Muleide (Fedje gnr 169 bnr 7)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 14. apr. 2023 kl. 08:40 av Arvid Skogseth (samtale | bidrag) (Lenking)
Hopp til navigering Hopp til søk
Muleide
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 169
Bnr: 7
Adresse: Mulevegen 167

Muleide er, som namnet seier, ei landtunge som bind Mulen saman med resten av Vestkanten. Det har berre vore eitt bruk her, og det vert no brukt som fritidsbustad.

1. Massi Olsd f. 1838 Opphaugen (gnr 168 bnr 13-18c) d. 1928 g. 1870 m. Martinus Gudmundsen f. 1842 Skotholmen (gnr 170 bnr 1-14a) d. 1907 budde her frå dei vart gifte til innpå 1890-talet, dei er oppførte her i folketeljinga 1891. Dei var husfolk utan jord, og budde i ei fiskarhytte som stod her. Dei fekk festesetel tinglyst i 1871 frå Elling Andreas Eriksen (Kremmarholmen gnr 169 bnr 2-2). Den omfatta eit markstykke kalla «Nesset», dels dyrka og dels udyrka, og litle Muleide, som var udyrka. Vilkåra var at dei skulle dyrka jorda vel og halda fjøset ved like. Torv kunne dei ta i utmarka i nordre Sulo, og dei fekk lov til å ta inn ein familie i huset. Årleg avgift var 2 spd eller 10 dagar med arbeid. Dei kunne ha 4 kyr og 12 sauer på beite i nordre Sulo. I 1875 hadde dei berre 1 sau. Dei flytta til Kongestølen, sjå gnr 169 bnr 9-1, der familien er ført.

2. Gjertrud Halsteinsd f. 1835 Krossøyna, Austrheim d. 1911 g.2.g. 1871 m. Peder Olaisen f. 1846 Øksneset, Austrheim d. 1933 (son av Per Olai Madsen f. 1825 og Elsa Rasmusd f. 1815, sjå Austrheimb. III s 540). Gjertrud var enkje etter Anders Andersen Sulo (14), sjå der. Gjertrud og Per var innerstar hjå nr 1 her. Per var fiskar. Frå 1876 pakta dei Kopper (gnr 168 bnr 1-24), og i 1878 flytta dei til Krossøyna, der han sidan gifta seg opp att (jf Austrheimb. III s 635).

Born: a. Olai Pedersen f. 1872 d. 1930, bustad Krossøyna. b. Elsa Marie Pedersd f. 1875 d. 1876, 5½ md gl. c. Gjert Pedersen f. 1877 d. 1878. d. Gjert Pedersen f. 1879 d. 1915, bustad Bergen.

3. Karl Iversen f. 1868 Mulen (5c) d. 1929 g.l.g. 1893 m. Berta Olsd f. 1874 Sulo (gnr 169 bnr 34-2 b) d. 1900. Plassfolk utan jord her frå giftarmålet, i sjølveigande hus med naust. I ungdommen var Karl sjømann, ifølgje folketeljinga 1891 var han i Santo Domingo, Vest-India. På Fedje var han fiskar.

Born: a. Ivar Martin Karlsen f. 1894 d. 1895. b. Ivar Martin Karlsen f. 1897 d. 1969 g. 1924 m. Anna Sofie Kristoffersd Kahrs f. 1901 Kremmarholmen (gnr 169 bnr 1-4a) d. 1970, sjå Hesthaugen gnr 169 bnr 23-1 og Kremmarholmen gnr 169 bnr 62-1.

Ved folketeljinga 1900 budde Karl si søster Berta Tobia her og styrte huset. Mora Torbjørg var òg her.

4. Enkjemannen Karl Iversen (3) g.2.g. 1902 m. Ingeborg Eliasd f. 1878 Børilden, Austrheim d. 1970 (jf Austrheimb. III s 534, dotter av Anna Andersd f. 1844 d. 1914 og Elias Eriksen f. 1841 d. 1908, han var bror til Mikal Kopper gnr 168 bnr 1-25). Bruket vart utskilt frå Kremmarholmen gnr 169 bnr 2 i 1906, og Karl fekk skøyte frå Jørgen Langeland for 100 kr.

Born: a. Berta Helena Karlsen f. 1902 d. 1970 g.l.g. 1926 m. Ludvik Johansen f. 1897 Skotholmen (husmenn 4a) d. 1926 (tub.), son aa. Ludvig Bertin Martinussen f. 1926 d. 1997 g. 1949 m. Astrid Elin Thorsen f. 1932 Marikoven i Askøy d. 1990, bustad Bergen. Berta g.2.g. 1928 Askøy m. Anton Sigvald Martinsen f. 1898 Follesøy på Askøy d. 1977, tønnemakar, budde der. b. Emma Amanda Karlsen f. 1904 d. 1976 g. 1934 m. Thorvald Severin Riise f. 1906 Lindås d. 1992, budde der på Mongstad til den vart ekspropriert i samband med raffineriutbygginga, bygde då på Risa i Lindås, han flytta sidan til Bergen (sjå Lindåsb. IV s 369, 387 og 571). c. Tilla Elvilda Karlsen f. 1906 d. 1931. d. Konrad Emil Karlsen f. 1907 d. 1978, neste eigar (5). e. Alma Katinka Karlsen f. 1911 d. 1996 g. 1951 m. Ivar August Edvardsen Toftegård f. 1906 Austrheim d. 2004, fiskar, busette der på Stavesundholmen (sjå Austrheimb. II s 298). f. Anna Elida Karlsen f. 1914 d. 1985 g. 1949 m. Gunvald Dalen f. 1907 Skåre, Haugesund d. 1989, budde her saman med mor til Anna, flytta så til Sulo gnr 169 bnr 13-3. g. Olga Gjertina Karlsen f. 1917 d. 2001 g. 1947 m. Ansgar Hjønnevåg f. 1911 Vågane (gnr 172 bnr 28-ld) d. 2000, sjå der (2). h. Ingolf Andreas Karlsen f. 1920 d. 1954 (ulykkestilfelle ved sjøen), ugift, fiskar.

5. Konrad Karlsen f. 1907 på dette bruket (4d) d. 1978 g. 1938 m. Solveig Smines f. 1919 (gnr 169 bnr 19-3c) d. 1999. Skøyte 1973 til Konrad etter mora. Dei budde ei tid her, og elles på Smineset gnr 169 bnr 19-4, der familien er ført.

6. Alf Alfredsen f. 1948 Stormark (gnr 172 bnr 115-la), elektrikar, g. 1967 m. Helga Wiken f. 1948 (gnr 168 bnr 28-17b) d. 2013, arb. trygdekontor, bustad Alversund, seinare Knarvik i Lindås, Alver kommune, fekk skøyte i 1979. Huset vert brukt som feriebustad.

Born: a. Roger Wiken Alfredsen f. 1967 g. 2002 m. Elin Anne Aksdal f. 1956 Pedersen, bustad Bergen. b. Kine Wiken Alfredsen f. 1974, neste eigar (7).

7. Kine Wiken Alfredsen f. 1974 Alversund (jf 6b) g. 2000 m. Joar Lerøy f. 1972 frå Lerøyna i Austrheim, busette der (jf Austrheimb. III s 311). Skøyte i 2013. Naustet ligg på tomt bnr 176, frådelt gnr 169 bnr 1 i 2011, skøyte i 2013.

Born: a. Torkell Johannes Alfredsen Lerøy f. 1996, bustad Byrknes i Gulen. b. Eini Kristin Alfredsen Lerøy f. 1999. c. Åsmund Oliver Alfredsen Lerøy f. 2001. d. Heid Jorunn Alfredsen Lerøy f. 2004. e. Alva Elise Alfredsen Lerøy f. 2008. f. Heljar Mikal Alfredsen Lerøy f. 2014.


Fedje komm.svg Muleide (Fedje gnr 169 bnr 7) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Berglund (Fedje gnr 169 bnr 79) • Neste bolk: Kongestølen