NEG 6t Folkelege musikkinstrument

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 14. jul. 2022 kl. 08:38 av Larsma (samtale | bidrag)
Hopp til navigering Hopp til søk

NEG 6t Folkelege musikkinstrument er eit tillegg til spørjelista NEG 6 Folkelege musikkinstrument sendt frå Norsk etnologisk gransking i 1952 med tittel Folkelege musikkinstrument. Etter nokre år vart det naudsynt å stille fleire spørsmål som ikkje vart fanga opp i NEG 6. Resultatet vart NEG 6t. Utsendar var Leif Løchen og Rigmor Frimannslund. Svara til desse to listene er arkivert i lag under NEG 6 Folkelige musikkinstrument.

Introduksjon til spørjelista

Tilleggsspørsmål til nr. 6, Folkelege musikkinstrument

1) Kjenner De til om lurar som er rulla saman av bork (vanlegvis av orebork) har vore utstyrt med eitkvart lydskapande ved munningsenden der ein bles (t.d. eit spalta halmstrå, halmpipe el.l.)?

2) Kjenner De desse orda: halme, harpipe som namn for lur eller eit anna slag instrument (kva slag)?

3) Vi vil gjerne vita om ymse slag rangler er kjent hjå Dykk, t.d. desse: gåsehals som er rulla saman og fylt med erter; ymse slag skall fylt med småstein og lignende; staver eller reip med ringer på o.s.b. Gjer vel og fortel kva slag rangler De kjenner, og kva namn ein har på dei.

4) Har ein kjennskap til enkle måtar ein kan få fram knall og smell – t.d. smella eit blad i handa, smella ein pose fylt med luft, smella blomstrkruna til visse slag klokkeblomar (kva for blomar), leggja glør på ambolten og slå til, svepesmell, nøtteskall i elden o.s.b.? Fortel kva De kjenner av dette og liknande, korleis og kva tid ein brukte gjera det, og om ein har noko slag nemningar på dette. Her kunne det òg nemnast gevær- og dynamittskot ved festlege høve. Veit ein av at det har vorte knytt noko slag truer til dette, t.d. at det skulle vera vern mot vonde makter, eller gje lukke og lignende?

5) Kjenner ein serlege lyder eller ulyder som ein har meint skulle driva bort vonde ånder, sjukdom, ulukkor, uver og andre slag vanheppe?

Sjå også

Eksterne lenker