Mjeldalen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.
Postkort Haus og Mjeldalen sett frå vest
Foto: Fjellanger Widerøe VisKom AS, privat eige

Mjeldalen ligg på vestsida av innlandsøya Osterøy i Hordaland, ned mot tettstaden Haus, eller Hausvik, og Sørfjorden. Ein kjem til Mjeldalen ved å følgje E16 til Osterøyvegen over Osterøybrua til Kvisti, omlag 7 minutt med bil frå Arna, eller 15 minutt frå Vågsbotn. Forbi rasteplassen går vegen om Tirsåstunellen til skilting mot Haus. Her, på toppen av Mjeldalen, ligg Ambogen (vegen er svinga som ein alboge), med oversyn over heile dalen. Dalen er ein typisk U-dal, som geologiske krefter har grave ut for lenge sidan. Elva renn gennom dalen og ut i Mjeldavatnet nederst i dalen, og vidare ut i Sørfjorden. Isen har forma dalen, og her er tre ulike morene-terrassar. Namnet Mjelde kjem av mjele, fin morenesand (Ivar Aasen ordbok 1873/4.utgåve 1919). Busetnaden går attende til dei eldste tider. Funn av ein flintsigd frå steinalderen tyder på at det har vore dyrka korn i dalen for omlag 4000 år sidan. Tidleg må garden Mjelde ha vorte delt i tre terrassar; Mjelde øvre, - midtre og -nedre, og dei var samla rundt kvart sitt tun (Øvstemjedla, Midtmjedla og Nedstemjedla). Mjeldalen er definert som LNF-område, og det har lenge vore byggestopp her.

Ei kulturhistorisk ferd gjennom dalen

Utsyn ved Ambogen

Dalen ligg aust-vestvendt og er ramma inn av høgdedrag mot aust, mot nord og mot sør. Frå Ambogen har ein panoramautsyn heilt ned til Mjeldavatnet, med Haus kyrkje og kyrkjespiret ruvande mellom vatnet og Sørfjorden. Over fjorden ligg tettstaden Ytre Arna. I horisonten ser ein Varegga og byfjella i Bergen. Sjøen var den gamle ferdselsåra, og her har det truleg vore kyrkje sidan midten av 1100 -talet. Kirkia á Hausi heitte det på gamalnorsk, og det første kyrkjebygget var vigd til St.Nicolaus. Det uvanlege er at litt oppe i dalen, ved øvre enden av Mjeldavatnet, var det endå ei kyrkje – Kirkia á Mialða. Denne er riven forlengst, men enno er gravplassen der.

Øverst i dalen mot aust, ligg Kolabakken (på begge sider av Osterøyvegen). Namnet skriv seg frå den tida det vart vunne ut kol her. Knut Ivarsson Øvremjelde fortel at det under dyrkingsarbeid vart funne store mengder kolrestar, ein pilspiss, ei steinøks og ei steinhelle med innhogne renner som truleg skulle samla opp tjøre. Over Kolabakken mot aust og søraust ruver Hoklane (haugane), med utsyn heilt til havet. I Hoklane budde “julreia” sa bestemor mi, Marta Selvik. På sørsida av dalen ser ein først Blommaskaret, og vidare nedover kjem Veggliåsen, Tirsåsen, Sæteråsen, Hovåsen og Lyngåsen, med Kyrkjerinden og Åsheimfjellet lengst mot sørvest. På nordsida av dalen ligg øverst Vinåshaugane og Nordalen, deretter kjem Sjonhaugen, Gafskaret, Blekktødna, Martødna med vindpilen, og Stemmesegga. Ytterst i synsranda skimtar ein fjellgarden Hausberg. Stemmesegga ligg 572 m over havet, og derfrå kan ein sjå milevis til alle kantar. Bestemor som kom frå Hausberg, fortalde at her kunne ein høyra kyrkjeklokkene frå meir enn sju kyrkjesokn. I dei bratte liene rett under Stemmesegga ser ein enno grunnmurane etter fjellgarden Kaustølen.

Osterøyvegen fører frå Ambogen oppover Sandbrekka mot Vesetgjelet. Vegen her var farleg i gamle dagar, med bratte lier og stup over elva. Ved kvernhushola nederst i gjelet sprang hesten til Olai Monsen Mjelde ut i 1908, og både hest og mann havna i djupaste gjelet og omkom. Dette hende 10. mars 1908. Olai, fødd på Barbubruket, vart 37 år gamal (ættarboka Ø. Mjelde 152b og Audestad 32). Presten Nistad i Haus tok seg av den farlause tre år gamle sonen Mons, som seinare vart fabrikksjef i Larvik og ein landskjend skeiselaupar. 21. november same året hende det ei ny køyreulukke same staden. Det var dotter til Johs. Johs.son Gjerstad, Hilda Elisabet, som omkom då ho og faren skulle køyra med hesten sin til Haus (ættarboka Mele 104 b).

Gamle ferdselsvegar

Nederst i Vesetgjelet, på venstre sida av elva går gamlevegen opp til Vinåsgarden. I Vinåsen budde Johannes, som førde rekneskap for Haus Meieri, og som styrde med utbetaling av mjølkepengar til bøndene i dalen. Når døtrene Jenny og Ingrid kom gåande frå Haus med store summar, var det ingen Securitas-vakter å sjå, jamvel om heile bygda visste kva dei bar på. Det var stor stas å gå i Vinåsen og henta pengar. Vegen opp Vesetgjelet var tung og mørk og utan veglys. Det fortels at to naboar som hadde vore i lystig lag såg sjølve hinmannen her ei laurdagsnatt på vegen heim. Han stod med klauvene på grinda. Og heilt sant var det.

Frå Ambogen ser ein spor etter den gamle såkalla "Prestevegen" som snirkla seg frå dalen i oppover lia på vestsida mot Ambogen, og vidare over Kolabakken til Vesetgardane. Han er og synleg nede ved dei øverste gardstuna. Det vert fortald at bøndene i dalen måtte bera eller dra presten på slede opp dei bratte bakkane når han skulle ha teneste i Gjerstadkyrkja. “Det er bedre at drage enn at lade sig drage”, kom det frå presten der han sat i sleden og fraus (etter gamle Jorna-Berta).

Nede ved dei øverste gardstuna startar også den tidlegare ferdselsvegen frå Øvre Mjelde over Blommaskaret til Blom og Havrå. Brua over til Selviktunet vart kalla “Blommabrua”. Denne vegen brukte truleg presten når han skulle vidare til Bruvik med båt. Leiv Mjelde fortel etter mor si at ho gjekk opp Slåttna (slåttemarkene) og over skaret til Blom når det gjekk nyss om sild i Samnangerfjorden. Så fekk dei skyss med robåt til Trengereid, og deretter bar det til fots over Gullbotn til Samnanger. I dag har vegetasjonen teke over, og vegen over til Blom er lite farbar. På toppen av Blommaskaret er det enno spor etter ein veg som førde vidare over Hoklane og innover øya. Lengst mot sørvest gjekk ferdselsvegen frå Nedre Mjelde over Tveitane til Vikne. Det er idag ein populær turveg.

Det er godt skjul for hjorten i granskogane rundt dalen. Heile året samlar dei seg på bakkane rundt gardane i skumringstida. Vinterstid kjem dei heilt fram på trappene til folk. Dyra gjer stor skade på åker og eng, og ikkje sjeldan kryssar dei bilvegane og er årsak til ulukker. Ein har tald opptil 25 dyr i flokkane. Ved teljing ein haustkveld i 2012 kom ein til 150 hjortedyr frå Haus til Ambogen. Mjelde Hjortevald hadde då fellingsløyve på 31 dyr.

Husmenn og stølsliv

I liene langs heile dalen skal det ha vore tilsaman 21 husmannsplassar, og fleire av dei fins det spor etter idag. Stortingsmann Torstein Selvik (1900-1983) skriv mykje om dette og om livet i dalen i “Gardsoga for Mjedlagardane", utgjeven av Osterøy Sogelag i år 2000. Sogeskrifet vart klargjort for publisering av sonen, Nils T. Selvik.

Det må ha vore eit yrande liv i dalen den tida alle gardane var i drift og landbruket var viktigaste næringsvegen. Dei gamle fortalde om den gongen då stølsjentene gjekk med mjølkespann på ryggen morgon og kveld, heile sumaren, berrføtte og med spøtet mellom hendene. På Kvile venta dei på kvarandre, og fylgdes oppover Gafskaret til dei fann buskapen over Setheia, forbi torvhusa og langs torvmyrane. Seinare, etter utskiftinga i Øvre Mjelde i 1899, vart sumarbeitene lagt inntil innmarka. Då kom stølsjentene i flokk og fylgje langs hovudvegen med mjølkevognene sine, i god tid til å nå mjølkehestane (seinare mjølkebilen) som frakta mjølka til meieriet i Hausvik.

Øvre Mjelde

I den første U-svingen nedover Bonnalia frå Ambogen kjem ein til Træ, som i tidlegare tider var ein samlingsstad i dalen. Her feira dei 17. mai den første tida, og det vart sett opp tribunar og lauvprydd talarstol. Her finn vi Træhaugen (gml. Træshågjen), med ei freda gravrøys som vart registrert i 1934. Bak denne haugen fins det spor etter den første ferdselsvegen som førde vidare oppover mot Kolabakken og Veset. Blautemyra med sitt rike plante- og insektsliv låg på andre sida av vegen. Den er no fylt opp med lausmassar. Vidare nedetter på høgdedraget langs hovudvegen vart det også avdekt fleire gravrøyser, utgravne same år av Eva Nissen Meyer. Detaljert "Innberetning om undersøkelser" er signert 8. mai 1934 av Meyer. Desse gravene er tidfesta til eldre jernalder. I gravene vart det funne krossspenner, glasperler, leirkrukker, ei vevskei, ein beinkam, eit snellehjul og brente bein (Per Fett, "Førhistoriske minner i Nordhordland", Historisk Museum, Uib, 1965). Bonden som eigde området gjorde krav om erstatning for dei oldfunna som var gjort. Han fekk svar i brev 3. juli 1937: „.... Med erstatningsspørsmålet forholder sig slik at vi ikke utbetaler noget for saker som fremkommer ved museets egne undersøkelser, ..., men da vi nu forstår at De gjerne vil ha det, tillater jeg mig å sende kr. 4,- i frimerker. Beløpet skal deles likt mellem finner og grunneier, og jeg tør be Dem returnere vedlagte kvittering“. I internt notat signert av "Jentoft" 17.6-37 står følgjande merknad "Evas graving hos xxx grav 1 funnet før hun kom.....".

Gamleskulen vert suksessbedrift

Lenger nede finn ein Vestlandshus Mjelde A/S på høgre side av vegen. Her etablerte byggmester Alf R. Mjelde sitt byggvarefirma tidleg på 70-talet, først i det gamle skulehuset til Mjelde skule. Her gjekk ein gong skuleelevar som frå gamalt kom til fots frå Rolland, Veset, Haus og Åsheim. Seinare vart skulehuset rive og det vart ført opp lager- og kontorbygg. Vestlandshus er ei solid familiebedrift som leverer nybygg over store deler av Hordaland. Gamle Mjelde skule vart erstatta med nytt skulehus i Haus. Selviktunet ligg på andre sida av elva, over Blommabrua. Her kan ein og sjå att starten på den gamle Prestevegen opp mot Ambogen og Gjerstad, og den gamle ferdselsvegen opp over Blommaskaret til Blom og Havrå. Vegen deler seg mot aust og sør like bak gardstunet. På toppen av innmarka til dette tunet finn ein Kaltrahaugen (dialekt). Her fins framleis grunnmurar etter husmannsplassen der mormor til Amalie Skram, Berthe Nielsdotter Mjelde, vart fødd i 1791 (Liv Køltzow, biografi 1992, og ættarboka Øvre Mjelde 111a). Bestemor fortalde at folket oppe i Kaltrahaugen ikkje hadde klokke, men følgde med når det kom røyk i skorsteinane nedover dalen. Bruket på andre sida av steingarden heiter Kaltræ. Ordet "træ" tyder innhegning for husdyr (Stadnamn i Haus, Haus Sogenemnd 1971) .

Klyngetun

60-70 meter vidare nedover frå Selviktunet, på på Øvstemjeldshaugen, låg det gamle klyngetunet i Øvre Mjelde. Det strekte seg langs den flate morenen som vart kalla “Torget“. Kvar hadde sine småteigar spreidd over heile garden, kvernhusa låg langs elva, og smiene låg på haugen bakom, i god avstand til tunet. Funn av krittpiper i åkrane fortel si eiga soge. Her levde og arbeidde ung og gamal tett saman fram til utkiftninga i 1899 -1900.

Over hundre år er gått sidan folket flytta ut og eigedomane vart samla rundt nye gardstun. Men spora etter gamletida er framleis synleg. Om ein tek ein avstikkar til fots gjennom tunet, til høgre oppover Geila, kjem ein til dei gamle sauefjøs-murane og til vårfloren. Ei geil er ein steingard på begge sider av vegen, som skulle leia buskapen til utmark og beite, og attende, men her er den eine sida borte. Skogsvegen går vidare oppover Nordalen, forbi torvhusa og heilt opp til ein flate som vert kalla Storahavet (fjellmyr). Gamlestien går også oppover til ein stor flat stein, kvilesteinen på Kvile. Trappene går så oppover Gafskaret og vidare innover mot Blekktødna og Stemmesegga.

Frå Torget går turløypa til det årlege Osterøy-arrangementet "Stemmesegga over." På høgre sida av Torget, 20-30 meter vidare nedover, vart det i 30- 40åra tatt ut store mengder sand. I dag er det bygd hus her i "Grushola".

Lensmenn og øvrigheit i Øvre Mjelde

Før reformasjonen var Øvre Mjelde krongods, men etter statskuppet i 1660 vart det seld mykje krongods for å fylle opp statskassa. Etterkvart vart leiglendingane sjølveigarar. Mellom dei var lensmannen, som fekk hand om to av bruka. Her i Øvre Mjelde rådde i mange generasjonar ei lensmannsslekt som opphaveleg kom frå Rivenes. Den første vi veit om var Anders Johanneson Rifuenes som var lensmann 1676-1701. Etter han kom sonen Johannes Anderson Øvstemjelde, kalla „Øvstemjeldslensmannen“, frå 1701-1722, og etter han Johannes Johannesson, “Askelandslensmannen”, frå 1732-1749. Johannes Anderson Faugstad, også ein etterkomar av Øvstemjeldslensmannen, var lensmann i Arna skipreide frå 1783-1830. Den mest namngjetne av desse lensmennene var nok Øvstemjeldslensmannen, som var ein driftig herremann. Han tente store pengar på handel med tømmer som han kjøpte i Stamnes og Evanger og selde i Bergen. Særleg godt gjorde han det etter den store bybrannen i Bergen i mai 1702. Han kjøpte fleire gardar og gardpartar i Bruvik og Stamnes, og vart ein grunnrik mann. Johannes fekk også sett opp „et helt nødvendig sted“, såkalla nødtørftshus, som må vera ein av dei første doane i Nordhordland.

Eit anna kjend namn som er knytt til Øvre Mjelde er sersjant, stortingsmann og statsråd Ole Monsen Mjelde – ein etterkomar etter Øvstemjeldslensmannen. Han vart fødd i i 1865 og budde på Barbubruket til han døydde I 1942. Ein periode var han også stortingspresident. Heile 28 år var han rikspolitikar og ellers aktiv i styre og stell i lokalsamfunnet. I 2015 vart det avduka ein bauta over politikaren Ole Monsen Mjelde i Haus sentrum.

Midt Mjelde

Gardar og bustader knytte til kyrkja

Ei bru over elva skil Øvre- og Midt Mjelde. Her går hovudvegen gjennom Midtmjeldetunet og vidare mellom dei to kvitmåla „enkesætehusa“ mot Gåteleitet. Nede ved fossen i elvegjelet hadde oldefar til fotballspelar og -trenar, Mons Ivar Mjelde, ei smie, men idag fins det berre restar av denne. I Midt Mjelde fann ein den gamle prestegarden (kapellangard), klokkargarden og to bustader for preste-enker – såkalla "enkesæter“. Klokkargarden låg litt oppe i bakken på nordsida. Der var det skule fram til skulehuset i Øvre Mjelde vart bygd. Bruket på sørsida av elva vart prestegard eller kapellangard, skipa i 1773. Den første kapellanen som tok sete der, var Jørgen Prahl (1738-1788), og det var prestebustad der heilt til ordninga med kapellangard vart avvikla i 1867. Den siste presten, Søren Elkjær Hertzberg (1806-1894), fekk då skild ut parsellen der kapellanhuset stod, "Nybo". Han budde der til han døydde i 1894. Skomakermeister W.H. Michelsen kjøpte huset, reiv det, og bygde det om til ein staseleg villa som skilde seg klart ut frå den gamle byggestilen i bygda.

Ungdomshuset

Ungdomshuset ligg på sørsida oppe i bakken. Vinteren 1927/28 brann villaen der huslyden til Hans Pedersen då budde (den er avbilda på eit fotografi som heng i ungdomshuset). Mjeldalen ungdomslag fekk kjøpa tomten for 2500 kroner. Ungdomslaget reiste bygget på dugnad og det stod ferdig år 1934. Ungdomslaget held den første juletrefesten i huset alt i jula 1933, skriv Olav Selvik i “Minne frå Mjeldalen”, 2001. Huset har sidan vore samlingspunkt i både sorg og glede.

Mjeldalen ungdomslag er eit veldrive lag, med både barnelag og seniorlag. Det er aktivitetar i huset kvar einaste kveld både for barn og ungdom og vaksne. Til dømes revy, ungdoms-, barne- og vaksenteater, som har hatt mange publikumssuksessar. Huset vart etterkvart i minste laget, og nytt tilbygg vart opna i 2016. Mjeldalen ungdomslag var vinnar av Osterøy kommune sin kulturpris i 2012! Sjå meir på http:/www.mul.no.

Gamle vegfar

Til venstre for ungdomshuset går ein gamal kjerreveg oppover innmarka og gjennom steingarden ved restane av vårfloren til Vedåbruket. Ein smal sti fører vidare langs utmarksgarden, opp mot Slåttna og Tirsåstunellen. Leiv Mjelde hugsar at under krigen gjekk det ei langrennsløype her, vidare opp Nordalen og mot Rolland. Nedover dalen gjekk stien langs utmarka over Tveitane mot Kvisti. Sigmund Mjelde fortel i Bygdanytt 13.12.2002 at denne vegen vart brukt når sauene skulle på sumarbeite til Øvstemjeldsstølen i Gullfjellet. Då det var skule i klokkarhuset i Midt-Mjelde, brukte borna frå Vikne og Kvisti denne vegen.

Grjothågjen

Oppe i bakken på nordsida av Midt Mjelde-tunet ligg “Gråthaugen" (gml. Grjothågjen). Her er det funne gravhaugar, også desse registrert og utgravne av Eva Nissen Meyer. Stein frå den eine haugen vart på 30-talet brukt til å laga steingard mellom to av bruka. Her er det gjort oldtidsfunn frå eldre jernalder. Ein gullmynt vart funnen i 1824 og i eit notat oppbevart i Bergen Museum er det sagt: „Den (mynten) blev i samme Aar funden i en Gravhøj paa Enkesædet Midt-Mjelde, i Mjelde Skibrede, Nordhordlehns Fogderi. I Højen var en Hellekiste hvori der fandes en del fin Jored, og iden laae Mynten…“. Notatet er signert W.F.K. Christie – ingen ringare enn Stortingspresidenten frå 1814, og grunnleggjaren av Bergen Museum (Sogeskrift for Osterøy 2009, s. 66). Mange andre oldsaker er funne i dalen, m.a. eit tveegga sverd som kom for dagen i Nedre Mjelde i 1840.

Nedre Mjelde

Frå Gåteleitet er det fritt utsyn over Nedre Mjelde. Her ser ein gardstunet til Rasmus-bruket rett fram. Det som særmerker dette tunet er den store vernemuren av gråstein i vestgavlen, som skulle ta av mot dei harde kastevindane i dalen. Huset er i tradisjonell bondestil med to stover i kvar ende og kjøkken og gang i midten. Tidlegare rektor ved Bergen Arkitektskole, Svein Hatløy, fortalde at han hadde teke studentar med hit for å synfara dette huset.

På høgre side av vegen står ei minnestøtte over pressemannen Mons Monsen Mjelde (1862-1924), som mellom anna vart redaktør i VG og presseattache i London. Brørne hans, oberst Lars M. Mjelde og kjøpmann Anders M. Mjelde i Arna, reiste steinen i 1942.

På sørsida ligg det nye storfjøset til Arve Aasheim. Det er heilautomatisert, og dimensjonert for 170 dyr med smått og stort, og med ein mjølkekvote på 400.000 liter årleg. Den daglege drifta vert programmert og overvaka elektronisk frå PC'en. Kyrne går fritt ut og inn og styrer sjøl både mjølking og foring.

Oppe i bakken over elva på ligg „Mjedlasmia“. Gamlesmeden, Mons Monsen Mjelde (1882-1970), laga og reparerte ljåar, plogar, knivar og ellers alle slag reiskap som bøndene trong, så lenge han levde. I tillegg til alt arbeid for Osterøybygdene, selde han også mykje av produksjonen til jernvarehandlarar i Bergensområdet. I dag er det Osterøy Museum som har hand om „Mjedlasmia“. Det høyrer forresten med til historia om Mjeldalen at det var så mange som heitte Mons at dei måtte kalla katten for Knut (fritt etter Espen Selvik).

Den slake bakken ned den siste terrassen før Mjeldavatnet heiter Likhaugbrekka (han var brattare før vegomlegginga). Når gravfølgjet stoppa her, starta kyrkjeklokkene å ringja for den siste ferda mot gravplassen nede ved elva på sørsida.

Ved enden av brekka står ein stor staseleg kvit to-etasjes bygning som på folkemunne lenge heitte „kommunehuset“, men som idag er i privat eige. Her låg truleg det opphavlege tunet i Nedre Mjelde, og her er staden der Garmannsgodset låg. Eit kartutsnitt frå 1819 syner ei samling av store og små bygningar kring tunet (gardssoga s. 14). Nedre Mjelde var kyrkjestad i over 700 år, her var det sete for Mjelde Skipreide med fut og tingstad, og her rådde Garmannslekta i mest 200 år.

Mjelde Skipreide

Den eldste lokale verdslege forvaltningseininga var skipreidene, etter sagaen innført av Håkon den gode. Den øvre grensa for skipreidene var så langt som laksen gjekk opp i elvane, skriv Snorre. På Vestlandet kan ein følgja sume av skipreidene som administrative einingar helt til 1855. Det opphavelege føremålet var at bøndene innan kvart skipreide skulle stilla skip med mannskap og utrusting for ei viss tid. Etterkvart gjekk det over til å verta ein årleg skatt.

I skipreidene vart det halde våpenting, der ein såg til at kvar mann hadde dei lovpålagde våpna. Mjelde Skipreide høyrde til dei eldste skipreida i fylket, og strekte seg langt innover Osterøy der det var rikt på furuskog til tømmer til leidangskip. Namn som Skipahjellen og Naustdalen i Hausvik kan skriva seg frå denne tida, men det er kanskje meir sannsynleg at skipa låg innerst i Mjeldavatnet.

Mjelde Skipreide eksisterer den dag i dag, men har no funksjon som bygdealmenning. Området ligg i Bruvikdalen i Vaksdal kommune og har eit areal på 12000 da (statistikk Statsskog), medan grunneigarane høyrer til Osterøy kommune. Bøndene har mellom anna beiterett og høve til å ta ut skog. Mjelde Skipreide har eige styre, leiger ut jaktrettar til hjorte- og småviltjakt, og dei deler ut midlar til gode føremål.

Kyrkja og kyrkjegarden i Nedre Mjelde

Litografi av J.L. Losting, 1846 med Garmannsgodset og gamle Mjeldakyrkja. Privat eige

Den første stavkyrkja vart bygd tidleg på 1100-tallet, og gravplassen ligg på tuftene. Ho er såleis svært gamal. Etter svartedauden vart Mjelde kyrkje soknekyrkje og Mjeldalen var klostergods. Den siste kyrkja var også stavkyrkje og var i ulik eige. Ho vart riven i 1866, og skal då ha vore til nedfalls. Ho hadde skifta eigarar mange gonger. Garmannslekta var den siste som hadde hand om henne. Kyrkjeklokka havna i Arne Fabrikker i Ytre Arna og mykje vart nytta som byggemateriale i bygda. Berre ei minneplate ved inngangspartiet til gravplassen fortel no om gamletida. Vegen ned til kyrkjegarden frå hovedvegen er enno den same, men var i eldre tider trappeveg. Her på kyrkjegarden, eller "kjæregarden" som dei gamle sa, fins framleis synlege historiske navn på gravplater. Munnlege overføringar gjennom mange generasjonar fortel at alterbordet av stein vart brukt som hagebord på Solhaug i Haus. Nolevande personar stadfester dette. I skøytet skal det ha stått at bordet ikkje må fjernast frå eigedomen. Bordet vart borte og gløymd, men er no attfunne.

Futane i Nedre Mjelde

Fra 1574 og fram til 1615 held futen i Nordhordland, Christofer Wedtzelssonen, til i Nedre Mjelde, som då var krongods (ættaboka N.Mjelde 75). I 1587 fekk han festebrev ved "Kongebrevet". Den siste futen var Nils Pedersen Harboe, og ætta hans rådde der til 1655 (ættaboka N.Mjelde 88). Harboe fekk bygd ei bru av stokkar over elva der det før berre var ein klopp. Ho gøymer seg kanskje under dagens to-felts bru, som framleis kallast “Stokkabrua”. Brua over Ranabekken som har sitt utspring oppe under Stemmesegga heitte Futebrua. Bekken renn forbi Hansdalstunet til høgre, og er no delvis lagt i røyr. Åkrane nedanfor fjøset heiter Futåkeren og Futamyra.

Garmannsgodset

Då reformasjonen vart innført i Norge i 1537, vart alt klostergods lagt under Kongen. Garmannslekta kjøpte eigedomen og Mjeldakyrkja. Den første eigaren var magistratpresident Hermann J. Garmann (1612- 1674). Han var i nær slekt med kongen (Fredrik II var hans bestefar), og det var ei grein av Oldenborgdynastiet som kom til Nedre Mjelde. Han var øverste leiar og administrator i Bergen, dvs. kongeleg embetsmann. Han utvikla Nedre Mjelde til eit herresete som gjekk under namnet Garmannsgodset, og vart ein grunnrik mann som eigde store eigedomar på Vestlandet.

Hagen skal ha vore eit syn, med eit utall eksotiske planteartar. Ein kjende blomsterdufta alt når ein kom roande innover fjorden, vert det sagt. Den vidgjetne franske hagen skal ha vore verket til den rike franskætta Alida de la Rochy, gift med stiftsskrivar Hermann H. Garmann ( (1648-1733). I dag er både den solide steinmuren rundt hagen og plantane borte.

No gjekk godset frå ætt til ætt, mellom anna til sorenskrivar i Nordhordland, Johan Johansen Garmann (1718-1768). Det var harde tider. Den såkalla Kopf-skatten utløyste strilekrigen, og folket vende seg mot embetsverket og sorenskrivaren. Skatten fall bort same året som sorenskrivaren døydde. Sonen, proprietær Johan Johansen Garmann (1744-1810), dreiv godset vidare. I 1779 vart han tildelt sølvmedalje av Hans Kongelige Høihed Arve-Prins Friderich. Tildelingsbrevet er signert "Trondhiem udi Selskabets Forsamling 1779 den 1 ste Juni. Under Selskabets Seigl".

Siste eigar var veginspektør Christopher Kahrs Garmann (1788-1842). Det var tunge tider. Unionsoppløysinga i 1805 og "sølvskatten" med meir, gjekk hardt ut over norsk økonomi. I 1823 vart godset delt som “Garmannsbøe” og “Bergsbøe”, som vart seld til proprietærfullmektig hjå futen i Bergen, Michael Berg. Han kjøpte også "Storahuset" som hadde to høgder og var kontor og bustad for sorenskrivaren og tingstad for Mjelde Skipreide. Tunet vert i dag kalla "Hansdalane", etter dei nye eigarane som kom frå Hannisdal. Huset vart riven i 1893/94 av dåværande eigar Johannes M. Mjelde (1863-1950), og han bygde nytt våningshus på tufta.

I 1838 vart også „ Garmannsbøe“ seld. Mange husmenn vart sjølveigarar og fleire nye bruk vart skild ut. Garmannsgodset hadde vore i slekta i 7 generasjonar. Alle med unntak av den første skal være gravlagt i den gamle Mjeldakyrkja, med ektefeller og barn.

Nye namn i tuna

Soga om Nedre Mjelde som gods var slutt, og ei ny tid tok over. Dei utskilde bruka har framleis tun-namn etter dei nye eigarane, t.d. Rasmusane, Vedåane og Krokane. Ein av dei som eigde hovudbruket var stortingsmann, lensmann og visediktar Johannes O. Veseth (1812-1905). I 1850 vart han konstituert som lensmann i Mjelde Skipreide, og då tinglag og lensmannsdistrikta vart omskipa i 1853 vart han den første lensmannen i Haus (gardssoga s 43). I 1947 kjøpte Haus kommune denne eigedomen, som vart driven av paktarar. Ei tid var det skulekjøkken i huset, og på garden var det ein periode bygdesag. Gardsdrifta er no lagt ned, og berre namna “kommunehuset” og “Garmannshuset” vitnar om gamletida.

Til fjells

Frå Nedre Mjelde fører fleire gamle stiar oppover mot fjellet på begge sider av dalen. På nordsida av dalen ved Rasmustunet går ein gamal veg oppover Hestamarka, mot Stemmesegga til den nedlagte garden Kaustølen, der berre grunnmurane no står att. Her skulle ein ikkje tru at nokon kunne bu, men så feil kan ein ta. Opphaveleg var dette stølen for Nedre Mjelde og han vart seld til Ivar Olsen Revheim i 1817 og skild ut frå Garmannsgodset i 1818. Det vert fortalt at overtakinga var ei påskjøning til ein tapper soldat. Bruket gav ikkje store levemåten, men vart drive til 1894. Dei hadde eige kvernhus og torvhus. Frå Kaustølen er det fin sti utover til Hausberg. Kring år 1900 stranda ein luftballong frå Frankrike i tretoppane nedanfor Kaustølen. Folket i dalen såg kva som skjedde, tok seg opp og fekk redda franskmennene. Men og for å skaffa seg silkestoff til nye kjolar. I april 1940 fann det også stad eit bombenedslag like ovanfor garden. Det skal ha vore eit skadd engelsk fly som måtte sleppa lasta si for å koma seg over fjellet.

På sørsida av hovudvegen, forbi „Garmannshuset“, finn ein det nyrestaurerte kvernhuset nedanfor brua, og “Mjedlasmia“. Her går den gamle ferdselsveien over Tveitane til Kvisti. Dette er idag ein populær turveg. På toppen ligg murane etter husmannsplassen med både grunnmur og fjøs. Siste eigar var skomakaren „Magne på Tveitane“.

I eldre tider brukte folket på Hausberg ein stupbratt sti frå toppen og ned mot Mjeldavatnet når dei skulle til kyrkja. Dei song alltid ein salme før nedstiginga. Sverre Hausberg skriv i Årbok 1978 Frå Fjon til Fusa om denne vegen: "Den snøggaste vegen ned til Mjeldalen var gjennom Gåtna ned til husmannsplassen Helgestø, ein svært bratt og fårleg veg å fara vinters dag. Ikkje underleg at folk fortalte at dei høyrde salmesong høgt ovafrå av Hausbergfolka på kyrkjeveg: «Fra himmel høyt jeg kommer her.... Denne gangstigen var i bruk til åra 1927-1930." Det vert sagt at mor til Magne på Tveitane vart båren på ryggen nedover her då ho skulle flytta frå Hausberg og heim til han.

Ved Mjeldavatnet

Elva gjennom Mjeldalen renn ut i Mjeldavatnet, samstundes som saltvatn frå fjorden renn inn gjennom Straumen når sjøen flør. Dette skjer kvar sjette time, og vatnet er såleis ei blanding av ferskvatn og sjøvatn. Innerst ved Mjeldavatnet heiter det „Råkjæ“ og her er det verhardt. Sønnavinden på sitt verste slær attende og piskar opp vatnet til eit einaste råk med både is og vatn oppover lia og heilt over Åsheimfjellet på det verste om vinteren. Innst i vatnet låg også Råkanaustet (no borte), og her er grensa mot Åsheimgardane. Her i Råkjæ var det også ein husmannsplass. Det vert sagt at forfattaren Claes Gill har røter frå denne plassen. Under det bratte berget mot Mjeldavatnet ser ein tuftene etter husmannsplassen Helgestøa.

På landtunga midt i vatnet, Tufta, låg det også ein husmannsplass. Det er råd å koma seg dit langs vatnet ved fjære sjø. Litt oppe i lia, over Hansdalstunet låg husmannsplassen Bakken. I dag er våningshuset restaurert med torvtak, slik det var frå gamalt av. Huset hadde steingolv og todelt dør, og her budde Marta Mjelde (“Bakkamaita“), heilt fram til 1950-talet. Ho opna alltid berre den øverste delen av døra før ho såg kven som kom. Bakkane kring huset var dekte av gule påskeliljer og kvite pinseliljer om våren.

Litt forbi stokkabrua over elva ligg „Leisteinen“. Det er ein stor lang kvilestein på høgre side av vegen. Namnet kjem frå den tida det var ein liten bakke ned mot elva (Leitesteinen) før vegen vart lagt om. Steinen er eit minne om kraftkaren Mons Olsen Nedre Mjelde, Gamle-Hansdalen, som han vart kalla. Den over tre tonn tunge steinen låg opphaveleg øverst i Vågsliteigane inn mot Kyrkjerindsdalen. Mons fann steinen under dyrkingsarbeid, og tykte at han ville høva til kvilestein nede på Leitet. Dette var i slutten av 1880-åra. Mons samla mannskap, og den store steinen vart dregen på ein diger steinslede av Hansdalen sin kjempesterke hest. Just som steinen kom på plass, sprakk han (Gardssoga s 52).

På venstre side litt lengre framme er store steinmassar tekne ut og fylt i vatnet. Her hadde BIR ein miljøstasjon (2014) og området er no teke i bruk til næringsføremål .

På andre sida av Åsheimfjellet, nede i den bratte lia langs fjorden, fins det ein steinheller som heiter “Storeovnen”. Frå denne helleren skal det gå ei renne med lause masser tvers gjennom fjellet mot Mjeldavatnet. Renna kjem ut oppe i berget omlag der grensa mot Åsheim går. Segna fortel at berre ein katt har kome seg igjennom, men han var hårlaus då han kom fram.

Ein liten bakketopp på vegen forbi vatnet vart kalla “Krossen”. Namnet kan tyda på religiøs tilknyting på same måte som Hovåsen i Midt Mjelde. Her startar den bratte og svingete gamlevegen opp til Åsheimgardane. Litt forbi Krossen stod isbryggja til Haus Meieri, som kom i drift frå 1898.

Utviklinga

Store deler av fjellsidene er i dag dekt av granskog som vart planta på 40-50 talet. Andre stader har Osterøyplanten "braken" teke over. Gardstuna ligg framleis velhaldne på begge sider av hovudvegen nedover, men den moderne tid har sete sitt preg på både kulturlandskap, våningshus og driftsbygningar. Dei gamle grindaløene stetta ikkje lenger dagens krav, men framleis fins det att løer frå tidlegare tider. Enno er den gamle vakre byggestilen å sjå i våningshusa enkelte stader. Heile Haus-området med Mjeldalen, Veset og Rolland er med sin landfaste nærleik til Bergen vert eit pressområde. Sjølve Osterøybrua er forlengst nedbetalt, og brulånet som også finansierte ny vei og tunell Hauge-Lonevåg var ferdig betalt i 2014. Det spørs kor lang tid vil gå før Osterøy kommune må frigje byggeland slik det er gjort i andre bygdelag som ligg mindre sentralt til.

Kjelder

  • Torstein Selvik, "Gardssoga for Mjedlagardane", Osterøy Sogelag
  • Lars Ådna: "Ættarbok for Haus Sokn", Haus Sogenemnd 1959 (del Mjeldalen)
  • "Vegalangs på Osterøy, ei kulturhistorisk reise", Osterøy Sogelag 2016. Delar av denne wiki-artikkelen er gjengjeven i kapittelet om Mjeldalen.
  • Per Fett, "Førhistoriske minner i Nordhordland", Historisk Museum, Uib, 1965
  • Stadnamn i Haus, Haus Sogenemnd 1971
  • Om altaret i gamle Mjelde kyrkje, Bygdanytt 28. nov. 2015