Nedrelid (Jostedalen)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 26. jan. 2016 kl. 14:02 av Cnyborg (samtale | bidrag) ({{nn}})
Hopp til navigering Hopp til søk
Nedrelid
Alt. namn: Li, Lid
Fyrst nemnd: 1596
Stad: Jostedalen
Sokn: Jostedalen
Fylke: Sogn og Fjordane
Kommune: Luster
Gnr.: 191

Nedrelid (Luster, gnr. 191) (Garen) er ein matrikkelgard i Jostedalen, Luster kommune. Matrikkelgarden ligg på vestsida av Jostedøla og grensar i sør mot Sperla og i nord mot Jostedal prestegard.

Matrikkelnamnet er Nedrelid, men lokalt har garden vorte kalla Garen iallfall sidan tidleg på 1700-talet, truleg lenger.

Bruk og husmannsplassar

Nedrelid vart delt i to jamstore bruk kring 1659, men kring 1698 fekk same brukar hand om heile garden att.

Det har truleg vore seks husmannsplassar under Nedrelid. Den einaste bruksdelinga som har vore, skjedde ved delingsforretning 27.6.1930 då husmannsplassen Halveg (rydda kring 1790) vart fråskild som bnr. 2.

Plassen Gardshaugen vart rydda i 1780-åra. Sist i 1880-åra vart han delt i to plassar med felles gardstun. Den eine vart nedlagd i 1975, og jorda til denne plassen gjekk då attende til hovudbruket Nedrelid. Den andre halvdelen var ein av fire plassar i Jostedalen som framleis hadde fast busetnad i 1990-åra utan at plassen nokon gong har fått bruksnummer eller festenummer.

Gardsendteigen skal ha eksistert som husmannsplass eit par år sist i 1840-åra, men det er ukjent kvar han låg.

Oppistova vart teken i bruk som husmannsplass i hovudtunet sist i 1880-åra. Det har vore busetnad her til nyare tid.

Kjelder og litteratur

  • «Lie Nedre» i folketeljinga 1801 (Digitalarkivet)
  • Laberg, Jon. (1939). Jostedal. Ei stutt utgreiding um bygdi og folket der. Tidsskrift utgitt av Historielaget for Sogn (nr. 10), 15-70. (Digital utgåve, Jostedal historielag)
  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 252-274. (Digital utgåve, NBdigital)
  • «Garden» (Nedrelid), Gardsleksikon, Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane