølverdalen skule.

I somme versjonar av segna om Jostedalsrypa, vert det hevda at ho kom frå garden Bjørkehaugen.

I vest ligg Nigardsbreen som fram mot 1750 valda ein større naturkatastrofe for dei tre opphavlege Mjølver-bruka. Nigard vart i 1742 heilt stroken av matrikkelen og Bjørkehaugen fekk skylda kraftig sett ned. Berre Mjølver var nokolunde uskadd.

Ein bra gard

På den fyrste skattelista etter øydetida (1596) er det to brukarar i Mieluer, Las og Anders, som kvar betalte 18 merker smør og eit halvt pund ost til presten. I skattelistene frå 1596, 1600 og 1603 er det nemnt to brukarar.[1] Den neste bevarte skattelista frå 1611 har tre brukarar.[2]

Listene over leidangsskatten frå 1617 til 1640-åra nemner fire brukarar i Mjølver mange år, og listene over pengeskatten på same tida fortel at det mange år var tre bønder og ein øydegardsmann/husmann. Men berre tre bruk i Mjølver betalte leiglendingsskatt frå jostedalsbøndene byrja med det i 1627/28, og matriklane frå 1647, 1666 og 1723 (utkast) hadde tre bruk.

Skattelistene tidleg på 1600-talet vitnar om at Mjølver var den største garden i heile dalen når ein reknar dei tre bruka i lag. Frå 1627/28 til 1642 hadde Mjølver ei samla smørskyld på 4 laupar og 12 merker. Nigardsbredalen må såleis ha vore frodig beite- og slåttemark før Nigardsbreen skaut seg fram utover 16- og 1700-talet.

Det samla skyldtalet vart så nedsett i fleire omgangar til det i matrikkelen frå 1666 vart liggjande på 2 laupar smør.

Listene over leidangsskatten frå 1611 og nokre tiår framover fortel at bruka i Mjølver stod for 14-15 % av det samla skyldtalet for Jostedalen, men Mjølver tapte gradvis terreng i høve til resten av dalen. I 1647-matrikkelen stod Mjølver-bruka for kring 10 % av det samla skyldtalet, i 1666-matrikkelen kring 7 %, og i matrikkelutkastet frå 1723 kring 6 %. Etter øydeleggingane til Nigardsbreen var Mjølver etter 1742 nede i berre 3 % av det samla skyldtalet for Jostedalen. I 1838-matrikkelen var dette auka til drygt 5 %.[3]

Mjølver-bruket: Frå minst til størst

I skattelistene frå 1596, 1600 og 1603 er det berre nemnt to bruk i Mjølver, og det er vanskeleg å seie kva for to bruk dette var.[4]

Frå og med 1611 har Mjølver tre bruk. I leidangsskatt frå 1611 til 1660-åra betalte det største bruket 8 merker talg og eitt geitskinn (omrekna 0,24 laupar smør) medan dei to (i ein periode tre) minste betalte eitt geitskinn (omrekna 0,13 laupar smør). Det største bruket var i denne perioden Nigard.[5]

Jostedølene betalte leiglendingsskatt frå 1627/28. Fram til 1642 hadde Nigard og Bjørkehaugen ei skyld på 1,5 laupar smør kvar og Mjølver 1 laup og ½ pund (omrekna 1,17 laupar). Frå 1653 vart dette nedjustert for alle bruk til (omrekna) 0,83 laupar for Nigard, 0,75 laupar for Bjørkehaugen og 0,67 laupar for Mjølver, totalt 2,25 laupar for heile Mjølver.[6]

I 1666-matrikkelen vart skylda sett ned til 2 laupar for heile garden, og no bytte Bjørkehaugen og Mjølver plass. Den nye skylda var (omrekna) 0,91 for Nigard, 0,73 laupar for Mjølver og 0,36 laupar for Bjørkehaugen, som no var det klart minste bruket.[7] Dette vart ståande til 1742.

Avtaksforretninga i august 1742 endra mykje på dette. Det største bruket, Nigard, var no fråflytt og øydelagd, og det var heilt stroke frå matrikkelen. Bjørkehaugen var òg mykje skadd og fekk skylda redusert med heile 78 % til seks merker smør. Mjølver vart derimot rekna som uskadd og vart ståande med 0,73 laupar som det klart største bruket i grenda. Då Nigard vart teken i bruk att nokre år seinare, var han lagt inn under Mjølver som husmannsplass, men utan at skylda for Mjølver vart auka. (Sjå meir under Nigard).

Skatteavtaket frå 1742 var mellombels, men vart ståande til 1838-matrikkelen då Nigard kom inn att i matrikkelen.

Bruka

Dei tre eldste bruka under Mjølver er:

Seinare er desse bruka skilde ut frå dei tre 'stambruka' (tomtebruk ikkje medtekne):

Frå bnr. 1 Mjølver:

  • Bnr. 2, Bukveen, fråskild den 30.5.1845
  • Bnr. 5, Pikhaug, fråskild Mjølver den 8.6.1830
  • Bnr. 6, Aspehaug (Kleivi), rydda som husmannsplass kring 1772, fråskild bnr. 5 Pikhaug den 26.5.1883
  • Bnr. 9, Hellebø, fråskild bnr. 2 Bukveen den 23.10.1915
  • Bnr. 10, Opheim (Kleivi) - rydda som sjølveigarbruk kring 1887, formelt fråskild bnr. 6 Aspehaug (Kleivi) den 20.7.1918

Frå bnr. 7 Bjørkehaugen:

  • Bnr. 8, Svori, rydda som husmannsplass kring 1822, fråskild den 3.7.1903
  • Bnr. 11, Havraberg - fråskild bnr. 8 Svori den 17.5.1926, seinare lagd inn under Svori att

Frå bnr. 3 Nigard:

  • Bnr. 4 Nigard - deling av bruket i 1846

Bnr. 13, Fjellheim (pensjonat) vart fråsild sameiga til ei rekkje bruk (bnr. 3, 4, 7, 8 og 11) den 29.11.1949

Husmannsplassar

Det har aldri vore meir enn tre husmannsplassar under Mjølver. Ein grunn er nok at garden tidleg vart delt i tre bruk.

  • Nigard - vart stroken frå matrikkelen i 1742 og lagt som husmannsplass under bnr. 1 Mjølver, igjen fråskild og teke i bruk som eige bruk i 1830- og 40-åra
  • Ospehaugen - rydda kring 1772, plass under bnr. 1 Mjølver, frå 1830 under bnr. 5 Pikhaugen, fråskild 26.5.1883 som bnr. 6 Aspehaug
  • Svori - rydda kring 1823, plass under bnr. 7 Bjørkehaugen, fråskild 3.7.1903

Bnr. 1 Mjølver

Mjølver var som nemnt det minste av dei tre opphavlege Mjølver-bruka, men var i skyldtal det klart største etter 1742. Det er også frå Mjølver dei fleste andre bruka i grenda vart fråskilde utover 18- og 1900-talet.

Seint sjølveige

Mjølver var av dei bruka Gerhard Munthe fekk hand om då jostedalsgodset vart delt i tre i arveoppgjeret etter Christopher Munthe. Mjølver var eitt av dei tre bruka som Gerhard ikkje selde før han døydde i 1785, så det gjekk vidare til borna Frantz Wilhelm Rieck Munthe og Mette Andrea Rieck Munthe. Brukaren Rasmus Erikson Bergset vart fyrste sjølveigar i Mjølver då han 23. oktober 1787 fekk skøyte på helvta til Frantz Wilhelm og 25. mai 1788 fekk skøyte på helvta til Mette Andrea. Medan Bjørkehaugen vart det andre bruket i Jostedalen som kom på lokale hender (i 1691), vart hovudbruket Mjølver såleis det nest siste. (Sjå Eigedomstilhøve i Jostedalen før 1800.)

Gardshusa

Det gamle stovehuset som truleg var frå 1800-talet, vart i 1923 flytt til Brun i Fåberg og oppsett der som stovehus. I Mjølver vart eit nytt hus oppsett på same staden. I tunet står elles eit eldgamalt stabbur, kanskje frå tidleg på 1800-talet. Fjøsen og eldhuset er truleg frå sist på 1800-talet.

Flytting av stølar?

Mal:Thumb høyre

Bruka under Mjølver og dei tilgrensande gardane Li på vestsida og Elvekrok på austsida av Jostedøla har både vårstølar og fjellstølar på ulike stader. Bruka og stølane kan delast i to grupper.

Li og bruka som stammar frå Øvre Mjølver (Mjølver (bnr. 1), Bukveen, Pikhaug og Kleivi) har vårstøl på Liastølen ca 2 km aust for Mjølvergrendi. Fjellstølen har dei på Øyastølen ca 10 km nord for Mjølver og 3 km nord for Fåbergstølen.

Bruka Nigard, Bjørkehaugen, Svori (utskild frå Bjørkehaugen) og dessutan Elvekrok kjem i den andre gruppa. Mjølver-bruka hadde vårstølar på Berget i området der Breheimsenteret no ligg medan Elvekrok hadde vårstøl på Tråi på austsida av elva. Men bruka har den same fjellstølen: Bjørnstegane, som ligg ca 5 km nord for Mjølver og 3 km sør for Fåbergstølen.

Det er uvisst når desse stølane vart tekne i bruk og kva som var opphavet til at bruka under Mjølver fekk seg stølar på ulike stader. Det er likevel påfallande at dei nordvende bruka (Øvre Mjølver-bruka og Li) har etter måten gode stølsområde på Liastølen og Øystølen medan dei sørvende bruka har dei skrinnare stølsområda i Tråi, Berget og Bjørnstegane. Unntaket er Hellebø som stammar frå Øvre Mjølver-bruka. Men det vart frådelt så seint som i 1915 og måtte nok ta til takke med den dårlegaste fjellstølen.

Ein rimeleg teori kan difor vere at dei sørvende bruka, iallfall Nigard og Bjørkehaugen, opphavleg hadde både vårstøl og fjellstøl Nigardsbredalen. Då breen gjekk fram, måtte bruka flytte stølane og ta til takke med skrinnare område. Vårstølen på Berget, rett framafor breen er det tydelegaste vitnemålet om at ein trekte stølen så langt aust som det var naudsynt, berre ca 350 meter unna brefronten i 1740-åra. Elvekrok skil seg noko ut ved å liggje på austsida av Jostedøla. Det kan hende Elvekrok opphavleg hadde fjellstøl i Bjørnstegane, ikkje Nigardsbredalen, og at Mjølver-bruka seinare fekk løyve av jordeigaren til å ha fjellstøl her i lag med Elvekrok.

Mjølver vart rekna som uskadd i 1742, og det kan tyde på at bruket neppe hadde vår- eller sommarstølar i Breadalen før framrykkinga til breen.

Det kjende dømet på flytting av fjellstølar på same tida er då stølane til Grov og Bergset i Bergsetdalen var så øydelagde av breen at gardane i 1684 måtte få løyve til å støle i Geisdalen. Når Bergset og Grov før framrykkinga til breane kunne nøye seg med fjellstølar i Bergsetdalen, er det høgst rimeleg at Mjølver-bruka kunne nøye seg med stølar i Nigardsbredalen.

Gamle segner vil ha det til at det var busetnad i Nigardsbredalen før breen gjekk fram. Matthias Foss skreiv i 1750 at i dalen der Nigardsbreen no låg, ”foregiver Almuen, at der i gamel Tid skal have været en stor slet Dal, hvor sex Jorder have været.”[8] Gottfried Bohr refererte i 1820 til Claus Olson Elvekrok som ”for 50 Aar siden” (då var han ca 7 år) hadde sett eit hustak som breen hadde ført fram. ”Adskilligt Træboskab er ogsaa, efter Fleres Sigende, flydt ud med Vandet under Bræen.”[9]

Annan fast busetnad enn Nigard er det ingen haldepunkt for å tru at har funnest i området som Nigardsbreen øydela. Men det kan ikkje vere tvil om at det har vore eit frodig beite-, slåtte- og stølsområde.

Ein grunn til at det ikkje finst kjende skriftlege kjelder på ei eventuell stølsflytting for Mjølver-bruka, er at nokre av tingbøkene for Indre Sogn er tapte. Det er vel ikkje usannsynleg at Grov og Bergset måtte flytte stølane sine før Mjølver-bruka sidan breane i Bergsetdalen går raskare fram enn Nigardsbreen. Etter 1684 manglar iallfall tingbøkene for desse åra: 1691, 1695 og 1697-1702. Før 1684 er det endå fleire lakuner.[10]

Notar

  1. Presteskatten 1596, Jordeboka 1600 og Pengeskatten 1603 (Jostedal historielag)
  2. Jordeboka 1611 (Jostedal historielag)
  3. Tala er basert på ein upublisert gjennomgang av skattelistene, gjort av Oddmund L. Hoel
  4. Presteskatten 1596, Jordeboka 1600 og Pengeskatten 1603 (Jostedal historielag)
  5. Jordeboka 1611 (Jostedal historielag)
  6. Skattematrikkelen 1647 (Jostedal historielag) og upublisert gjennomgang av skattelistene av Oddmund L. Hoel
  7. Matrikkelen 1666 (Jostedal historielag)
  8. Foss 1802, s. 17
  9. Bohr 1820, s. 7-8
  10. Tingbøker for Indre Sogn sorenskriveri (Digitalarkivet)

Kjelder og litteratur

  • Miælver i folketeljinga 1801 for Jostedal prestegjeld frå Digitalarkivet.
  • Mjelvær i folketeljinga 1865 for Jostedal prestegjeld frå Digitalarkivet.
  • Mjelver i folketeljinga 1900 for Jostedal herred frå Digitalarkivet.
  • Mjelvær i folketeljinga 1910 for Jostedal herred frå Digitalarkivet.
  • Bohr, Gottfred. (1820). Om Iisbræerne i Justedalen og om Lodalskaabe. I Særtrykk av Blandinger, eller Læsning for begge Kjön. Et Hæfteskrift. Christiania. (Digital utgåve, Jostedal historielag)
  • Foss, Mathias. (1802). Justedalens kortelige Beskrivelse. I Magazin for Danmark og Norges topographiske, oekonomiske og statistiske Beskrivelse, 2 (nr. 1), 1-44. (Digital utgåve, Jostedal historielag)
  • Laberg, Jon. (1944). Jostedal. Ei stutt utgreiding um bygdi og folket der. I Tidsskrift utgitt av Historielaget for Sogn (nr. 11), 5-85. (Digital utgåve, Jostedal historielag)
  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune. Digital versjonNettbiblioteket. Side 592-661.
  • Øvregard, Kåre. (1999). Stølar og stølsliv i Luster kommune. Leikanger: Skald.
  • «Mjølver», Gardsleksikon, Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane


Koordinater: 61°39′39″ N 7°16′44″ Ø