Nøttesanking med hasselkrok

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.
Haslekroken klar til bruk
Haslekrok
Haslekroken i bruk

Haslekroken, på godt austefjordsk «hasljekrokjinj» eller "natakrokinj", er ein reiskap som har gått ut av bruk for fleire tiår sidan. Den var ein par meter lang krok av tre, vanlegvis laga av hassel eller bjørk. I tjukkaste enden var det ei grein eller rot som danna ein kraftig krok. Brukaren heldt i den tynne enden.

Alle reidskapar blir oftast brukt til fleire ting. Den same, eller ei litt grovare utgåve var med når storuksane/"foreiningsuksane" skulle hentast frå sommarhamning. Då vart den brukt til å krøkje i naseringen for å få tau i ringen og dermed kontroll på uksane som oppførte seg som udyr etter månader på frifot.

Plukking av nøtter – nataplukking – var attåtnæring der gardane hadde hassel eller i daglegtale «nataskog». Hasselen er bøyeleg og føyeleg. Haslekroken vart brukt til å bøye ned greinene slik at den som plukkar kan unngå å klatre. Ein var ofte fleire i fylgje. Den som var tyngst og sterkast brukte kroken og henta ned grein for grein og heldt medan den som var snar plukka neter, gjerne med hamsen på. Så tok ein fangsten med heim og la den til turk og modning slik at alle netene sleppte hamsen av eigen fri vilje. Når netene sleppte hamsen var dei gjerne svakt brune på let/farge.

Handelsmannen kjøpte fine neter, lagra dei i jutesekkar og selde dei til kundane til jul. Før 1950 var det seld mykje lokale neter i butikkane.

Langs vegen frå Volda til Austefjorden var beste nataskogen i Greivsnesurdene, Hjartåberget, Selvikberget og Geitvikurdene. Klyngjer med hassel var der andre plassar og, på begge sider av fjorden. Hasselen fekk vekse i fred på det som vart kalla «afala mark», i urd og stupbratt lende som ikkje var brukeleg til å slå gras til for.

Haslerunnane vart uttynna og stelt då det gjekk kløyvde haslerenningar til tynneband før jernbanda tok over. Hasselen var og brukt til "hesved"; staur, snarskore og skore til strenghes. Tidlegare og til troder på trohes. Denne harde uttynninga gjorde at det kom lys inn i haslerunnane og dermed god vekst på netene.

Ein del av netene vart ikkje selde same året dei vart plukka, kanskje ikkje året etter heller. Anna Engjaberg (f. 1909) var i teneste/butikkdame hos to handelsmenn, fyrst i Austefjorden så i Dalsfjorden rundt 1930-1935. Ho fortel at metoden for fornying av netene av eldre årgang var den same: når jula nærma seg leitte handelsmannen fram ei tynne, fylte den passeleg med vatn og slo neter av eldre årgang í vatnet. Innturka kjernar trekker vatn, fyller skalet og blir veldig gode på smak. Netene fekk stå slik ei tid, kontrollen var nataknekking og prøvesmaking, så visste ein når prosessen var ferdig.

Dette kan ein berre prøve. Kjøpmannstrikset fungerar. Om dagens mattilsyn likar slikt er ei anna sak.

Demonstrasjonsvideo på YouTube

http://youtu.be/VNc_8iPihVg

Informantar

  • Anna Åheim (f. Engjaberg 1909)
  • Åshild Ullaland (f. 1940)


Ekset, Møre og Romsdal - Riksantikvaren-T314 01 0069.jpg Nøttesanking med hasselkrok er ein del av prosjektet Kulturminneregistrering i Volda og er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Artiklar i Kjeldearkivet skal ikkje endrast, bortsett frå at lenkjer kan leggjast inn.
Fleire artiklar finn du i denne alfabetiske oversikten og på prosjektforsida.