Nes mållag

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «NES MÅLLAG»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Nes Mållag arkiv
Arkivinstitusjon: Evju Bygdetun
Arkiv-id: EBK-P-104
Frå år: 1897
Fylke: Telemark
Kommune: Midt-Telemark
Stad: Evju Bygdetun
Omfang: 0,15
Innhald: Møtebøker, korrespondanse, springlister, rekneskap
Digitalt innhald: Arkivkatalogen

Nes mållag i Midt-Telemark kommune blei stifta på Gvarv 4. oktober 1908 av blant andre Ketil Skogen, tidlegare stortingsrepresentant for Venstre. Laget eig Kjernehuset i Gvarv sentrum som er pussa opp og som starta opp att med serveringsverksemd og konsertar våren 2013. I 2021 er det Frivilligsentralen i Sauherad som held til i bygget.

Framveksten av målrørsla og den frilynde ungdomsrørsla

Utdrag frå Olav Rovdes artikkel i «Kultursoga for Sauherad»

Det var særleg to rørsler som dominerte organisasjonsframveksten på bygdene frå slutten av 1800-talet, og som utvikla seg vidare på 1900-talet: målrørsla og den frilynde ungdomsrørsla. Dei var i mange samanhengar nærskylde. Ei hovudoppgåve for dei begge var å «fremje landsmålet og den norske kulturen»,  som det heitte i lagslovene til Telefylket frilyndte Ungdomssamlag.[i] I tillegg til kamp for «det norske», var fråhaldssaka eit prioritert område, sjølv om det aldri vart kravd totalfråhald av medlemene, slik fråhaldsorganisasjonane gjorde.  

I eit stemne for ungdomslag på Årnes i 1895 vart ungdomssamlaget sett på beina som ein samleorganisjon for alle dei lokale ungdomslaga i Bratsberg. Samlaget vart samstundes underorganisasjon for Noregs Ungdomslag som vart skipa året etter. Sauherad var representert med ungdomslag både på Akkerhaugen, Nes og  Hjuksebø, men den frilynde ungdomsrørsla i kommunen vart aldri så sterk som i Øvre Telemark. Det kan ha samanheng med innverknaden kristendom og indremisjon fekk i Sauherad – m.a. rundt ungdomsmiljøa knytte til Sagavoll. Den frisinna rørsla stod altfor nær «fritenkjarane» rundt folkehøgskulen i Seljord.

Målrørsla – som altså hadde slektskap til ungdomsrørsla, hadde eit noko sterkare nedslag i kommunen, men den vart seinare organisert enn den frilynde ungdomsrørsla. Noregs mållag vart skipa i Oslo 1906. To år seinare kalla Ketil Skogen inn til møte på Furuheim, bak bakeriet på Gvarv, der det i dag er omsorgsbustadar – for oppretting av Nes Mållag. Skogen, som på denne tid var oppteken med jus-studiet i Oslo, kunne ikkje gå inn som formann. Erik Gunheim vart valt, han stod sentralt i målarbeidet i heile sitt vaksne liv. Skogen gjekk inn som leiar i mållaget seinare, og saman var dei to sterke pådrivarar for «å gjeva det nynorske målet det rom og den vyrdnad det med all rett hev krav på: Å verta Norigs godkjende hovudmål», som det heitte i første post i lovene.[ii] Prioriterte arbeidsoppgåver var å innføre nynorsk som kyrkjespråk. Første målgudsteneste i Nes kyrkje var i 1909. Men språkkrav i gudstenestene vekte (som vi skal sjå) strid til langt inn i siste etterkrigstid. Den som elles stod sentralt i arbeidet i mållaget, var Rolleiv Lønheim. Han var formann i fleire perioder både på 20- og 30-talet, og etter krigen (1949–54, 1968–79), og han vart utnemd som første æresmedlem i 1983.

Nes mållag stod åleine som målorganisasjon i kommunen dei første 10–15 åra etter skipinga i 1908. Men i denne perioden, og særleg den første tida, dreiv det eit aktivt mållagsarbeid. Medlemslista frå 1908 talde 124 personar frå heile bygda. Året etter syner årsmeldinga at det vart halde 16 møte, av dei 3 festar og ein større basar. På 10-årsfesten hausten 1918 på Sagavoll, leidd av formannen Johannes Kittelsen, var det samla om lag 300 menneske.[i] Ved  starten i 1908 vart det oppretta eit handskrive blad, Fossegrimen, der det vart trykt dikt og litterære tekstar av nynorskforfattarar: Ivar Aasen, Aasmund O. Vinje, Rasmus Steinsvik, Per Sivle, Lars Eskeland, Anders Hovden, Arne Støylen, Arne Garborg. Garborg vitja også laget våren 1910. Medlemene tok del med eigne tekstar – og eigne dikt – mest med nasjonalt innhald, i pakt med dei politiske stemningane i målmiljøa etter unionsoppløysinga.[ii]

Frå slutten av 1920-åra gjekk aktiviteten i Nes mållag attende. Frå 1931 til 1938 låg det heilt nede, men leiaren, Kristen Gunheim (han var utdanna lærar og bror til Erik Gunheim), heldt liv i det ved å kalle inn til årsmøte og selje julehefte. Under okkupasjonen vart alt lagsarbeid lagt ned. Atterreisinga skjedde i 1949, og fram til midten av 1950-åra vart det igjen ein stor organisasjon med ein medlemsmasse på opp mot 90. Gjennom aktiv medlemsverving heldt tala seg høge lenge, men det vart stadig vanskelegare å få medlemene til å stille på møta. Det var mest styret som heldt arbeidet i gang.[i]







Kjelder og litteratur