Nedre Ekset (Volda gnr 13/1)

Nedre Ekset er eit gardsbruk på matrikkelgarden Ekset i Volda kommune. Det ser ut til å ha vorte utskild frå det gamle hovudbølet Øvre Ekset på 1600-talet. Garden er særleg kjend gjennom lensmannen og folkeopplysaren Sivert Aarflot (1759–1817), som kjøpte han i 1798. Då hadde garden lenge vore lensmannsgard, og han har òg vore kapteinsgard.

Ekset
Ekset Sivert Aarflot museet.jpg
Nedre Ekset med Sivert Aarflot-museet.
Foto: Heidi Thöni Sletten (2009).
Alt. namn: Ekseth, Egseth, Eegseth
Stad: Morkabygda
Sokn: Volda
Fylke: Møre og Romsdal
Kommune: Volda
Gnr.: 13
Bnr: 1
Nedre Ekset.
Foto: Francis Bull
Nedre Ekset, frå Ålesund og Sunnmøre, utg. Kjenn Ditt Land 1930.

Sivert Aarflot starta Aarflots prenteverk, det første prenteverket på landsbygda i Noreg, på Ekset i 1809. Minne frå den tida er samla i Sivert Aarflot-museet på Nedre Ekset.

I 1844 brann husa på Nedre Ekset. Eigaren Rasmus Sivertsson Aarflot og sønene var ikkje heime, så det var få folk til å sløkkje. Bok- og kartsamlinga til Sivert Aarflot gjekk tapt i brannen. Tunet vart bygd opp att av sonen Morits Andreas Rasmusson Aarflot, som tok over garden i 1845.

Ein rekkje bruk og eigedomar er utskilde frå Nedre Ekset; sjå liste i artikkelen om matrikkelgarden Ekset.

Eigarar/brukarar

Born ein kjenner:
gift 1) med Johanne Holbek.
gift 2) med Elisabet Canutte Reutz (d. 1780).
Born ein kjenner (uvisst kven som var mora):
Otto Christopher von Rodtvitt (1721–1799). Arva frå faren 1764.
Johan Christian Wilhelm Bernitz (f. 1739), kapteinløytnant. Bygsla frå 1774.
gift 1774 med Margrete Reutz
gift med Elsebe Lund Meldal (f. 1736). Born ein kjenner:
gift Gunhild Rasmusdotter Eikrem (omkr. 1756–1836). Born:
gift med Synneve Moritsdotter Bjørkedal. Born:
gift 1848 med Nikolina Pedersdotter Schelderup (d. 1908).
gift 1905 med Ingeborg Olsdotter Reite. Born:
gift med Synneve Martinusdotter Berkvik. Born:
gift 1965 med Petra Ragnhild Sandnes.

Litteratur og kjelder


  Nedre Ekset (Volda gnr 13/1) er ein del av prosjektet Sivert Aarflot og er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Artiklar i Kjeldearkivet skal ikkje endrast, bortsett frå at lenkjer kan leggjast inn.
Fleire artiklar finn du i denne alfabetiske oversikten og på prosjektforsida.