Moldøyna (Fedje gnr 170 bnr 5)

Moldøyna er eit av dei eldre gardsbruka i Fedje kommune. Dette bruket vert stundom kalla Nordre Moldøyna fram til rundt 1800, sameleis som med gnr 170 bnr 6.

Moldøyna
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 170
Bnr: 5

1. Mikkel er oppført på skattelistene frå 1628 til 1633, den første tida med halv skatt. Moldøyna vart då delt i tre bruk.

2. Rasmus var den neste her, han er nemnd frå 1636 til 1641. Huskona Gjertrud Nilsd oppført i koppskatten 1645 kan ha vore kona hans. Ho vart stemna på hausttinget i Lindås 1643 fordi ho skulle ha stole nokre linklede frå Gjertrud Kopper (gnr 168 bnr 1-7), men møtte ikkje og måtte betala stemnefall med 1 mark sølv. Ho er òg nemnd i ei sak på vårtinget 1651, sjå Eide nr 2. Rasmus fekk 17 rdl i bot i 1640 for utskjelling og slagsmål med Håkon Blåstokken (husmenn 1).

3. Knut Sveinsen er ny brukar her frå 1646. Kanskje var han gift med enkja Gjertrud? Han betalte 3 mark sølv eller 1,5 rdl for førstebygsla i 1648. Han var frå Soltveit i Radøy, for på hausttinget i Radøy i 1648 vart han stemna av broren Johannes Soltveit (sjå Radøyb. I s 66). Det gjaldt eit åkle og ein kvitel (sengeteppe) som Knut skulle ha teke og ført til Fedje. Men Knut sa han hadde fått det i arv. Johannes hadde drege til Fedje og teke tinga tilbake, men vart dømd til å betala 3 mark sølv for brot mot lova, og å føra tjuvegodset tilbake til Knut. På hausttinget i Lindås i 1648 vart Knut stemna av kjøpmannen på Fedje Anders Persen (Ertsholmen 1) for ubetalt gjeld. Her går det fram at Knut hadde teke over bruket etter Rasmus (2). Han kunne ikkje nekta for gjelda, men skyldte på fattigdom. Han fekk ein frist på 14 dagar til å gjera opp for seg. Han vart ikkje meir populær då han vart klaga av naboane i 1650 for småtjuveri, då han hadde teke opp fiskelinene deira. Straffa var streng, han vart dømd til å røma lenet. Men han vart no verande ei tid til, for i 1653 er han atter ført opp i tingboka. Det gjaldt ein avtale med tidlegare nemnde Anders Persen, truleg om betaling av gjeld. Knut vart stemna på tinget, men møtte ikkje, og fekk for det ei bot på 1 mark sølv. Etterpå var han ikkje lenger å finna på Moldøyna.

4. Ingebrigt er ny brukar ifølgje manntalet 1666, med alder 26 år. Han brukte ein firedel av Moldøyna. Noko meir veit me ikkje om han.

5. Halvard er oppført på skattelista 1694 som brukar av halve Moldøyna. I 1696 er han nemnd i ei sak på tinget. Han hadde kjøpt ei stolen sølvsnor frå Nils Olsen Kolås i Lindås (jf Lindåsb. III s 496).

6. Rognald Knutsen er oppført her i manntalet 1701, 32 år gammal. Han hadde tenaren Ola Olsen Øksneset 30 år (Austrheimb. III s 447). Han var gift, for «salig Rognald Moldøens enke» er nemnd i tingboka 1708. Då var altså Rognald død. Det ser ikkje ut til at han hadde born.

7. Johannes Eriksen og kona Synneva er brukarar her frå omkring 1703. I 1711 betalte dei skoskatt med 12 skilling for dei to. Bygselbrev tinglyst 1721 frå Dankert Dankertsen. Johannes er nemnd siste gong i skattelistene 1726.

Born: a. Magdeli Johannesd d. 1737, neste brukar (8). b. Knut Johannessen f. 1705. c. Marta Johannesd f. 1707. d. Kari Johannesd f. 1709. e. Johannes Johannessen f. 1716. Lagnaden til dei fire yngste borna er ukjend.

8. Magdeli Johannesd f. på dette bruket (7a) d. 1737 g.m. Erik Monsen. Det var skifte etter Magdeli i 1737. Sonen Thomas var arving med faren som formyndar, dottera Marta må såleis vera død. Det var mindre enn ein halv riksdalar i arv, så det var ikkje store buet.

Born: a. Thomas Eriksen f. 1731, neste brukar (9). b. Marta Eriksd f. 1736 d. som spedbarn.

9. Thomas Eriksen f. 1731 på dette bruket (8a) g. 1754 m. Femja Larsd f. 1727 Børo (gnr 168 bnr 24-11a) d. 1764. Brukarar her frå giftarmålet. Thomas fekk tinglyst bygselsetel frå fru Gjertrud Dankertsen i 1755 på 18 merker fisk (⅕ av Moldøyna).

Born: a. Magdeli Thomasd f. 1755. b. Alis Thomasd f. 1757.

Etter at kona døydde, flytta Thomas med borna til Bergen i 1767. Det er nemnt i ei militær rulle at han seinare var på Glesnesholmen i Sund (jf Sundb. IV s 76), truleg g.2.g. m. enkja Kari Larsd og g.3.g. 1778 m. Guri Jensd f. 1745 d. 1826.

Barn: c. Jens f. 1779 d. 1833, bustad Sletten i Fana, Bergen (jf Fanab. IV s 722).

10. Jon Gudmundsen er oppført på ekstraskattelista frå 1762 til 1770, og var truleg på dette bruket. Året etter er han borte. Han vert òg kalla Jetmundsen. Det einaste sporet han har late etter seg i kyrkjeboka, er at han stod fadder i 1763, så han ser ikkje ut til å ha hatt verken kone eller born.

11. Anna Jonsd f. 1725 Sulo (1a) d. 1804 g. 1758 m. Ola Nilsen f. 1735 Dyrneset, Austrheim d. 1804 (sjå Austrheimb. III s 322, son av Nils Hansen f. 1708, og bror til Nils Nilsen, jf Stuberg husmenn 1). Dei budde først på Mulen (1), der borna er fødde. Så var dei på Skotholmen, sjå der (9). Dei var brukarar her frå 1775, men brukte òg framleis Skotholmen ei stund. Av takseringa i samband med jordavgifta 1802 går det fram at dei brukte ⅕ av Moldøyna, med landskyld 18 merker fisk. Verdien av bruket vart sett til 40 rdl. Fiskeria var hovudnæringa. Ved folketeljinga 1801 budde Ola og Anna her toeine. Ola var los.

Born: a. Inger Olsd f. 1758 d. 1789, ugift. b. Hans Olsen f. 1760 d. 1766. c. Jon Olsen f. 1763 d. 14 veker gl. d. Hans Olsen f. 1766 d. 1787, ugift. e. Kari Olsd f. 1769 d. 1816, neste brukar (12).

12. Kari Olsd f. 1769 på dette bruket (11e) d. 1816 g. 1789 m. Mikkel Knutsen f. 1762 Risa, Lindås d. 1816 (jf Lindåsb. IV s 365, son av Knut Hansen f. 1692 d. 1764 og Anna Mikkelsd f. 1730 d. 1799). Ingen born. Brukarar her saman med nr 11. Ifølgje ei militær rulle var det først på Skotholmen (gnr 170 bnr 1-11), som ei tid vart brukt saman med dette bruket på Moldøyna. Dei er seinare oppførte her. Takseringa i samband med jordavgifta 1802 syner at dei slik som nr 11 brukte ⅕ av Moldøyna, med landskyld 18 merker fisk. Verdien av bruket vart sett til 40 rdl. Fiskeria var hovudnæringa.

13. Rognald Rognaldsen f. 1785 Åråsvågen, Austrheim d. 1855 (jf Austrheimb. II s 329, son av Ragnhild Hansd og Rognald Nilsen f. 1763 d. 1785, som var bror til Mikkel Nilsen Muren 11) g. 1814 m. Kari Olsd f. 1780 Litle Sleire, Masfjorden d. 1851 (dotter av Ola Andersen f. 1740 og Femja Sjursd f. 1745, sjå Masfjordb. I s 200 og Mykingb. s 666). Dei budde først i Holmen (16), og vart brukarar her frå 1817 utan at bygselbrev er tinglyst. Dei må ha brukt både dei ⅕ som nr 11 hadde, og dei ⅕ til nr 12, i alt ⅖ av Moldøyna.

Born: a. Marta Rognaldsd f. 1814 d. 1816. b. Ola Rognaldsen f. 1816 d. 10 veker gl. c. Martinus Rognaldsen f. 1817 d. 1872, neste brukar (14). d. Ola Rognaldsen f. 1820 d. 3 dg gl.

14. Martinus Rognaldsen f. 1817 på dette bruket (13c) d. 1872 g. 1839 m. Olina Jensd f. 1812 Byrknes d. 1891 (jf Gulenb. III s 243). Olina var søster til m.a. Tøger Kopper (bnr 1-19), sjå der. Bygselbrev frå Kristoffer Kahrs i 1839 på 18 merker smør i Moldøyna, eller ⅖ av garden. Dei gav frå seg bygsla i 1850 til neste brukar (15), og vart innerstar her, før dei flytta til Børo omkring 1855, sjå under husmenn 5 der. I 1845 hadde dei 2 storfe og 3 sauer, og sådde ¼ tn av både havre og potet. Som innerstar på Børo i 1865 hadde dei 2 sauer.

Born: a. Karen Martinusd f. 1840 d. 1921, utflytta 1866 til Nordland, g. 1867 Bø i Vesterålen m. Ole Ellingsen f. 1819 Sogndal d. 1902, han budde då på Sund i Bø. Han var jekte- og krambueigar, og dei budde seinare på Røsnes i Hamarøy. b. Jens Martinussen f. 1841 d. 1872 på Apalbakken i Lindås, matros, hadde med Brita Rasmusd f. 1836 Synnevågen, Austrheim d. 1895 (jf Austrheimb. I s 386) sonen ba. Bernt Martin Jensen f. 1864 Austrheim d. 1944 g. 1893 Bergen m. Petra Karina Simonsd f. 1872 Gulen d. 1946, budde i Bergen. c. Rognald Martinussen f. 1843 d. 1846. d. Anna Martine Martinusd f. 1845 d. 1933 g. 1872 m. Kristian Fredriksen f. 1848 Krossøyna, Austrheim d. 1933, 3 md etter kona (mora var Gjertrud Thomasd f. 1805 d. 1859, sjå Grenda 9ba), budde først nokre år der (jf Austrheimb. III s 584 og 594), før dei flytta til Røsnes i Hamarøy, der Anna si søster budde. e. Lars Martinussen f. 1848 d. 4 md gl. f. Elisabet Martinusd f. 1850 d. 3 dg gl. g. Lars Martinussen f. 1851 d. 1872, sjå nedanfor. h. Ole Martinussen Ophaug f. 1854 i Opphaugen d. 1888 (drukna i Stamsund under Lofotfisket, ikkje attfunnen) g. 1877 Lyngen m. Edlina Cecilia Johansd f. 1853 Årøybukta, Lyngen i Troms d. 1912, budde der. Edlina g.2.g. 1890 m. em. Hans Olsen f. 1851 Pollen i Lyngen d. 1912 (3 md før kona), bustad Skibotn i Lyngen. i. Søren Marthinussen f. 1858 d. 1937 g. 1886 Hamarøy m. tremenningen sin, Gjertina Lassesd f. 1860 Lihaug, Gulen d. etter 1920 (jf Gulenb. II s 78), budde på Røsnesvika i Hamarøy.

Den 1. juni 1872 drukna Martinus saman med sonen Lars då dei var på fiske utanfor Fedje, dei vart ikkje attfunne. Seinare same året flytta enkja Olina til dottera Karen i Hamarøy saman med sønene Ole og Søren, den siste vaks opp hjå ein familie i Vesterålen, og var dreng på Nyke i Bø i folketeljinga 1875.

Rasmus Engelsen Moldøy (16).

15. Lisbet Ingemårsd f. 1827 Moldøyna (gnr 170 bnr 6-9c) d. 1896 g. 1851 m. Rasmus Olsen f. 1823 Nedst-Tangen (12c) d. 1875. Bygselbrev frå Kristoffer og Arnold Kahrs i 1850. Ny skyld ifølgje panteregisteret 1851 var 1 ort, eller 3/10 av Moldøyna, altså ⅒ mindre enn før. I 1855 var dyretalet 3 storfe og 6 sauer, i 1865 3 storfe, og i 1875 2 kyr, 1 kalv og 2 sauer. I 1855 var utsådet ¼ tn havre og ⅜ tn potet, i 1865 ¼ tn havre og ½ tn potet, og i 1875 ½ tn potet. Ved matrikkelforarbeidet i 1863 var buskapen oppgjeven til 1,3 kyrlag og utsådet ¼ tn havre og ⅜ tn potet. Avlinga var på 1 tn havre, 1½ tn potet og 70 våger høy. Det var 0,4 mål dyrka åker og eng, og 7,3 mål naturleg eng. Beitemarka låg fint til, var i dårleg stand, men tilstrekkeleg til buskapen. Likevel vart det nytta lyng og tare som tilleggsfôr. Garden hadde nok med torv til brensel. Den var tungdriven, men godt dyrka. Lisbet sat med bruket til 1878.

Born: a. Magdeli Rasmusd f. 1852 d. 12 veker gl. b. Olina Rasmusd f. 1853 d. 1944 g. 1876 m. Bertel Engelsen f. 1853 Muren (14b) d. 1938, budde på Børhaugen (gnr 168 bnr 137-1). c. Martinus Rasmussen f. 1856 d. 1925 g.1.g. 1879 m. Katrina Engelsd f. 1859 Muren (14d) d. 1914, sjå Moldøyna husmenn 3. d. Karl Rasmussen f. 1859 d. 1936 g.1.g. 1880 m. Andrea Larsd f. 1860 Sulo (gnr 169 bnr 34-1e) d. 1897, sjå Moldøyna husmenn 4. e. Ingemår Rasmussen f. 1864 d. 1888, fiskar, g. 1887 m. halv‑søskenbarnet Helene Karlsd f. 1866 Træsneset (1e) d. 1961, dei fekk dottera ea. Ragnhild (Hilda) Ingemårsd f. 1887 d. 1973 g. 1908 Fana m. Lars Bertin Paulsen Rød f. 1888 Fana i Bergen d. 1972, busette der (jf Fanab. IV s 604). Helene vart oppattgift 1891 med Gudmund Gudmundsen Kopper gnr 168 bnr 37-1, og ho og dottera budde der. f. Kristine Rasmusd f. 1868 d. 10 veker gl. g. Brita Rasmusd f. 1869 d. 1940 g. 1896 m. Ole Karlsen f. 1872 Træsneset (1g) d. 1963, budde i Kongestølen (gnr 169 bnr 10-1).

Ingeborg (16f) og Bertin (16i) då ho vart konfirmert i 1905.

16. Rasmus Engelsen f. 1851 Muren (14a) d. 1924 g. 1879 m. Marta Trulsd f. 1857 Byrknes d. 1947 (dotter av Truls Olsen f. 1817 d. 1896 og Johanna Endresd f. 1819 d. 1904, sjå Gulenb. III s 183). Marta var farsøster til Karl Johan Olsen Rød g.m. Elisabet Martinusd f. Moldøyna husmenn 3a, og til Hansina Ivarsd Muren (gnr 168 bnr 47-1). Skøyte til Rasmus i 1878 frå Fedje Torvkompagni for 560 kr og kår til enkja Lisbet (15). Næringa var fiske og jordbruk. Ny matrikkelskyld ifølgje matrikkelen i 1890 er på 0 mark og 25 øre. Dei sette opp det noverande huset rett før 1900, det er seinare påbygd.

Born: a. Josefine Ingina Rasmusd f. 1879 d. 1965 g. 1900 m. Ole Kristensen Husa f. 1872 (gnr 168 bnr 11-7c) d. 1955, budde der (8). b. Maria Rasmusd f. 1881 d. 12 dg gl. c. Elvina Marie Rasmussen f. 1883 d. 1971, neste eigar (17). d. Truls Severin Rasmussen f. 1885 d. 1954 g. 1909 USA m. Vellina Gardine Wilhelmsen f. 1882 Hidra, Flekkefjord d. 1932 (sjå Husa gnr 168 bnr 7-17c), dei budde i Brooklyn, New York, han var snikkar. Dei kalla seg Tom og Lina, og var i Noreg fleire turar, og budde på Moldøyna frå 1920 til 1922, eitt av borna er født her. Born: da. Robert Martin Rasmussen f. 1910 d. 1980, bustad Brooklyn, sidan Hartford, Connecticut, g.m. Ray Lucy Robin f. 1914 Brooklyn d. 1997. db. Alf Walther Rasmussen f. 1911 d. 1984, bustad New York, seinare Enfield i Hartford, Connecticut, g.m. Clare Edwardsen f. 1916 Brooklyn, New York d. 1973. dc. Trygve Rasmussen f. 1913 Hidra d. 1989 g.m. Ester Rognsvåg f. 1914 (gnr 167 bnr 4-1b) d. 1994, bustad Jacksonville, Florida. dd. Leif Georg Rasmussen f. 1917 d. 2001, bustad Brooklyn, seinare Port Monmouth i New Jersey, g.m. Helen Anderson f. 1918 Skottland, oppvaksen New York d. 1987. de. Josef Rasmussen f. 1919 d. 2007, bustad Banning, Riverside i California, g. 1945 m. Mary Elizabeth Jones f. 1920 Yakima, Washington d. 2013. df. Finn Rasmussen f. 1920 Moldøyna d. 1985, bustad Seattle, g. 1950 m. Oddlaug Herstad f. 1927 Valborg i Verdal, Nord-Trøndelag d. 2012 (jf Verdalsb./Vinne B s 182). dg. Hjørdis Elise Rasmussen f. 1923 d. 1988, ugift, bustad New York, flytta til Flekkefjord. e. Hanselina Rasmusd f. 1888 d. 1951 g. 1911 m. Jan Eilert Nikolai Olsen f. 1882 Bergen d. 1960, lagerarb. Vinmonopolet, budde i Bergen. f. Ingeborg Rasmusd f. 1891 d. 1953 g. 1918 m. Nils Nilsen f. 1891 Moldøyna (gnr 170 bnr 2-16g) d. 1926, brukarar der (17). g. Bergitta Rasmusd f. 1893 d. 3 md gl. h. Bertin Rasmussen f. 1895 d. 1897 (meslingar). i. Bertin Rasmussen f. 1898 d. 1971, utvandra til USA 1922, bygningsarb., budde mest i Brooklyn, så i Hopewell Junction i staten New York, g. 1926 Brooklyn m. Annie Johanne Hansen f. 1905 Fjære, Grimstad d. 1995. j. Ragna Martilla Rasmusd f. 1901 d. 1975 g. 1950 m. Nikolai Olsen Osland f. 1897 Høyanger d. 1957 (jf Kyrkjebøb. I s 124), budde i Bergen. k. Gustav Elias Rasmussen Moldøen f. 1903 d. 1972, seinare eigar (18).

Moldøyna 1937. Frå venstre: Ingeborg (16f), Dina og Gustav (18) m/Einar på armen, Ragnar framom.

17. Elvina Rasmussen f. 1883 på dette bruket (16c) d. 1971, ugift, reiste til USA 1908, arb. som kokke mv. i Brooklyn, New York, var mange turar til Noreg. Ho fekk skøyte frå faren i 1921 for 2500 kr, og sat med bruket til 1937. Ho fekk då rett til kår her. I 1968 kom ho heim for godt.

18. Gustav Rasmussen Moldøen f. 1903 på dette bruket (16k) d. 1972 g. 1931 m. Dina Andreasd f. 1910 Moldøyna (gnr 170 bnr 3-22f) d. 1991. Dei tok over bruket då dei gifta seg, og dreiv med fiske og jordbruk. Skøyte 1937 for 1000 kr til Gustav frå søstera Elvina (17).

Born: a. Ragnar Magnus Moldøy f. 1932 d. 1997, sjømann, ugift, budde her og dels i Bergen. b. Kåre Andreas Moldøen f. 1933 d. 2014 g. 1973 m. Turid Storemark f. 1951 Husa (gnr 168 bnr 126-1a), busette der (gnr 168 bnr 63-3). c. Einar Moldøy f. 1936 d. 2007, ugift, neste eigar (19). d. Gunnar Didrik Moldøen f. 1939 d. 2002, ugift, neste eigar (19). e. Nils Ingvar Moldøy f. 1942 d. 4 md gl. f. Olav Moldøy f. 1943 d. 1996 g. 1973 m. Berit Søfteland f. 1942 Træsneset (gnr 169 bnr 93-1e) d. 2003, busette på Moldøyna (gnr 170 bnr 12-4). g. Jan Helge Moldøen f. 1949 g. 1975 m. Reidun Knapskog f. 1939 Storemark, Husa (gnr 168 bnr 10-8j), busette der (gnr 168 bnr 193). h. Gerd Karin Moldøen f. 1949 (tvilling med g.), bygde på frådelt tomt (gnr 170 bnr 38).

19. Einar Moldøy f. 1936 på dette bruket (18c) d. 2007, fiskar og fiskeindustriarb., og Gunnar Moldøen f. 1939 på dette bruket (18d) d. 2002, fiskeindustriarb., fekk skøyte her i 1979 og eigde halvparten kvar. Tomta med huset og naustet vart frådelt i 2002 med nytt gnr 170 bnr 54, sjå der.

20. Eigarane av bnr 2, som omfattar jorda og naust, er frå 2010 Turid og Kåre Moldøen (18b), Jan Helge Moldøen (18g), Karin Moldøen (18h) og Arild Moldøy (son til 18f).


Fedje komm.svg Moldøyna (Fedje gnr 170 bnr 5) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Moldøyna (Fedje gnr 170 bnr 4) • Neste bolk: Moldøyna (Fedje gnr 170 bnr 6)