Motorslåmaskina

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Agria 1300 R m ILO 5 HK 2T-motor 1954-mod
AEBI AM 10 m MAG-motor 5 HK 2T a
Motorslåmaskin Rapid Rex
Foto: Oddvar Høydalsvik

Motorslåmaskina sitt inntog i norsk jordbruk må ha ein god del av æra for at kulturlandskapet er halde i hevd etter at ljåen og hesteslåmaskina gjekk ut av bruk midt på 1950-talet.

Utvikling

Dei tidlege maskinene med totaktsmotor utan turtalsregulator kunne vere ein prøvelse for køyrekarane når det var tynt med gras og motoren gjekk "magert" (for lite bensin i høve til luftmengde). Turtalet på motoren går opp, kniven i slåtteapparatet går raskare fram-og-tilbake og styrehandtaka ristar meir enn ved normal slått. Fingrane og skuldrane visnar bort grunna risting i styrehandtaka. Det var ikkje uvanleg at slåttekarane måtte matast ved bordet etter ein lang dag på slåttetegen. Dei fekk ikkje opp hendene og fingrane ville ikkje virke lenger. Dette vart bøtt på ved at dei seinare maskinene fekk såkalla "avvibrerte styrehandtak" med innbygde gummidemparar.

Kvifor vart det selt så mange tohjulingar frå 1945 til litt ut på 1970-talet ?

Svara kan vere fleire, men tenkjer ein kysten og fjordane så ser ein at her budde mange familiar på små plassar/bruk med eit stovehus og eit lite uthus med plass til nokre sauer og ei eller to kyr. På bøane til desse hadde det aldri vore ei hesteslåmaskin ein gong. Ei heller i dei bratte bakkane kunne hesteslåmaskina brukast. Då dei fyrste verkeleg vellukka konstruksjonane av motorslåmaskin kom inn i bygdene vart det ofte slik at dei gjekk på leigeslått døgnet rundt. Det var gjerne gutane i mange syskjenflokkar som hadde desse oppdraga. Dette varte ikkje så mange år, gardbrukarane såg nytta i reidskapen, tenkte seg om, og investerte sjølve.

Med ein tilhengar på denne tohjulingen fekk ein og eit tenleg hjelpemiddel til å få i hus turrhøy og køyre ut møk.

Forhaustaren i kombinasjon med firehjulstraktoren vart og vanleg etter 1960 og fyrste 20 åra etter dette var det vanleg å ha motorslåmaskin i tillegg for kantslått og såkalla "afala mark" (her: ringare mark enn den du kunne slå med forhaustaren).

Vedlikehald og reparasjonar

I moderne tid er det lett å tenkje verkstadbil, men i starten var importørane i Oslo, Stavanger og Bergen med kontaktpersonar rundt om kring. Kontaktpersonane var sjeldan reparatørar. I fjordane og ute på øyane var der lite vegar.

Ein veit at til dømes Aebiforhandlaren Knut Skurtveit i Bergen hadde ei tid eigen reparatør med båt, busett nord om Stadt. Denne skal ha hatt øyane og fjordane frå Sunnmøre til Bergen som sitt område. (Vonar ein kvan som veit meir les dette og hjelper til med informasjon).

Det var og mange mekanikarar i bygdene som var reine trollmenn til å få desse lunefulle maskinene til å virke.

Frå 1960 og utover vart det utdanna reparatørar for landbruket som og hadde god kunnskap om motorslåmaskinene. Etter 1980 har tal maskiner minka sterkt og kunnskap om reparasjon og informasjon om eldre maskiner blir borte.

Slitesterke

Mange av desse maskinene frå 1950 og yngre er framleis i bruk og ein prøvar å samle informasjon på sida om Tohjulingar og spesialmaskiner i landbruk og hagebruk. Maskinar før 1950 er sjeldan vare og oftast tungvinte i bruk. Det er viktig å samle informasjon før det er for seint.

Til annan bruk

Det var ikkje uvanleg at motorane på desse små maskinene var knytt til eit propellanlegg i færingen eller som trekkraft på ei vinsj eller taubane utanom slåtten.

Litt synsing utan statistikk

Ein god representant for denne teknologien er Rapid Rex, produsert 1953 – 1981. Standardutstyret var slåtteapparat (fingerbjelke) og av motorslåmaskinene som er seld mange av på Vestlandet var nok denne mest effektive. Tileggsutstyr: Tvillinghjul, skubberive og tilhengar.

Forhandlar er Kullberg & Co, seinare Arstad og Konglevoll og AK-maskiner, lokalt med velkjend seljar og kulturperson på Folkestad, Alf Kvamme med salsdistrikt frå Stavanger til Trønelagsgrensa i starten, seinare Møre og Romsdal og Nordfjord. Alf har truleg norgesrekord i selde motorslåmaskiner på ein seljar før fôrhaustaren tok over tyngda av grashaustinga.

Argaste konkurrentane til Rapid Rex var Aebi AM 10 frå Skurtveit / lokal forhandlar Finn Ose og Agria 1300 / 2300 frå Felleskjøpet. Mykje sveitte har runne på slåtteteigane etter desse maskinene.

Forsking og utvikling

På ein landbruksdag for slått på brattlendte bruk på Finnes i Hjørundfjorden midt på 1980-talet heldt ein professor frå landbrukshøgskulen eit foredrag der han blant anna sa: «Den største oppfinninga for brattlendte bruk etter motorslåmaskina med tvillinghjul er det å bruke fotballsko med piggar slik at ein kunne fylgje maskina på dei verste plassane».

Seljarane, eit kulturminne

Ein skulle ynskje at nokon tok på seg oppgåva å skrive historia om traktor- og maskinseljarane i Noreg frå 1945 til ca. 1975 då dette meir vart ein vanleg kontorjobb. Ikkje alle av desse hadde den store kunnskapen om teknikk så det vil vere ei kraftig overdriving å påstå at alt som vart sagt var heilt sant. Kundane var på si side vande med dei tidlegare hestehandlarane som heller ikkje var kjende for å vere "skorne for tungebandet" som det heitte. Ei god historie som fekk kundane i "stemning til å handle" var ofte viktigare enn kva for maskin av desse vanlegaste, samanlignbare som kom til gards.

Desse selgjarane var med å endre noregshistoria og er eit kulturminne i seg sjølv på same måten som motorslåmaskina.