Myklemyr skule

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Myklemyr krins (Nebygdens kreds) er ein nedlagd skulekrins og skule i Jostedalen i Luster kommune. Krinsen vart skipa midt på 1800-talet då dei to tidlegare skulekrinsane i Jostedalen vart delte i fem. Myklemyr var den sørlegaste krinsen i Jostedalen og femnde om området frå bruket Husøy ved kommunegrensa mot Luster i sør til Fossøygjelet i Nord. Det vil seie matrikkelgardane Myklemyr, Ormberg og Fossen unnateke Fossøyane.

Før skulehuset vart bygt, vart det leigd ulike stover til skulerom, og alle borna var samla til skule på ein stad. Krinsmøtet tok initiativet til eit skulehus i krinsen i februar 1891. På dette tidspunktet var skulehusa i krinsane Sperla og Kreken tekne i bruk, og skulen i Mjølverdalen var under bygging. I Myklemyr krins var det usemje om plasseringa av skulehuset, så skulestyret avgjorde at det skulle stå på bruket Knippa. I 1893 var finansieringa i orden, og hausten 1894 kunne den nye todelte skulen takast i bruk.