Måløy

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 7. mai 2018 kl. 22:11 av Olve Utne (samtale | bidrag) ({{nn}})
Hopp til navigering Hopp til søk
Måløy
Foto: Ukjent fotograf/Nasjonalbiblioteket (1960).

Måløy er ein tettstad og administrasjonssenter i Vågsøy kommune i Sogn og Fjordane. Staden ligg på søraustsida av Vågsøy, og har drygt 3100 innbyggjarar (2012). Kommunen vedtok bystatus for Måløy i 1997.

Opphavleg var Måløy namnet på ei lita øy mellom Vågsøy og fastlandet. Fyrsteleddet er truleg frå norrønt mál, som tyder «stemne» eller «ting», og viser nok til at øya var tingstad i eldre tid. Tidlegare var øya hamn for hurtigruta, og den fyrste postekspedisjonen låg der. Etter kvart vart både hurtigrutehamna og posten flytt til dagens Måløy, og øya fekk namnet Søre Måløy, lokalt også kalla Moldøya eller Lisje-Måløyna.

Måløy er ei viktig fiskehamn, der fleire eksportfirma tek imot fisk. Måløybrua fører riksveg 15 over Ulvesundet til fastlandet, og hurtigruta har framleis stoppestad i Måløy, så det er eit viktig kommunikasjonssenter.

Fjordenes Tidende vert utgjeve i Måløy.

I desember 1941 vart Måløy angripe av britiske og norske styrkar i det som vart kjent som Måløyraidet. Det var i dette åtaket av kaptein Martin Linge miste livet.

Kjelder

Koordinater: 61.93533° N 5.11364° Ø