Namdalen

Namdalen (norsk) eller Nååmesjevuemie (sørsamisk) er eit landskap eller ein region lengst nord i Trøndelag fylke med til saman 37 812 innbyggjarar (4. kvartal 2019) og 13 018 kvadratkilometer, fordelt på dei elleve komunane Namsos, Nærøysund, Overhalla, Grong, Lierne, Høylandet, Flatanger, Osen, Namsskogan, Leka og Røyrvik. Arealet utgjer ein tredjedel av Trøndelag, men folketalet utgjer berre drygt 8 % av fylket sitt folketal. Snåsa kommune vert i nokre samanhangar rekna med til Namdalen, og då vert areal og folketal noko høgare. Kommunen definerar seg i dag helst som del av Innherad.

Kart over Midt-Noreg med Namdalen markert i okergult. Kartet er frå før kommunereformen i 2020.

Landskapet har ikkje nokon eigen administrasjon, men interkommunalt samarbeid finst og Namdal regionråd har ei viktig rolle i distriktet. Stundom skil ein mellom Indre Namdal og Ytre Namdal. Landskapet grensar til Innherad, Fosen og Helgeland i Noreg og Jämtland i Sverige. Det er to byar i området — Namsos og Kolvereid. Kolvereid er den minste byen i Noreg.

Litteratur og kjelder