Natur og kulturstig, Dalsida i Lesja

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 31. jan. 2016 kl. 17:19 av Olve Utne (samtale | bidrag) ({{nn}})
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.

Natur- og kulturstigen startar ved NysetreDalsida i Lesja. Den inneheld 24 postar som presenterer naturfaglege og kulturhistoriske tema knytt til området mellom Tandsetre og Nysetre. Heile stigen er knapt 10 km, men ein kan gjennomføre berre delar. Stigen passerer ei gravrøys frå bronsealder, der ein òg har funne kol frå noko som truleg er eit bål frå steinalder. Ein post handlar om klebersteinbrytinga i området, ein annan om gruvedrifta som gjekk føre seg her kring midten av 1850-talet.

Andre postar tek for seg seterdrifta, den gamle jakt- og fangstkulturen, vasskraftutbygging og ei rad tema frå plante-, fugle- og dyrelivet og geologien i området.

Kjelde