Motorfartøy

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 10. nov. 2018 kl. 21:54 av Oddvar Høydalsvik (samtale | bidrag) (Lenke til Wichmann)
Hopp til navigering Hopp til søk

Motorfartøy er fartøy kategorisert etter framdriftssystem. Frå litt før 1900 har ein venta at det står ein forbrenningsmotor i motorromet. Forbrenningsmotoren sitt dreiemoment driv propellaksel og propell anten direkte eller gjenom ei girkasse.

I tidleg fase hadde motorane lav effekt og var kombinert med full seglføring frå livet som seglfartøy. Utvikling i meir enn 100 år gir endringar. Det var knapt ei seglfille til framdrift å sjå ein del år etter andre verdskrig. Så kom segla att. Fyrst til lutter glede, så og til nytte som framdrift. Men så lenge forbrenningsmotoren står for det meste av energiutnyttinga er nemninga motorfartøy nytta.

Forbrenningsmotoren var/er driven av; bensin, parafin, solarolje (eller ulje som dei sa på kysten), disel, tungolje (i knipetak gjekk semi-diselen på kval- og sel-olje) og gass (i diverse former). Ein snakkar i hovedsak om forbrenningsmotorar av type; otto-, semidisel- og disel-motorar. Her er og innslag av spesialkonstruksjonar (også med ekstern forbrenning), wankelmotor og former for turbinar. Kategorien med forbrenning i sylindaren i forbrenningsmotor er dermed ikkje heilt vasstett.

Andre former for overføring av dreiemomentet frå forbrenningsmotore til framdrift har kome til på vegen. Forbrenningsmotoren driv:

  • ein generator som i sin tur driv elektromotor som driv; gir, direkte propell, eller vassjet. Mellom forbrenningsmotor og el.motor sit ei koblingstavle. Gjenom koblingstavla kan ein ha mellomlager for energi i form av batteri. Såkalla akkumulatordrift frå gamalt.
  • ei hydraulikkpumpe som i sin tur driv hydraulikkmotor som driv; gir, direkte propell, eller vassjet. Her kan ein og ha akkumulatordrift men denne løysinga gir oftast kortare driftsintrvall med stilleståande forbrenningsmotor enn batteridrift.

Fyrste forbrenningsmotorane brukt i Noreg kom frå Amerika, Storbritannia, Danmark, Sverige, altså impulsar utanfrå. I Noreg starta Finnøymotoren på Finnøya i Romsdal i 1902 og Martines Haldorsen på Rubbestadneset på øya Bømlo i Hordaland i 1903 kvar sin einsylindra motor og fortsette etter det med motorproduksjon. Haldorsen sin motor vart kalla Wichmann, og verksemda M. Haldorsen & søn. På begge plassane var det smedkunnskap frå før, truleg og metallstøyping. Uansett er det imponerande at dei to små bedriftene starta det ein må kalle ein industrirevolusjon med sine sjølvkonstruerte motorar og propellutstyr. Etter desse kom det ei lang rad norske produsentar som laga frå ein til fleire tusen motorar kvar.

Det er usikkert kor mange motorprodusentar ein har hatt i Noreg, men truleg over 150 med stort og smått. Det har vore vanskeleg å få ei korrekt liste, då mange produsentar opererte med fleire namn på motorane sine. Andre produserte kanskje så få motorar at dei vart lite kjent.

1950 og utover vart diselmotoren (såkalla hurtiggangar, turtal over 650 o/min) vanlegare. Dette var såkalla stasjonærmotorar. Desse har oftast større smøreoljepumpe enn køyrtøymotorane. Tillegg for fartøy er kjøling på eksos. Grunnen er at i trange motorrom trengs meir kjøling enn i friluft. Ei anna, og billegare, løysing var å stille ned effektuttak i høve til motorar brukt i friluft.

I små fartøy er det brukt mykje otto-/(såkalla)bensinmotorar.

Ved registrering i fiskeriregisteret, frå 1920,vart motorfartøy kalla MB/motorbåt. Underkategoriar; Mk/motorkutter, MKr/motorkryssar osv. etter skrogform.