NEG 105 Sauehald

(Omdirigert fra «NEG 105»)

NEG 105 Sauehald er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 1964 med tittel Sauehald. Utsendarar var Lily Weiser-Aall og Gustav Nærland.

Sauegjeting i Bøgrend i Vinje kommune.
Foto: Nasjonalbibliotekets bildesamling (1950-52).

Introduksjon til spørjelista

Nokre drag i eldre tids stell av sauen har halde seg like til vår tid, men mykje er vorte annleis. Vi vil gjerne få opplysningar om det som ein hugsar om sauestellet i eldre tid. Vi ber om at De, når svaret gjeld eldre tid, opplyser om korleis ein gjer det nå, og at De, dersom det er mogeleg, fortel når skiftet gjekk for seg. Denne gongen tar vi difor ikkje med det stereotype spørsmålet ”Korleis er det med dette i dag?”

Siste delen av emnelista, eit avsnitt om sauesjukdomar og husråd mot dei, er skriven av fylkesveterinær Gustav Nærland.

Brukt i publikasjonar

  • Gjertsen, Karl Ragnar: Byggeskikk på Krossøy : en undersøkelse fra Austrheim i Nordhordland. I: By og bygd 27(1978) s. 21-68. Digital versjonNettbiblioteket.
  • Ropeid, Andreas: Produksjon og kosthald ved fjorden : døme frå Nordfjord. I: Norveg 19(1976) s. 181-209. Digital versjonNettbiblioteket.

Sjå også

Eksterne lenker

  • Sauehald (ekstern lenke til spørjelista)