Natzweiler-Struthof

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Natzweiler-Struthof fotografert i 2001, med minnesmerket over dei som omkom der i bakgrunnen.
Foto: Medy Sejai

Natzweiler-Struthof, oftest kalla berre Natzweiler, var ein tysk konsentrasjonsleir under andre verdskrigen. Han låg i Alsace, og var den einaste konsentrasjonsleiren på fransk territorium. Drygt 500 nordmenn var fangar i Natzweiler, og av dei omkom kring halvparten.

Leiren vart opna den 21. mai 1941, og var i drift fram til september 1944. Kring 40 000 fangar frå ei rekke land vart plassert der. Det var ein leir for Nacht und Nebel-fangar, altså dei som skulle forsvinne i natt og tåke. Planen var at dei skulle arbeide til dei døydde, og at dei pårørande ikkje skulle få vite noko om skjebna deira. Det var ikkje ein dødsleir som Auschwitz, men ein kombinasjon av hardt arbeid, dårleg kosthald og hygiene og mishandling førte til at kring 25 000 fangar omkom i leiren.

Då allierte styrkar nærma seg området hausten 1944 vart leiren evakuert av SS. Dei første amerikanske styrkane kom til leiren den 23. november 1944.

I rettsoppgjøret etter krigen vart tre av dei tiltalte frå Natzweiler-Struthof dømt til døden. To av dei vart avretta ved hengning, medan kommandanten Fritz Hartjenstein døydde i fengsel. Berre seks personar var tiltalt. To av dei andre fekk ti års fengsel, og den siste fekk 15 års fengsel. Nordmannen Nils Onsrud var ein av dei som vitna i saka.

Norske fangar

Som nemnd var meir enn 500 nordmenn fangar i Natzweiler. Bland dei mest kjende var:

Trygve Bratteli gav i 1980 ut boka Fange i natt og tåke, og Kristian Ottosen gav i 1995 ut Natt og tåke : historien om Natzweiler-fangene.

Litteratur og kjelder