Næs Forbruksforening

Næs Forbruksforening blei starta i 1870 av eit andelsselskap på Gvarv i Sauherad kommune. Forretninga låg i Gamlegata og var ein assortert landhandel. Kring 1950 sysselsette forretninga fem mann. I 1895 fekk huset 2 høgder og den sveitserstilen det har i dag.

Næs Forbruksforening arkiv
Arkivinstitusjon: Evju Bygdetun
Arkiv-id: EBK-P-102
Fylke: Telemark
Kommune: Midt-Telemark
Stad: Gvarv
Innhald: Protokollar, Aksjebrev, Forhandlingsprotokollar
Digitalt innhald: Arkivkatalogen

På denne staden i Gamlegata blei det åpna ”Handelshus” så tidleg som i 1870. I 1895 fekk huset 2 høgder og den sveitserstilen det har i dag.

Sidan, i 1924, kom det eit tilbygg med pakkbu og utleigesal.

Næs Forbruksforening utvida i 1956 vestover og dreiv daglegvareforreting der heilt opp mot århundreskiftet. Tida for forretningsdrift i den gamle sveitserhusdelen var da over.[1]

Dei fleste husa i sveitserstil i Norge blei bygd mellom 1860 og 1920. Ofte var det som med dette huset, at opprinneleg var det et eldre hus, og når dette skulle pussast opp, fornyast eller utvidast, blei sveitserstilen nytta. I vårt område blei denne byggestilen mykje brukt i denne perioden.

I bygningane har det ellers vore folkebibliotek. Saude og Nes Sparebank heldt ei stund til her før dei fekk sitt eige nybygg, og dei siste åra har den eldste delen vore nytta til kunstnarhus før den blei selt til private.

Arkiv

Arkivet etter Næs Forbruksforening kan studerast ved Sauherad lokalhistoriske arkiv.

Kjelder

  • Sætherskar, Johs. (red.), Det Norsk Næringsliv 4: Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949. Lenke til digital utgåve på Bokhylla.

Referansar

  1. Sætherskar, 1949, s. 877.