Myklestogo: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(Innhaldet var forelda. Nytt innhald)
Ingen redigeringsforklaring
Linje 20: Linje 20:
[[Kategori:Museer]]
[[Kategori:Museer]]
[[Kategori:Vest-Telemark museum]]
[[Kategori:Vest-Telemark museum]]
[[Kategori:Bygninger fra 1400-tallet]]
{{bm}}
{{bm}}

Sideversjonen fra 30. nov. 2017 kl. 15:49

Myklestogo er ein freda trebygning som ligg på garden Myklestogo i Landsbyen i Flatdal i Seljord kommune. Stoga høyrde tidlegare til Margit Liens samlinger.

Historikk

Myklestogo vart bygd i 1480, og vart ombygd både på 1700- og 1900-talet. Bjønn A. Nordbø og Bergit Råstogo kjøpte garden frå Steinulv Knutson i 1903.[1] Dottera deira heitte Margit, og var den som seinare overtok bygningen.

Margit Lien var antikvitetshandlar, og Myklestogo vart snart fylt med gamalt innbo og lausøre frå 1700- og 1800-talet. Samlinga omfatta mellom anna rosemåla gjenstander måla av kjende rosemålarar frå perioden. Margit testamenterte alt av antikvarisk verdi til eit legat som overtok huset og innboet etter hennar død. Gjennom legatet vart Myklestogo Kultursenter oppretta, og dette fungerte ei tid som museum.

Då ein såg at drifta ikkje var lønsam avvikla ein kultursenteret og stiftinga. Margit Liens samlingar vart overført til det konsoliderte museet Vest-Telemark Museum, medan Myklestogo vart seld til private eigarar.

Kjelder

  • Flatin, Tov Seljord. 2, Seljord, 1945. Lenke til digital utgåve.
  • Berg, Arne, Norske gardstun, Oslo, 1968. Lenke til digital utgåve.

Referansar

  1. Tov Flatin, Seljord. 2, Seljord, 1945, s. 563