Myri (Bykle gnr 15/85)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 13. mai 2020 kl. 06:48 av Cnyborg (samtale | bidrag) (Teksterstatting – «fylke = Aust-Agder» til «fylke = Agder»)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Myri
Rydda: 1980
Utskilt: 1979
Stad: Bykle (Kyrkjebygdi)
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 15
Bnr: 85
Type: Bustadeigedom

Myri her vart frådela bnr 11 i 1979. Året etter sette kommunen opp huset her.

Kven som var dei fyrste til å bu her veit me ikkje, men i 1984 kom Eigil Holt og familien hans. Dei hadde budd fleire stader fyre dei kom hit. Såleis er sonen fødd i Drammen og dottera i Tønsberg, men til Bykle kom dei frå Molde.

  • Eigil Holt, f 1958
g m Ellen Marie Tyri, f 1947. Born:
  • André, f 1977, bed.øk., Tønsberg
  • Cecilie, f 1980, p t (2003) under utd., Oslo

Eigil er frå Tønsberg, og son åt Signe og Victor Holt. Han var ingeniør i Bykle kommune i åra 1984-86. I det sistnemnde året fekk han seg arbeid i heimbyen. Ellen Marie er frå Lunde i Telemark, og dotter åt Astrid og Ingebret Tyri. Ho er sjukepleiar av yrke.

Ettermannen åt Eigil Holt i jobben og i huset her frå 1986 var Sven Håkon Jørgensen:

Sven Håkon Jørgensen er hobbysmed, og lika å arbeide saman med Folke Nesland i smia hans. Dette biletet er teke i smiedøra hjå Folke av ein fotograf frå Agderposten. Frå samlinga til Folke.
  • Sven Håkon Jørgensen, f 1960
g 1987 m Bente Aslaksen, f 1958. Born:
  • Kristin, f 1991
  • Terje Christian, f 1993, tvill.
  • Lillian Marie, f 1993, tvill.

Sven Håkon er son åt Oddvar og Line Jørgensen frå Saltrød, gamle Moland kommune, nåverande Arendal. Bente er også frå Saltrød. Ho er dotter åt Terje og Lilly Aslaksen. I Bykle var ho kontorassistent i I/S Øvre Otra. Sidan har ho gått over til barnehagearbeid.

Sven Håkon var ingeniør i Bykle kommune frå 1986 til 1994. I det sistnemnde året fekk han seg ei tilsvarande stilling i heimekommunen, og flutte attende til Saltrød. Familien Jørgensen kaupte huset her hjå Bykle kommune i 1988, og selde det vidare til Knut og Laila Kiland i 1995.

  • Knut Kiland, f 1964
g 1988 m Laila Rysstad, f 1967. Born:
  • Oline, f 1994
  • Lars, f 1999
  • Tarjei, f 2004

Knut Kiland er fødd i Tveit ved Kristiansand. Då han var 10 år gamal flutte han til Haugeland i Hylestad med foreldra sine, Arnfinn Kiland og kona, Margit, fødd Haugeland. Knut er produksjonsarbeidar på vindaugsfabrikken.

Laila Kiland er frå Rysstad, og dotter åt Bjørgulv Tarjeisson Rysstad og kona, Thordis Oline, fødd Eikelia (jfr. Valle I, 423). Ho arbeider på eit rekneskapskontor i Valle.

Familien Kiland kom til Bykle i 1992.


0941 Bykle komm.png Myri (Bykle gnr 15/85) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Myrli • Neste bolk: Birkebo