NEG S63 100 år med stemmerett

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «NEG S63»)
Hopp til navigering Hopp til søk
De fire store kvinner i stemmerettskampen - illustrasjon til logo for den departementalt oppnemnde komiteen for stemmerettsjubileet 1913-2013 (Stemmerettskomiteen)

NEG S63 100 år med stemmerett er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 2012 med tittel 100 år med stemmerett. Utsendar var Line Grønstad og spørjelista er ein del av arkivserien NEG Særemne.

Introduksjon til spørjelista

I 2013 er det hundre år sidan alle fekk stemmerett i Noreg. På Norsk Folkemuseum arbeider vi i desse dagar med ei utstilling som skal opne i høve jubileet. I 2010 sendte vi ut ei undersøking kalla "Foregangskvinner" i høve den same utstillinga, og no føl vi opp med nye tema.

Til denne utstillinga, og til NEG sitt arkiv, ønskjer vi å få inn erfaringar frå menn og kvinner rundt ulike tema knytt til kjønn. Korleis har forventningar og tankar, lovverk og endringar i tida, verka inn på dine val og handlingar? Har noko endra seg i di levetid?

Tida det tar å svare på undersøkinga varierer etter kor mykje du ønskjer å dele med oss. Skriv gjerne lange svar! Du må ikkje svare på alle spørsmåla. Hugs, det er dine erfaringar og opplevingar vi er på jakt etter!

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Skulle du ønskje å trekke tilbake svaret ditt, kan du når som helst be om at vi slettar det.

Har du spørsmål eller ønskjer legge ved bilde, avisartiklar, eller liknande, send meg ein e­post.

Sjå også

Eksterne lenker