Mons H. Takle

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Mons H. Takle (fødd 7. mars 1877 i Brekke, død 18. juli 1958 i Askøy) var lærar og kyrkjesongar. Han var son av gardbrukar Hans Monsson Takle og Brita Monsdotter og bror til læraren Magnus Takle.

Mons Takle tok lærareksamen på Stord lærarskule i 1898 og var lærar i Jostedalen frå 1899 til 1903. Deretter var han lærar i Lindås fram til 1917, i framhaldsskulen i tre år og andrelærar ved Nordhordland fylkesskule i eitt år. Frå 1919 var han lærar og kyrkjesongar i Brekke.

Engasjementet for målsaka kom til syne alt som tillitsvald (”bokutlånar”) i elevmållaget ved Stord lærarskule. I tida som lærar i Jostedalen var han med på det fyrste vedtaket om å tillata lærebøker på nynorsk i skulen (1901). Han var truleg forfattaren bak eit avisinnlegg om saka same året.[1]. I to år (kring 1917-19) var han skrivar og ferdatalar i Vestlandske mållag.

Attåt målrørsla var han mykje med i ungdoms- og fråhaldsarbeid. Han var skulestyreformann i Lindås i mange år og ordførar i Brekke 1920-1922, 1926-1928 og 1932-1934.[2] Han var òg styremedlem i fylkeslaget til Venstre.

Han var gift med Elida f. Toft (1891-1971). Dei ligg båe gravlagde på Askøy.[3]

Notar

  1. Fyrste vedtak om nynorsk i skulen (1901) (Jostedal historielag)
  2. Ordførarar i Gulen kommune (Fylkesleksikon, NRK Sogn og Fjordane)
  3. Gravminner i Norge (DIS Norge)

Kjelder og llitteratur

  • Folketeljinga 1900 for Jostedalen
  • Folkteteljinga 1910 for Lindås
  • Espeland, Arne. (1934). Norske skulefolk. Stavanger: Dreyer, s. 1221
  • Øvregard, Kåre. (1996). Skulen i Luster gjennom 250 år. Kulturhistoriske glimt frå skulen sitt arbeid i dei ulike krinsane. Gaupne: Luster kommune.
  • Fretland, Jan Olav, og Oddmund L. Hoel. (2006). Då nynorsken kom til Sogn - glimt frå Jostedalen og Lærdal. Årbok for Sogn, 48-56. (Digital utgåve)