Myri 3 (Bykle)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.
Myri 3
Byklum 141.jpg
Myri 3 i slutten av april 2006.
Foto: Aanund Olsnes
Rydda: 2001
Utskilt: 2001
Stad: Bykle (Kyrkjebygdi)
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 14
Bnr: 70
Type: Bustadeigedom
Postnummer: Myri 3

Myri 3 i Bykle vart utskilt frå Holti, bnr 12, i 2001. Seljaren var Bykle kommune, kauparane var Lill Grethe Tveiten og mannen hennes. Dei sette seg opp hus her sumaren 2002, og flutte inn like etter.

  • Lill Grethe Tveiten, f 1971
sb hv m Aivon Sidney Baretto, f 1970. Born:
  • Stian, f 1994
  • Ingvild Celine, f 1997

Lill Grethe Tveiten er dotter åt Bjarne Olavsson Tveiten og kona, Solfrid, fødd Haugen (sjå Gosen, gnr 15, bnr 64 ). Lill Grethe er bioingeniør av utdanning, men arbeider nå på kontoret på vindaugsfabrikken.

Aivon Baretto er fødd i Bombay, India, men oppvaksen på Stord. Der bur framleis foreldra hans, som heiter Celina Fabina og Francis Xavier Baretto. Aivon er bilmekanikar av yrke.


0941 Bykle komm.png Myri 3 (Bykle) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Myri 2-8 • Neste bolk: Gjerden