NEG S2 Smørform

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «NEG S2»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Smørform, Norsk Folkemuseum NF.1917-0277. Lagd i 1828 på ukjent sted, og brukt i Stor-Elvdal i Hedmark. Innskrift J J D I 1828 K.S.T.
Foto: Digitaltmuseum.no/Norsk folkemuseum

NEG S2 Smørform er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 1950 med tittel Smørform. Utsendar var Rigmor Frimannslund og spørjelista er ein del av arkivserien NEG Særemne.

Introduksjon til spørjelista

Mellom norskætta folk i Amerika er der ymse reiskap som er i bruk, som vi ikkje kjenner, men som mogleg har vore nytta her i gamal tid. Ei smørform som denne er vanleg der borte. Norsk Folkemuseum har eit einaste, men uheilt, eksemplar som er frå Modum. Kjenner De denne forma? Sjølve forma er svarva. Stempelet er festa til eit handtak som går gjennom toppen av forma. Ein fyller smøret i forma, set ho på eit fat og trykkjer stempelet ned. I stempelet er eit mynster, og når ein lyfter forma bort, står mynsteret fint på toppen av smørstykket. Dersom dette er ukjent, skriv ”ukjent” her på arket. Har De noko meir å fortelja om det, så svar på eit svarark.

Sjå også

Eksterne lenker