Mosevollen (Jostedalen)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 16. apr. 2021 kl. 08:13 av Kallrustad (samtale | bidrag) (pirk)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Mosevollen
Mosevollen.jpg
Mosevollen sett frå vegen med dei karakteristiske gjerdestolpane i stein
Rydda: Kring 1793
Stad: Jostedalen
Sokn: Jostedalen
Fylke: Vestland
Kommune: Luster
Gnr.: 194
Bnr: 5

Mosevollen er eit småbruk (gnr. 194/5) i Jostedalen, Luster kommune i Sogn. Bruket høyrer under matrikkelgarden Bakken. Tunet ligg ved hovudvegen mellom Hesjevollen og Sagarøy. Mosevollen høyrde til Kreken skulekrins fram til skulesamanslåinga i 1960-åra.

Busetnaden går attende til kring 1793 då det vart rydda ein husmannsplass her under Bakken. I 1861 vart det rydda ein husmannsplass til same staden. Då Bukti (Sagarøy) (bnr. 4) vart utskild frå Bakken (bnr. 1) i 1913, følgde Mosevoll-plassane med og vart plassar under Bukti. Men berre ti år etter, ved delingsforretning 27.7.1923 vart husmannsplassane skilde ut som eitt bruk (bnr. 5).

I 1960-åra var det snakk om at Mosevollen skulle bli ny skulestad for Jostedalen. Etter ei synfaring godkjende både skuledirektøren og departementet planen, men det enda med at den nye skulen vart bygt på Bjørk (sjå Skulestellet i Jostedalen).

Litteratur

  • Laberg, Jon. (1939). Jostedal. Ei stutt utgreiding um bygdi og folket der. Tidsskrift utgitt av Historielaget for Sogn (nr. 10), 15-70. (Digital utgåve, Jostedal historielag)
  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 371-419. (Digital utgåve, NBdigital)