NEG S16 Smøygjing og smurning

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «NEG S16»)
Hopp til navigering Hopp til søk

NEG S16 Smøygjing og smurning er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 1960 med tittel Smøygjing og smurning. Utsendar var Lily Weiser-Aall og spørjelista er ein del av arkivserien NEG Særemne.

Introduksjon til spørjelista

Den barnesjukdomen som skulle lækjast med desse to rådene, var ”engelsk sjuke” eller rakitt. Sjukdomen har i vårt land hatt mange namn, som svek, valke, riset, grand o.fl.

1. Kva namn vart brukt i Dykker bygd om denne sjukdomen?

2. Rekna dei med fleire slag sjukdomer i denne gruppa, og i tilfelle kva namn og ytre kjenneteikn hadde folk på desse?

I folkemedisinen vart det nytta mange råder mot denne vanlege barnesjukdomen. Vanlegast var smøygjing og smurning. Opplysninger om andre råder er også viktige.

Smøygjing gjekk oftast ut på at dei drog det sjuke barnet gjennom opningar i tre eller andre hol.

3. Kven var det som utførde dette, og korleis gjekk det til?

4. Skulle det lesast noko eller seiast fram nokon formel under smøygjinga?

Ved smurning vart det laga ei smørje, t.d. av fleire slag urter, som dei la eller smurde på dei sjuke og opphovna ledane.

5. Kven var det som utførde denne smurningen eller smørjinga?

6. Kva inneheldt den smørja dei nytta, og korleis var tillaginga?

7. Skulle det lesast medan dei laga smørja til?

8. Korleis smurde dei? Kunne dei t.d. ta til i hårkverveln i hovudet og smørje nedover heile kroppen (men ikkje i andeletet, på hendene og under fotsolane)?

9. Skulle dette gjerast fleire gonger med visse mellomrum?

10. Kva gjorde dei med den smørja som vart att?

11. Hende det dei kjøpte smørje, t.d. i Sverige?

12. Kva heitte den smørja dei kjøpte?

Sjå også

Eksterne lenker