NEG 38A Seremoniar og festar i samband med husbygging

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 5. okt. 2022 kl. 13:53 av Marianne Wiig (samtale | bidrag) (Teksterstatting – «Kategori:Byggearbeid» til «Kategori:Byggevirksomhet»)
Hopp til navigering Hopp til søk

NEG 38A Seremoniar og festar i samband med husbygging er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 1953 med tittel Seremoniar og festar i samband med husbygging. Dette emnet gjeld i samband med husbygging på bygda. For husbygging i byane, sjå NEG 38B. Utsendar var Andreas Ropeid.

Introduksjon til spørjelista

Det har i eldre tid vore ymse seremoniar og festar i samband med husbygginga, og er slik ennå. Vi kjenner tolleg godt til slike skikkar i grannelanda våre. Dei skikkane som var vanlege her i landet, kjenner vi derimot mindre til. Denne spørjelista skal freista å retta på dette. Dei skikkane det her gjeld, kan ha ulikt opphav. Dei kan vera runne av dei gamle formene for grannesamarbeid og -samliv på bygdene eller dei kan ha opphavet sitt i gamle, innførde handverksskikkar. Vi må difor i tradisjonen rekna med å finna ei blanding av heimleg og innført. Ein liten detalj kan då ver viktig for den som vil freista å avgjera om den einskilde seremonien og handlingen er heimleg eller innførd, og vi ville difor gjerne at De skulle vera nøye med detaljane, serleg når De fortel om pynten som det er spørsmål etter i sp. 46. Vi nyttar orda seremoni og fest. Med seremoni meinar vi då ein heller stutt, tradisjonsbunden handling, som t.d. at det vert drukke ei skål eller halde ein tale. Festen varer lenger; dei som er med, får mat eller det vert dansa.

Brukt i publikasjonar

  • Evensen, Hans Petter: Slå med ljå : bruk av håndredskap i blomstereng og annen slåttemark. Utg. Sollia forlag. 2015. Digital versjonNettbiblioteket.

Sjå også

Eksterne lenker

Emne: Seremoniar og festar i samband med husbygging (ekstern lenke til spørjelista)