Moldøyna (Fedje gnr 170 bnr 2)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Moldøyna
S412.170.2.DJI 0184.JPG
Framme ligg Moldøyna med Skotholmen bakom. Ferja «Fedjefjord» er på veg inn. Til venstre er Vestkanten med Holmen, Kremmarholmen, Sulo og Mulen. Bilde frå 2016.
Foto: Arne Wiken
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 170
Bnr: 2

Moldøyna er eit bruk i Fedje kommune. I dag er det berre jorda att av eigedomen. Dette bruket vert stundom kalla Søre Moldøyna fram til rundt 1800, sameleis som med gnr 170 bnr 3.

1. Ola var den første som me veit budde på Moldøyna. Han betalte skatt i 1603 med 1 dalar. Det var berre ein brukar her då. I tida fram til 1608 vart det delt i to bruk.

2. Svein er brukar frå 1608 til 1614.

3. I 1618 er Ola brukar her. Han er berre nemnd den eine gongen.

4. Nils Amundsen er oppført på skattelistene frå 1620 til 1663. Det er truleg den same Nils heile tida. I koppskatten 1645 hadde han kona Anna og ein son, truleg a. Johannes, sjå nr 5 her. I 1640 fekk Nils ei bot på 12 rdl for noko fisk han hadde gøymd. Året etter var han òg i bøteregisteret, denne gongen for nokre uhøvlege ord han hadde kalla Gjertrud Kopper (gnr 168 bnr 1-7). Nils og kona var stemna på hausttinget i Lindås i 1643, men møtte ikkje, og dei måtte derfor begge bøta 1 mark sølv.

5. Johannes f. 1622 (etter alder i 1666) kom på bruket etter Nils i 1664. Ved manntalet 1666 hadde han sønene a. Nils Johannessen f. 1656 og b. Mons Johannessen f. 1665. M.a. namnebruken kan tyda på at Johannes var son til nr 4. Han er nemnd som vitne i ei sak om ei ku på vårtinget 1651, sjå Eide gnr 168 bnr 15-2. Johannes brukte halve Moldøyna ifølgje manntalet 1666. Han er nemnd siste gong i skattelistene 1668, men har truleg vore her lenger, då det er eit brot i kjeldene etterpå.

6. Ivar var brukar her frå 1691 til 1694. I 1691 og 1692 brukte han halve Moldøyna, og i 1694 ein firedel. Han er borte før 1701.

7. Ola Monsen f. 1677 (etter alder i 1701) Kolås, Lindås d. 1743 (son av Mons Sandersen f. 1649 d. 1712, jf Lindåsb. III s 482). At Ola var frå Kolås, går fram av skiftet etter faren Mons i 1712, Ola var då gift og budde på Moldøyna. Tinglyst bygselbrev 1721 frå Dankert Dankertsen. Skiftet etter Ola i 1743 syner at arvingane var m.a. halvbrorsonen Ingebrigt Andersen, sjå nr 8a nedanfor. Hans eigen son Ingebrigt må derfor vera død ung. Ein annan av arvingane var halvsøsterdottera Guri Monsd, sjå Blåstokken 16.

Barn: a. Ingebrigt Olsen f. 1713 d. før 1743.

Matrikkelen frå 1723 gjev desse opplysningane om heile Moldøyna: Brukarar Ola (Monsen), Anders, Johannes, Ola (Nilsen) og Jakob, landskyld 1 våg 18 merker fisk som før. Utsådet var på ¼ tn havre og avlinga ½ tn, altså berre to foll. Dyretalet var på 5 kyr, som dels måtte fôrast med tang og tare. Fisket etter torsk, sild, sei og lange var det viktigaste næringsgrunnlaget.

Solnedgang juni 2016 med øyane nord på Fedje framom. Mulen ligg til venstre og Skotholmen og Moldøyna til høgre, og Børhaugen framme til venstre.
Foto: Arne Wiken

8. Anders Monsen f. 1699 Kolås, Lindås d. før 1743 (son av Mons Sandersen f. 1649 d. 1712 og Udna Andersd). Etter namnet på barneborna heitte truleg kona Kari. Anders var farbror til Anders Kopper gnr 168 bnr 3-2, og halvbror til nr 7 Ola, dei var brukarar her saman. Anders er oppført i skattelistene siste gong i 1736. Han må vera død før Ola sitt skifte i 1743, for då var sonen Ingebrigt oppført som arving. Denne Ingebrigt er truleg kalla opp etter Ola sin son med same namnet, som døydde ung.

Barn: a. Ingebrigt Andersen f. 1724 d. 1801 g. 1748 m. Magdeli Mathiasd f. Uthaugen (gnr 168 bnr 14-6d), budde der (8).

9. Ola Ivarsen f. 1713 Litlås, Austrheim d. 1786 (jf Austrheimb. I s 101) g.1.g. m. Marta Sørensd f. 1690 d. 1776, 86 år gl. Ingen born. Brukarar her saman med og etter nr 7 og 8. Ola stod fadder i 1734. Han fekk tinglyst bygselsetel frå fru Gjertrud Dankertsen i 1738 på Søre Moldøyna. Han var los. Det er usikkert kor Marta var ifrå, men ho hadde ein bror Nils Sørensen, som tente på Flatøyna i Meland. Ved skiftet etter han i 1756 er søstera Marta oppført som einaste arving, med arv 3 rdl. Høgst truleg var dei born av Søren Olson Marås i Lindås (sjå Lindåsb. III s 40), ved manntalet i 1701 var han 42 år og Nils 3 år gl.

10. Enkjemannen Ola Ivarsen (9) g.2.g. 1776 m. Sissel Kristiansd f. 1727 Grenda (gnr 168 bnr 17-7a) d. 1799, ho var enkje etter Rasmus Mathiassen f. 1722 d. 1774, sjå Grenda gnr 168 bnr 17-8. Ingen born saman. Sissel si dotter Brita er neste brukar (11).

Det var skifte etter Ola i 1786. Arvingane var enkja Sissel, og dei to søstrene hans, Brita g.m. Amund Stuberg (gnr 168 bnr 19-10), og Turi Berge (gnr 168 bnr 21-4), avdød, to born Knut og Kari. Det var eit rikt bu med verdiar for 164 rdl. Gjelda var tenarløner til Steffen Olsen (sjå nr 11 her) med 4 rdl, Johanna Jensd vel 1 rdl, stedottera Brita Rasmusd (sjå nr 11) 18 rdl, enkja sitt gravferdsvederlag 16 rdl, og huseåbot (vedlikehald) til jordeigaren Dankert Heiberg 6 rdl. Skiftekostnadene kom på nesten 10 rdl, slik at det vart vel 109 rdl i arv. Dei hadde m.a. nesten 62 rdl i reie pengar, tre sølvbelte, eit sølvforgylt halskjede, ei sølvsnor, eit lite sølvstaup, to par sølvspenner, to sølvskeier, ti sølvknappar, tre koparkjelar, to messinglysestakar, tre tinnfat, ein tinnkumme, ei tinnkanne, tre kister med lås, eit skap i stova, to undersenger med fjørfyll, ei blåstripa hovudpute, eit sengedekken, ei vevgogn, fem gryter, ei bakstehelle, ei hoggøks, eit kar, ein jernspade, to eikeøltønner, ein stamp med lokk, mjølkekoller, ein skjerding, to navrar, ein høvel og eit par støvlar. Husdyra talde fem kyr, to vêrar og to sauer. Av sjøreiskapar var det ein seksæringsbåt med segl, ein gammal seksæringsbåt, tre linevadar med tau, tre småsildegarn, tre storsildegarn, eit fiskesnøre og eit mortegarn. Mange av dei kostesame tinga var det nok Sissel som hadde med frå Grenda, sjå skiftet etter far henner der (nr 7).

Skotholmen og Moldøyna i 2016.
Foto: Arne Wiken

11. Brita Rasmusd f. 1761 Grenda (gnr 168 bnr 17-8g) d. 1808 g. 1787 m. Steffen Olsen f. 1753 Nordre Njøta, Austrheim d. 1816 (jf Austrheimb. I s 564, son av Ola Sjursen og Engel Monsd f. 1719). Steffen var bror til Kari Moldøyna gnr 170 bnr 3-13. Han og Brita tente begge her før dei vart gifte, sjå skifte på nr 10. Bygselbrev 1786 frå Dankert Dankertsen Heiberg på 18 merker fisk (⅕ av Moldøyna). Steffen vart tilsett som fastlos i 1792 ifølgje Bergen losrulle. Han sa frå seg tenesta i 1804. I folketeljinga 1801 budde han og Brita her med borna Olea og Ola. Ved takseringa i samband med jordavgifta 1802 vart verdien av bruket sett til 20 rdl. Steffen hadde då berre ⅒ av garden med skyld 9 merker fisk. Fiskeria var hovudnæringa.

Born: a. Olea Steffensd f. 1787 d. 1849 g. 1815 m. Johannes Larsen f. 1779 Straume, Gulen d. 1863, brukarar på Husa (gnr 168 bnr 12-3). b. Ola Steffensen f. 1789 d. 1832 g. 1818 m. Gjertrud Andersd f. 1796 Staveneset, Toftegård i Austrheim d. 1834, budde der (sjå Kopper gnr 168 bnr 1-25 og Austrheimb. II s 253). c. Rasmus Steffensen f. 1793 d. 1800.

12. Enkjemannen Steffen Olsen (11) g.2.g. 1810 m. Mari Vikingsd f. 1782 Kilstraumen, Austrheim d. 1821 (jf Austrheimb. II s 152). Dei fekk ei dødfødd dotter i 1811.

13. Gjertrud Halvorsd f. 1769 Rivedal, Fjaler i Sunnfjord d. 1844 (far Halvor Olsen, jf Fjalerb. I s 214) g. 1806 m. Klement Sjursen f. 1779 Naustet, Eiken i Fjaler d. 1851 (son av plassmann Sjur Herleifsen f. 1732 d. 1806 og Orlaug Larsd f. 1742 d. 1787, sjå Fjalerb. I s 311). Dei budde først i Langedalen (gnr 169 bnr 5-1), før dei kom hit omkring 1828. Bygselbrev er ikkje tinglyst.

Born: a. dødfødd dotter f. 1806 Fjaler. b. Halvor Klementsen f. 1808 Fjaler d. 1882, neste brukar (14). c. Sissel Klementsd f. 1812 d. 1813, 4 md gl.

Klement fekk med Ingeborg Olsd f. 1796 Vika (gnr 168 bnr 28-10f) d. 1849 sonen d. Ivar Klementsen f. 1833 d. 1896 g. 1862 m. Torbjørg Andersd f. 1836 Nedst-Tangen (gnr 168 bnr 27-14b) d. 1924, budde på Mulen (5).

14. Halvor Klementsen f. 1808 på dette bruket (13b) d. 1882 g.1.g. 1834 m. Brita Olsd f. 1806 på Austrheim d. 1849 av kolera (dotter av Ola Knutsen f. 1770 d. 1837 og Brita Bertelsd f. 1767, sjå Austrheimb. III s 88). Bygselbrev frå Kristoffer Kahrs 1833 på 18 merker fisk, eller ⅕ av Moldøyna. I 1835 var dyretalet for heile Moldøyna 9 storfe og 16 sauer, og utsådet 1 tn med både havre og potet. I 1845 hadde Halvor og Brita 1 ku og 1 sau, og sådde ¼ tn havre og ⅛ tn potet.

Born: a. Ingebrigt Halvorsen f. 1835 d. 8 dg gl. b. Sjur Halvorsen f. 1836 d. 1838. c. Berta Halvorsd f. 1839 d. 1848. d. Anna Halvorsd f. 1840 d. 1918, ugift, tente i Myking i Lindås, m.a. på Nesbø og Gjelsvik, der ho døydde. Ho fekk med Bertel Johannessen f. 1853 Vyrkjesdal d. 1938 (jf Gulenb. II s 187 og 571) sonen da. Berge Bertelsen f. 1870 Myking d. 1954 g. 1911 m. Helena Marie Bertelsd f. 1881 Storenes d. 1953, budde der, sjå Gulenb. II s 573. e. Gjertrud Halvorsd f. 1844 d. 1924 g. 1868 m. Thomas Persen f. 1846 Langedalen (gnr 169 bnr 5-5f) d. 1887, brukarar på Kopper (gnr 168 bnr 4-4).

Etter at kona Brita var død, gav Halvor frå seg bygsla til neste brukar (15), og budde her som innerst, til han vart g.2.g. 1861 m. Marta Mikkelsd f. 1825 Mulen (4c) d. 1889. Dei busette seg i Sulo (gnr 169 bnr 57-1), sjå der.

15. Gudbrand Ingemårsen f. 1824 Moldøyna (gnr 170 bnr 6-9b) d. 1885 g. 1850 Gulen m. Johanna Persd f. 1817 Byrknes d. 1904 (dotter av Per Trulsen f. 1787 d. 1850 og Johanna Gudbrandsd f. 1788 d. 1846, sjå Gulenb. III s 175). Dei var søskenborn, då mødrene deira var søstrer. Bygselbrev frå Kristoffer og Arnold Kahrs 1850 på ny skyld 16 skilling, som tilsvarte ⅕ av Moldøyna. Næringa var fiske og jordbruk. I 1855 hadde Gudbrand og Johanna 3 storfe og 2 sauer, i 1865 5 storfe, og i 1875 1 ku, 1 kalv og 3 sauer. I 1855 sådde dei ¼ tn havre, 1865 ⅜ tn havre og ½ tn potet, og 1875 ⅓ tn havre. Ved matrikkelforarbeidet i 1863 var buskapen oppgjeven til 1,1 kyrlag og utsådet ¼ tn havre og ⅜ tn potet. Avlinga var på 1 tn havre, 1½ tn potet og 70 våger høy. Det var 0,4 mål dyrka åker og eng, og 6,6 mål naturleg eng. Beitemarka låg fint til, var i dårleg stand, men tilstrekkeleg til buskapen. Likevel vart det nytta lyng og tare som tilleggsfôr. Garden hadde nok med torv til brensel. Den var tungdriven, men godt dyrka.

Born: a. dødfødd son f. 1851. b. Ingemår Gudbrandsen f. 1852 d. 1865. c. Johanna Gudbrandsd f. 1855 d. 1897 på Byrknes, ugift, tenar. d. Magdeli Gudbrandsd f. 1859 d. 1913, ugift, tenar m.a. i Vika. e. Petrikka Margrete Gudbrandsd f. 1863 d. 1909, tente på Bremnes i Gulen i folketeljinga 1891. Ho vart spedalsk og vart innlagt på Pleiestiftelsen i Bergen i 1896 og døydde der, ugift og nemnd Kvernøy (i Gulen), så truleg tente ho der før innlegginga.

Bryllaupet til Hansina (16b) i 1916. Bak frå venstre: Nils Nilsen Moldøy, Nils Hansen Moldøy, Albert Langeland frå Solsvika, Fjell. Framme frå venstre: Alfin og Hansina Langeland, Marius Moldøy.

16. Marie Gunnarsd f. 1853 Sulo i Øygarden d. 1929 (dotter av Gunnar Albriktsen f. 1826 d. 1896 og Kari Monsd f. 1824) g. 1883 Manger m. Nils Andreas Hansen f. 1857 Haugland, Radøy d. 1917 (jf Radøyb. I s 703, son av Hans Knutsen f. 1820 og Kari Nilsd f. 1827). Marie var morsøster til Pernille Muren (gnr 168 bnr 42-1), og brordotter til Ola Stormark (gnr 172 bnr 12-1), sjå meir der. Mari (som ho vart kalla) og Nils flytta hit i 1885, og tok over dette bruket. Først budde dei på Haugland, der dei to eldste borna er fødde. Skøyte frå Fedje Torvkompagni for 600 kr i 1894, men Nils er nemnd sjølveigar alt i 1891. Ny matrikkelskyld ifølgje matrikkelen i 1890 er på 0 mark og 24 øre. Dei dreiv med fiske og jordbruk, i tillegg var Nils fyrlampevaktar. Han var med i det første heradsstyret då Austrheim med Fedje vart eige herad i 1910.

Born: a. Hans Kornelius Nilsen f. 1883 d. 4 veker gl. b. Hansina Karolina Nilsd f. 1884 d. 1976 g. 1916 m. Alfin Langeland f. 1887 Kremmarholmen (gnr 169 bnr 2-4a) d. 1961, budde der (5). c. Gina Katinka Nilsd f. 1886 d. 1948 g. 1911 m. Elias Ophaug f. 1884 (gnr 168 bnr 13-21a) d. 1959, budde der (22). d. Josefina Magdalena Nilsd f. 1887 d. 1903 (tub.). e. Anna Olina Nilsd f. 1888 d. 1889. f. Anna Olina Nilsd f. 1889 d. 1954 g. 1910 m. Ole Andreassen Austrheim f. 1885 d. 1920 (tub.), småbrukarar der (jf Austrheimb. III s 34). g. Nils Andreas Nilsen f. 1891 d. 1926, neste brukar (17). h. Mathilde Johanna Nilsd f. 1893 d. 1894. i. Marius Johan Nilsen f. 1895 d. 1929 (tub.).

På Moldøyna i 1938. Frå venstre: Marta (bnr 5-16), Einar, Kåre (framom), Ingeborg (bnr 2-17), Ragnar, Arvid Solheim.

17. Nils Nilsen Moldøy f. 1891 på dette bruket (16g) d. 1926 (kreft) g. 1918 m. Ingeborg Rasmusd f. 1891 Moldøyna (gnr 170 bnr 5-16f) d. 1953. Nils fekk skøyte i 1917 for 2000 kr og kår til mora. Han var fiskar, var i USA frå 1923 til 1926 då det var dårlege tider i fisket her. Ingeborg tente i USA frå 1911 til 1915. Ho dreiv bruket vidare som enkje.

Barn: a. Norvald Magnus Nilsen Moldøen f. 1918 d. 2003, neste eigar (18).

Marie Karoline Jansen f. 1880 Bergen d. 1962 var busett her frå 1929. Ho reiste tilbake til Bergen rett før ho døydde. Marie vart g. 1899 m. Karl Andreas Vognstølen f. 1871 Fana, oppvaksen Årstad i Bergen d. 1959, slaktar i Bergen. Dei vart skilde i 1914. Deira born: Karl Johan f. 1899 d. 1981, bustad Bergen, Alfred Severin f. 1900, bustad Brooklyn i USA, Sofie Karoline f. 1901 d. 1951, bustad Bergen, Johanna f. 1903 d. 1986, bustad Oslo, Johannes Andreas f. 1904 d. 1986, bustad Bergen, Knut f. 1905 d. 1988, bustad Vågenes på Radøy (jf Radøyb. II s 170), Kaia Malene f. 1906 d. 1981, bustad Bergen, og Nelly f. 1908 d. 1998, bustad Bergen.

18. Norvald Moldøen f. 1918 på dette bruket (17a) d. 2003 g. 1950 m. Haldis Stuberg f. 1930 (gnr 168 bnr 19-22a) d. 2015, fiskeindustriarb. Skøyte her i 1956. Dei kjøpte gnr 170 bnr 31 i 1978 og budde der, selde det til sonen Karstein i 1986, og flytta tilbake hit. Norvald var sjømann under krigen, fiskar etterpå, var i USA nokre år i byrjinga på 1960-talet.

Born: a. Nils Inge Moldøen f. 1950 d. 2020, industriarb., g. 1972 m. Sigrun Instefjord f. 1951 Brekke i Gulen, lærar, busette i Odda, es. oppløyst, bygde sidan på frådelt bruk (gnr 170 bnr 79), sjå der. b. Håkon Magnus Moldøen f. 1952 d. 1961. c. Rolf Moldøen f. 1954 d. 2 md gl. d. Robert Magnar Moldøen f. 1957 g. 1991 m. Eva Løver, Froland i Aust-Agder f. 1948, bygde på frådelt tomt (gnr 170 bnr 47). e. Karstein Walther Moldøen f. 1959 g. 1987 m. Torild Rist f. 1965 frå Stormark (gnr 172 bnr 20-5b), bustad Moldøyna gnr 170 bnr 31-3. f. Ingebjørg Moldøen f. 1962 g. 1984 m. Torgeir Håvik f. 1960 Fusa, sjå Husøyna gnr 168 bnr 204-4 og Moldøyna gnr 170 bnr 70, som er huset på bnr 2, frådelt i 2012.g. Per Arne Moldøen f. 1966 g. 1995 m. Aase Marie Rusten f. 1970 Stavanger, bustad Bømlo. Sjå òg Husøyna gnr 168 bnr 336-2.

19. Borna til nr 18a Nils (sjå gnr 170 bnr 79) Erlend Moldøen f. 1972, Herdis Instefjord Moldøen f. 1978 og Håkon Instefjord Moldøen f. 1985 fekk skøyte i 2019 på bnr 2, som no berre omfattar jord.


Fedje komm.svg Moldøyna (Fedje gnr 170 bnr 2) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Moldøyna • Neste bolk: Moldøyna (Fedje gnr 170 bnr 3)