Nedre Haugan (Fyresdal gnr. 95/1)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.
Nedre Haugan i Hauggrend.

Nedre Haugan (Fyresdal gnr. 95/1). I 1831 vart matrikkelgarden Haugane dela i to etter at det ei kort tid hadde vore leiglending på halve garden. Ved skøyte 1831 fekk Sigurd Olavson Sandland (1786-1854) frå Skafså halve Haugane med skyld 9 ¾ setK for 400 spd. Dette vart gnr. 95/1 Nedre Haugane då dette tunet låg nede ved den nye alfarvegen.

Sonen Endre Sigurdson (1820-) fekk garden ved arv i 1850 og gifta seg same året med Margit Gjermundsdotter Haugen (1830-1918) frå Hegglandsgrend. Dei dreiv garden i mange år, men selde i 1885 til Talleiv Olavson Væting saman med Skog under Foldsæ for 8400 kroner. Etter det flytte dei til Helland. Dei to eigedomane N. Haugane og gnr. 93/2 Skog vart slegne saman i 1904.

Det kom bruksfolk til N. Haugane. Tori Kjetilson Holtan (1858-1940) var gift 1889 med Gunhild Talleivsdtr. Væting (1860-1928). Han var bakar, men vart gardbrukar her. I 1913 fekk han skøyte frå verfaren for 7000 kroner og vart med det sjølveigar. Gunhild var syster til Else Talleivsdtr. som var gift på Øvre Haugane. Tori (Tore) og Gunnhild hadde fire born, Gunhild (1890-), Eldrid (1894-1958), Valborg (1897-1967) og Tordis (1901-).

Skysstasjon. I tida før 1679 var det skysshaldarstasjon på Øvre Haugane, men då hovudvegen vart lagt lengre ned i dalsida på 1800talet var det ein periode skysstasjon på Nedre Haugane. Etter kvart vart denne så flytta til Rindebakken der det vart etablert offisiell skysstasjon 1901.

Kjelder og til utdjuping

  • Marvik, Steinar: Fyresdal. Gards- og ættesoge. Bind III. Fyresdal kommune 1992
  • Veum, Bendik: Fyresdal. Ættebok. Utgjevar Fyresdal kommune 1943 Prenta hjå Johansen & Nielsen, Oslo
  • Gjærum, Erling. Ættesoge for Haugan og Moghus ætti i Førsdal (Fyresdal). Utgjevar Sigurd Haugan, Melum, 3700 Skien 1972.
  • Lie, Torbjørg: Brev til «Decorah-Posten» 1890-1922. Red. Øyvind Gulliksen. Fyresdal Sogelag. –«Sjå deg attyvi»- 1996

Biletgalleri