NEG 7t Skav

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «NEG 7t»)
Hopp til navigering Hopp til søk

NEG 7t Skav er eit tillegg til spørjelista NEG 7 Skav sendt frå Norsk etnologisk gransking i 1947 med tittel Skav. Etter at det kom svar inn til NEG 7, kom det fram informasjon som krav nye spørsmål. Resultatet vart å sende ut NEG 7t. Utsendar var Rigmor Frimannslund og Andreas Ropeid Svara til desse to listene er arkivert i lag under NEG 7 Skav.

Introduksjon til spørjelista

Tilleggsspørsmål til nr. 7, Skav

1. Eit par av medarbeidarane våre har fortalt at krøterhandlarane når dei kjøpte kyr om våren, betalte meir for ei ku som hadde fått skav om vinteren enn for ei som ikkje hadde fått. Er dette kjent frå Dykkar bygd? Kor stor kunne i tilfelle skilnaden i prisen vera, og kva var grunnen til at krøterhandlarane gjorde dette?

2. Var det vanleg tru eller røynsle i Dykkar bygd at ei ku som hadde fått mykje skav, fekk svart kjøt som var vanskeleg å selja? Var det i tilfelle alle slag skav som hadde slik verknad, eller var det berre skavet frå visse slag tre?

3. Var det likeeins vanleg tru eller røynsle at mjølk frå ei ku som hadde fått skav, var fårleg for kalvar eller smågrisar? Var det alle slag skav som hadde slik verknad, eller var det berre skavet frå visse slag tre.

4. Det er mykje om å gjera for oss å få vita kor mykje dei skov, dei som brukte skav årvisst. Difor vil vi gjerne vita om dei hadde noko mål for kor mykje dei skulle eller burde skava kvart år. Frå Vest-Agder kjenner vi t.d. ein regel som seier at ein gard som utan skav fødde 4 kyr, den skulle til vanleg greia å fø 5 kyr om ein tok skavet til help (ein mann med 4 kyr skov til den femte). Kjenner De slike reglar frå Dykkar bygd?

5. I store delar av landet har dei nytta ein skavl (skjevel, ei skjøve eller andre former) til å skava med. Den vil vi gjerne få vita noko meir om. Kor stor var vinkelen mellom skaftet og sjølve bitjarnet? (Etter dei teikningane vi har fått, kan det variera mellom om lag 60o mellom kniv og skaft og 180o mellom kniv og skaft. Var bladet rett eller var det bøygt slik at skavlen òg kunne nyttast ved ymse utholingsarbeid (skeier, auser og lignende)?

6. Fleire medarbeidarar frå det det stroket der dei nytta skavljå, har fortalt at det var vanleg å stø skavljåen mot ein staur eller stolpe som rakk frå golvet og opp under beten. Vart denne stauren nytta til noko anna òg, t.d. arbeidet med bandstakar?

7. Vi ville gjerne få vita korleis dei stelte seg, dei gardane som ikkje hadde skavskog. Er det kjent i Dykkar bygd at ein kjøpte eller leigde skavskog? Kjøpte eller leigde dei då heile skogteigar eller berre skavtrea som stod i ein viss teig eller strok? Korleis vart leiga betalt?

8. Er det kjent i Dykkar bygd at det ved delinga av sameigeskog vart teke omsyn til skavinga og korleis?

9. Kunne ein ta skav i ålmenning?

10. Hadde husmennene rett til å ta skav i skogen til husbonden sin?

11. Kjenner De ordet skavhella frå Dykkar bygd? Kva er i tilfelle ei skavhelle? Kan De seia kva slag steinslag det er i den? Kva vert (vart) den nytta til og korleis? I tilfelle den ikkje er nytta til noko serleg, er det då nokon tradisjon om kvifor den har fått namnet sitt?

12. Var det vanleg tru at gardsnissen (tuftekallen, gobonden) kunne setja skavet på skavveden att dersom ein hadde slurva med skavinga?

Sjå også

Eksterne lenker