Moldøyna (Fedje gnr 170 bnr 3)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 14. apr. 2023 kl. 17:49 av Arvid Skogseth (samtale | bidrag) (Lenking)
Hopp til navigering Hopp til søk
Moldøyna
S423.170.3.IMGL7646.jpg
Moldøyna i 2021. Bak frå venstre bnr 79 og bnr 10 (jf bnr 3). I midten frå venstre bnr 12, bnr 70, bnr 20 og bnr 31. Nausta ligg fremst. Nr 2 frå høgre er hytta på bnr 46. Gulen i bakgrunnen.
Foto: Karsten Madsen
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 170
Bnr: 3
Adresse: Skotholmevegen 29

Moldøyna er eit tidlegare bruk i Fedje kommune. Dette bruket vart stundom kalla Søre Moldøyna fram til rundt 1800, sameleis som med gnr 170 bnr 2.

1. Mons er den første brukaren her, etter at det var to bruk på Moldøyna. Han er nemnd på skattelistene frå 1608 til 1617.

2. Jon Olsen er brukar frå 1625, den første tida med halv skatt. I koppskatten 1645 hadde han kona Anna og ein dreng. Året etter er han borte.

3. Anders Jensen er nemnd i tingboka 1652, då han vart stemna for gjeld, sjå Eide gnr 168 bnr 15-2. Han er ikkje med i skattelistene.

4. Neste brukaren me finn her, er Thomas f. 1636 ifølgje manntalet 1666. Han var då 30 år gammal, og hadde sonen a. Henning Thomassen 5 år. Thomas brukte ein firedel av Moldøyna. Korleis det gjekk med han og sonen sidan, er ukjent.

5. Jon var brukar her frå 1691 til 1694. I 1691 og 1692 brukte han halve Moldøyna, og i 1694 ein firedel. Han er borte før 1701.

6. Lars Olsen f. 1661 er oppført her i manntalet 1701, 40 år gl og gift. Han og kona (ukjent namn) betalte skoskatt i 1711 med 12 skilling. Ein kan ikkje sjå at dei hadde born.

7. Jakob Gudmundsen f. 1681 d. 1747, 71 år gl., var brukar her frå 1712 til han døydde. Han var truleg frå garden Austrheim, og tente der i 1701, 20 år gl (jf Austrheimb. III s 47). Han fekk tinglyst bygselbrev her i 1721 frå Dankert Dankertsen.

Born: a. Kari Jakobsd f. 1712. b. Marta Jakobsd f. 1715. c. Marta Jakobsd f. 1718. Lagnaden deira er uviss.

8. Nils Hansen f. 1718 d. 1772 g. 1745 m. Kari Monsd f. 1719 d. 1765 var brukarar her frå 1746 til 1751, seinare var dei på Midt-Tangen (gnr 168 bnr 26-11), der heile familien er ført. Nils fekk tinglyst bygselsetel her i 1745 frå fru Gjertrud Dankertsen på 18 merker fisk (⅕ av Moldøyna).

9. Siri Guttormsd f. 1719 d. 1779 g. 1750 m. Mons Knutsen f. 1722 fekk bygselsetel frå fru Gjertrud Dankertsen i 1751 på 18 merker fisk. Dei budde her berre eit par år, og kom så til Nedst-Tangen (gnr 168 bnr 27-8), der heile familien er ført.

10. Halvor Johannessen f. 1727 Kårdalen, Lindås d. 1770 (son av Johannes Halvorsen, jf Lindåsb. IV s 140) g.1.g. 1752 m. Synneva Kristiansd f. 1725 Muren (gnr 168 bnr 18-8b) d. 1753. Dei fekk ei dødfødd dotter i 1753.

Sildefiske 1935, Moldøyna til venstre med bnr 2 og bnr 3. Nord-Tangen til høgre.

11. Enkjemannen Halvor Johannessen (10) g.2.g. 1754 m. Sissel Jonsd f. 1731 Kopper (gnr 168 bnr 1-11c). Dødsfalla deira er ikkje førde i kyrkjeboka, Halvor sitt dødsår er etter militær rulle.

Born: a. Erik Halvorsen f. 1754 d. 1789, neste brukar (12). b. Johannes Halvorsen f. 1757 d. 3 veker gl. c. Anna Halvorsd f. 1759 d. 8 veker gl. d. Jon Halvorsen f. 1761 d. 1777 ifølgje militær rulle. e. Anna Halvorsd f. 1763, ukjend lagnad.

12. Erik Halvorsen f. 1754 på dette bruket (11a) d. 1789 (ifølgje militær rulle) g. 1786 m. Barbra Arnesd f. 1756 Synnevågen, Austrheim (dotter av Arne Gunnarsen f. 1710 d. 1768 og Gjertrud Andersd, sjå Austrheimb. I s 401). Ingen born. Dei var truleg brukarar her frå giftarmålet. Enkja Barbra g.2.g. 1793 m. Sjur Olsen f. 1743 Dyrdal, Aurland i Sogn d. 1811, bustad Fonnes i Austrheim (jf Aurlandsb. II s 5 og 490, og Austrheimb. I s 222, ho døydde kort tid etter bryllaupet).

13. Kari Olsd f. 1750 Nordre Njøta, Austrheim d. 1802 (søster til Steffen Moldøyna gnr 170 bnr 2-11, sjå der og Austrheimb. I s 564) g. 1793 m. Jørgen Monsen f. 1772 Syslok, Lindås (jf Lindåsb IV s 48). Dei budde først på Rongeværet i Austrheim, der sonen er fødd (jf Austrheimb. III s 661). Dei kom til Moldøyna før 1796, då «Jørgen Molløens k. Kari Olsd» stod fadder dette året. Bygselbrev er ikkje tinglyst. Jørgen må vera død om lag 1800, utan at dødsfallet er skrive i kyrkjeboka. Ved folketeljinga 1801 var Kari enkje og tenar på Synnevågen i Austrheim (sjå Austrheimb. I s 401).

Barn: a. Mons Jørgensen f. 1793 d. 1800.

14. Even Larsen f. 1765 Litle Haugsøyna, Masfjorden d. 1825 (son av Lars Helgesen d. 1795 og Ingeborg Thomasd, sjå Masfjordb. I s 92, Even var bror til Gjevle Husa gnr 168 bnr 8-2) g. 1791 m. Olea Persd f. 1769 Fonnes, Austrheim d. 1837 (jf Austrheimb. I s 238, dotter av Per Nilsen f. 1730 d. 1782 og Turi Olsd). Brukarar her frå 1801 med bygselbrev frå stadshauptmann Kristoffer Kahrs på 9 merker fisk (⅒ av heile garden). Dei var tidlegare på Straumstad i Austrheim (jf Austrheimb. II s 433) og Husa (gnr 168 bnr 7-10). Ved takseringa i samband med jordavgifta 1802 vart verdien av bruket sett til 20 rdl. Fiskeria var hovudnæringa. I folketeljinga 1801 budde Even og Olea her med borna Per og Anna Maria.

Born: a. Petrikka Evensd f. 1792 d. før 1801. b. Per Evensen f. 1795 g. 1820 m. Olea Arnesd f. 1785 Bergsvika, Austrheim d. 1845 (jf Austrheimb. III s 238). Ingen born, men Per fekk med Brita Kristensd f. 1788 Leikvoll, Austrheim (sjå Austrheimb. I s 656 og 684) dottera ba. Anne Maria Persd f. 1822 Bergen. Olea var då sagt å bu på Sætre i Austrheim. Ho døydde som enkje på Leikvoll, Per sitt dødsfall er ikkje funne. c. Anna Maria Evensd f. 1800 d. 1812. d. Turi Evensd f. 1805 d. 1830 på Sætre i Austrheim, ugift. e. Hans Evensen f. 1809 d. 14 dg gl.

Even og Olea gav frå seg bygsla i 1811, og flytta til Austrheim, der Even døydde i Budalen (sjå Austrheimb. II s 132). Enka Olea vart g.2.g. 1833 m. em. Anders Johannessen f. 1766 Øvretveito i Lindås d. 1847, dei budde på Kaland i Austrheim (jf Austrheimb. I s 139 og Mykingb. s 446 (nr 3e), foreldra hans flytta seinare til Saltneset i Lindås, sjå Lindåsb. IV s 18).

15. Anders Olsen f. 1787 Vika (gnr 168 bnr 28-10c) d. 1813 g. 1812 m. Ingeborg Simensd f. 1787 Bergsvika, Austrheim d. 1844 (dotter av Simen Monsen f. 1758 d. 1804 og Marta Nilsd f. 1755, jf Austrheimb. III s 216). Ingeborg var søster til Nils Moldøyna gnr 170 bnr 6-8. Ingen born. Bygselbrev frå fru Katarina Kahrs i 1811 på 9 merker fisk (⅒ av Moldøyna). Anders omkom på sjøen i 1813 saman med faren Ola og broren Mons, alle vart attfunne.

16. Enkja Ingeborg Simensd (15) g.2.g. 1817 m. Ola Olsen f. 1784 Vika (gnr 168 bnr 28-10b) d. 1839. Ola var bror til Ingeborg sin første mann, og dei fekk kongeleg løyve til giftarmålet i 1816.

Born: a. Anders Olsen f. 1815 d. 1872, neste brukar (17). b. Ola Olsen f. 1817 d. 1846, ugift. c. Johanna Olsd f. 1820 d. 1879 g. 1858 m. Mikkel Jetmundsen f. 1832 Toftegård, Austrheim d. 1906, budde i Træsneset (husmenn 1). d. Anna Olsd f. 1823 d. 1883, seinare brukar (19). e. dødfødd dotter f. 1827.

17. Anders Olsen f. 1815 på dette bruket (16a) d. 1872 g. 1841 m. Brita Thomasd f. 1815 Berge (gnr 168 bnr 21-7a) d. 1862. Bygselbrev 1841 frå Kristoffer og Arnold Kahrs på ny skyld 8 skilling, eller ⅒ av Moldøyna. Dette vart auka til 16 skilling (⅕) ifølgje panteregisteret 1851. Anders og Brita hadde i 1845 1 ku og 1 sau, og sådde ¼ tn både av havre og potet. I 1855 var dyretalet auka til heile 4 storfe og 3 sauer, medan utsådet var ¼ tn havre og ⅛ tn potet.

Når det gjaldt barnefødslane, fekk dei ein tragisk utgang for Anders og Brita.Dei fekk heile sju dødfødde born (seks gutar og ei jente) i tida 1841 til 1853. Det må truleg ha hatt noko med blodtypen å gjera.

Det var skifte etter Brita i 1863, med arvingane enkjemannen Anders og søskena hennar frå Berge. Det var lausøyre for 42 spd i buet, medan gjelda var på vel 22 spd og skiftekostnadene over 4 spd, slik at det vart 15 spd igjen. Dei hadde m.a. ei ku, ei kvige, ein kalv, to sauar, to vårsildegarn, eit torskegarn, tre fisketeiner, eit fiskesnøre med stein, ein linevad, ein fireåra båt med tilhørsle, og elles vanlege ting av jern, tre og sølv.

18. Enkjemannen Anders Olsen (17) g.2.g. 1867 m. Kari Larsd f. 1816 på Austrheim d. 1890 (sjå Austrheimb. III s 113, dotter av Lars Halvorsen f. 1787 d. 1840 og Marta Bessesd f. 1786 Nord-Tangen gnr 168 bnr 25-13c d. 1841). Ved matrikkelforarbeidet i 1863 var buskapen oppgjeven til 1,1 kyrlag og utsådet ¼ tn havre og ⅜ tn potet. Avlinga var på 1 tn havre, 1½ tn potet og 70 våger høy. Det var 0,4 mål dyrka åker og eng, og 6,6 mål naturleg eng. Beitemarka låg fint til, var i dårleg stand, men tilstrekkeleg til buskapen. Likevel vart det nytta lyng og tare som tilleggsfôr. Garden hadde nok med torv til brensel. Den var tungdriven, men godt dyrka.

19. Anna Olsd f. 1823 på dette bruket (16d) d. 1883 g. 1864 m. Mons Endresen f. 1834 Byrknes d. 1868 (son av Endre Jonsen f. 1802 d. 1865 og Anna Monsd f. 1794 d. 1854, sjå Gulenb. III s 188). Mons var brorson til Margrete Moldøyna gnr 170 bnr 6-10. Anna og Mons var brukarar her frå giftarmålet. Bygselbrev først tinglyst 1868 frå Kristoffer og Arnold Kahrs mot kår til dei førre brukarane (18). I 1865 var dyretalet 4 storfe og 1 sau, og utsådet ⅜ tn havre og ½ tn potet. I 1875 hadde Anna 1 ku og 4 sauer, og sette 1½ tn potet.

Ingen born saman, men Anna hadde med Mikkel Olsen f. 1830 Byrknes (han var halvbror til Anna Husa gnr 168 bnr 63-1, og morbror til Sjur Stormark gnr 172 bnr 30-1, jf Gulenb. III s 220) sonen a. Ole Mikkelsen f. 1853 Gulen d. 1934, neste brukar (20).

20. Ole Mikkelsen Moldøy f. 1853 frå dette bruket (19a) d. 1934 g.1.g. 1874 m. Kari Larsd f. 1847 Sulo (gnr 169 bnr 34-1a) d. 1878 (barselseng). Skøyte 1878 på dette bruket frå Fedje Torvkompagni for 520 kr og kår til Ole si mor (19). I 1875 hadde Ole og Kari 1 ku, 1 kalv og 3 sauer, i tillegg til det som mor hans hadde.

Born: a. dødfødd son f. 1876. b. Olina Karina Olsd f. 1878 d. 1961, seinare brukar (22).

21. Enkjemannen Ole Mikkelsen Moldøy (20) g.2.g. 1879 m. Petrikka Andersd f. 1848 Husa (gnr 168 bnr 11-6f) d. 1937. Dei sat med bruket til 1930, då dei fekk kår frå nr 22. Ny matrikkelskyld ifølgje matrikkelen i 1890 er på 0 mark og 23 øre. Utanom jordbruket var Ole fiskar. Han førte òg posten til Holmengrå fyr ei tid. Han var med i formannskapet i Lindås herad frå 1908 til 1910, i tillegg var han heradsstyremedlem frå 1896 til 1904.

Born: a. dødfødd son f. 1880. b. Anders Olsen f. 1882 d. 1887 (drukna). c. Anna Olsd Moldøen f. 1885 d. 1972, fekk skøyte på stova på dette bruket i 1930, sjå gnr 170 bnr 20-1.

Martine Olina Martinsd f. 1890 vaks opp her, sjå Smineset (gnr 169 bnr 19-1ca).

22. Olina Karina Olsd Moldøen f. 1878 på dette bruket (20b) d. 1961 g. 1901 m. Hellemann Andreas Henriksen f. 1879 Neset, Austrheim d. 1940 (jf Austrheimb. III s 119, son av Henrik Olai Desideriansen f. 1846 og Brita Olsd f. 1844). Andreas var fiskar. Han og Olina fekk frådelt ei tomt i 1913 og sette opp hus der, bnr 7. Då dei fekk skøyte på dette bruket i 1930 (for 525 kr), vart bnr 7 samstundes samanføydd med dette bruket igjen. Olina og Andreas heldt fram med å bu i det huset dei hadde sett opp på bnr 7, medan kårfolka (nr 21) hadde den gamle stova (bnr 20). Sjå òg gnr 170 bnr 12.

Born: a. Anders Kristoffer Andreassen f. 1902 d. 1910 (difteri). b. Henrik Bertin Andreassen f. 1903 d. 1961, neste eigar (23). c. Olav Andreassen f. 1905 d. 1910 (difteri, 7 dg etter a.). d. Alfred Olai Andreassen f. 1906 d. 1970, ugift, budde på Moldøyna gnr 170 bnr 12-2. e. Petter Kornelius Andreassen f. 1908 d. 1915 (ulykke). f. Dina Lovisa Andreasd f. 1910 d. 1991 g. 1931 m. Gustav Rasmussen Moldøen f. 1903 (gnr 170 bnr 5-16k) d. 1972, brukarar der (18). g. Anders Olav Andreassen Moldøen f. 1913 d. 1980, ugift, bakar, budde i Bergen, gravlagd Fedje. Sjå òg gnr 170 bnr 9. h. Olga Amanda Andreasd f. 1914 d. 2001, sjå Moldøyna gnr 170 bnr 12-3. i. Petter Kornelius Andreassen Moldøy f. 1917 d. 1990 g. 1944 m. Aslaug Mongstad f. 1917 Kremmarholmen (gnr 169 bnr 6-3c) d. 2008, busette på Moldøyna gnr 170 bnr 20-2. j. Karl Johan Andreassen Moldøen f. 1919 d. 1947, ugift, omkom på brugdefangst i Nordsjøen i ulykke med harpun, fall over bord, ikkje attfunnen.

Aureoppdrett ved Moldøysundet, vart drive om lag tre år rundt 1970 av Godtfred Moldøen og Ole Fanebust (Nord-Tangen).

23. Henrik Andreassen Moldøy f. 1903 på dette bruket (22b) d. 1961, fiskar, hadde M/S «Moldøy», g. 1931 m. Anna Andreasd f. 1904 Mulen (7c) d. 1978. Dei fekk frådelt ei tomt i 1934 (bnr 10), og bygde hus på den same året. I 1948 fekk Henrik skøyte på dette bruket for 1500 kr og kår til mora. Ho fekk same året skilt ut tomta der våningshuset stod, og budde vidare der, sjå gnr 170 bnr 12-1.

Born: a. Godfred Moldøen f. 1932, neste eigar (24). b. Anny Oliva Moldøy f. 1937 d. 1993, hjelpepleiar, g. 1957 m. Ole Martin Sunde f. 1934 Kvinnherad d. 2019, vernepleiar, busette der (jf Kvinnheradb. IV s 341), budde i Nærbø, Jæren frå 1959 til 1975. Sjå òg Moldøyna gnr 170 bnr 46-1. c. Olaug Ellinor Moldøy f. 1939, butikkmedarb., g. 1959 m. Kåre Olav Polden f. 1937 Fjell (jf Fjellb. III s 105), stuert, bustad Bergen. Sjå òg Muren (gnr 168 bnr 72-2). d. Berit Tordis Moldøy f. 1940 g. 1967 m. Dagfinn Bakken f. 1940 Øygarden, bygde på frådelt tomt gnr 170 bnr 31-1. e. Alfhild Moldøy f. 1946, kontormedarbeidar, g. 1972 m. Jacob Gaalaas f. 1926 Oslo d. 1990, bustad Bergen. Deira dotter Snefrid, sjå Svena gnr 168 bnr 131-2.

24. Godfred Moldøen f. 1932 på dette bruket (23a) samb.m. Else Miranda Mørner f. 1934 Bergen d. 2018, busette der, flytta seinare til Rong i Øygarden. Godfred fekk skøyte her i 1974.

25. Stian Stokholm Rognsvåg f. 1967 Svena (gnr 170 bnr 18-1aa), fiskar, losbåtførar, var samb.m. Gunnbjørg Selnes f. 1974 Kvinnherad. Stian fekk skøyte her i 1992. Ho flytta til Haugesund.

Born: a. Thor Arne Selnes Rognsvåg f. 1996, bustad Haugesund. b. Gro Susanne Selnes Rognsvåg f. 1998 samb.m. Daniel Sæle f. 1995, bustad Skånevik i Etne.

Stian var g.m. Iris Waage f. 1976 (gnr 172 bnr 145-1a). Ho flytta til Husøyna (gnr 168 bnr 336-4).

Born: c. Hanne Leah Birtilid Waage Rognsvåg f. 2005. d. Stina Elisabeth Waage Rognsvåg f. 2006. e. Kirsti Margrethe Waage Rognsvåg f. 2007.

Leigebuarar:

26. Olav Strømstad f. 1967 Bergen, kokk, samb.m. Turid Solheim f. 1961 Bergen, servitør, budde her då dei var vertskap på Kræmmerholmen AS (gnr 169 bnr 109) frå 1992 til 1994. Dei flytta då til Bergen (sjå Austrheimb. I s 441).


Fedje komm.svg Moldøyna (Fedje gnr 170 bnr 3) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Moldøyna (Fedje gnr 170 bnr 2) • Neste bolk: Moldøyna (Fedje gnr 170 bnr 4)