Moa (Ålesund)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Moa er eit næringsområde i Ålesund kommune. Området ligg i Spjelkavik, om lag ei mil aust for Ålesund sentrum. Den dominerande verksemda her er Amfi Moa, det fjerde største kjøpesenteret i Noreg.

Historikk

Namnet kjem frå garden Moa, som Ålesund kommune kjøpte tidleg på 1900-tallet. På den 200 mål store garden dreiv byborgarane med matauk, og ei stund vart arbeidslause sett til nødsarbeid her. Jordene på Moa vart gjødsla med innhaldet i tønnene frå utedoane i byen.

På 1930-talet vart det diskutert om det skulle byggast flyplass for Sunnmøre her. Valet sto mellom Vigra (som seinare vart vald) og Moa. Den 14. desember 1933 sto det i avisa Møre at «Kaptein Riiser-Larsen er i Ålesund i desse dagar, og ser på dei påtenkte fjukeplassar, både på Vigra og Moa i Spjelkaviki. Båe stader er det godt høve til utbygging, men Moa hev den store fyremun at det er landfast. Det vil no verta kartlegging og utrekningar, for å få på det reine ogso den økonomiske sida ved saki.»[1]

Etter andre verdenskrig var det to industriverksemder i Moa-området, nemlig Stokke fabrikker og Spjelkavik skofabrikk. I 1970 vart også resten av Moa omregulert til næringsføremål. Det fyrste varehuset i området opna i 1972, og seinare kom Moa Butikksenter (1983), Moa Syd (1991) og Moagård (1995). Desse sentra vart i 2000-åra samanbygde til eitt stort varehus, Amfi Moa.

Verksemder

Referansar

  1. Møre, 14. desember 1933. Digital versjonNettbiblioteket.

Kjelder og litteratur