Moderate Venstre

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 16. feb. 2016 kl. 08:43 av Cnyborg (samtale | bidrag) (Ny side: '''Moderate Venstre''' (MV) var eit politisk parti som vart danna av utbrytarar frå Venstre før stortingsvalet 1888, då dei fekk 23 stortingsrepresentantar. Leiarane var [...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Moderate Venstre (MV) var eit politisk parti som vart danna av utbrytarar frå Venstre før stortingsvalet 1888, då dei fekk 23 stortingsrepresentantar. Leiarane var Jacob Sverdrup og Baard Madsen Haugland. Partiet hadde særleg støtte på Vestlandet.

Frå 1895 til 1898 var MV del av Francis Hagerup si første regjering, saman med Høgre og Venstre. Dei var også med i Christian Michelsen si regjering (1905–1907) saman med Venstre, Høgre og Samlingspartiet og Jørgen Løvland si regjering (1907–1908) saman med Venstre og uavhengige representantar.

I 1906 gjekk partiet inn i Høgre.

Litteratur