Neire Haugen (Bykle gnr 14/22)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 3. jul. 2022 kl. 22:23 av Azorian (samtale | bidrag) (Oppdaterte årstall.)
Hopp til navigering Hopp til søk
Neire Haugen
Byklum 102.jpg
Evre og Neire Haugen 1965. Neire er tunet lengst til venstre på biletet.
Foto: Fjellanger-Widerøe
Rydda: 1874
Utskilt: 1919
Stad: Bykle (Kyrkjebygdi)
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 14
Bnr: 22
Type: Småbruk
Stoge og løe i Neire Haugen 31.1.2006.
Foto: Aanund Olsnes

Neire Haugen i Bykle ligg mellom Evre Haugen og Hagen og i breidd med desse. Ved matrikuleringa, som var i 1919, vart det karakterisert som fylgjer: «Parcellen er bare et stykke indmark, og har i længere tid været beboet, og er opdyrket for længe siden.»

Den fyrste me kan vita budde her var Sveinung Knutsson Guggedal frå Suldal. I folketeljinga frå 1875 heiter det at han var fødd i 1847, og det same står i den gamle gards- og ættesoga for Bykle (146). Dette årstalet er likevel gale, ser det ut til, for då han gifte seg i i Bykle i 1874, gav han opp at han var fødd i 1838, og det fødselsåret står også i Suldalsboka, som tvillaust byggjer på kyrkjeboka frå den bygda. Far åt Sveinung var frå Kviteseid i Telemark og heitte Knut Tjøstovsson, medan mora heitte Ingrid Johannesdotter, og var frå Bråtveit i Suldal. Desse folka budde på plassen Smeavika under Guggedal, som tykkjest ha fått namnet sitt av at Knut Tjøstovsson var smed (jfr. H. M. Hoftun: Gamle Suldal, 565).

Sveinung sat nokre år som husmann under Uppistog Byklum:

  • Sveinung Knutsson Guggedal, f 1838, d 1915
g 1874 m Sigrid Eivindsdtr. Stavenes, f 1840, d 1909. Born:
  • Knut, f 1875, n 1882, seinare lagnad ukj.
  • Ingrid, f 1877, d 1878, sjå nedanfor
  • Eivind, f 1879, utv. til Grafton, Nord-Dakota 1899
  • Ingrid, f 1882, seinare lagnad ukj.

Sigrid Eivindsdotter var fødd og oppvakse i Nordstog Stavenes som dotter åt bruksmannen Eivind Knutsson Vatnedalen og kona, Anne Salmundsdotter.

Ovanfor nemnde me at Sveinung Knutsson var husmann under Uppistog, og det var han. Men grunnen til at han slo seg ned i Haugen var nok at han ville prøve seg med landhandel her. I Kultursoga (1993, 282) står det at han var «den første som oppretta handel i Bykle». Det var han ikkje, ettersom både Dreng Olavsson Byklum i Innistog og Torbjørn Salmundsson Tveiten i Holenplasset var tidlegare ute. Men iallfall løyste Sveinung handelsbrev 13.10. 1868, og det ser ut til at han dreiv kråmbu frå då av og iallfall ut året 1875, ettersom folketeljinga frå det året, som vart oppteke 31.12., fører han opp som «Husmand med Jord, Landhandler». Men truleg gjekk det etter kvart dårlegare med handelen, for då han hadde dottera Ingrid til dåpen i 1877, vart han oppskriven som «inderst» (dvs. busete) i kyrkjeboka, så då handla han nok ikkje lenger. Då han hadde born til dåpen i 1879 og 1882, vart han kalla husmann. I det sistnemnde året flutte han til Mo med kone og 3 born.

I familielista ovanfor har me ført opp at dottera Ingrid døydde 1878, og det skal me halde fast ved. Men den 1 år gamle jenta som døydde vart gravlagd under namnet Kirsti Sveinungsdotter Byklum. Ettersom Sveinung Knutsson var den einaste Sveinungen i Bykle på denne tid, torer me heilt sikkert rekne med at døypenamnet Kirsti må vera ei feilføring.

Den fyrste tida etter at dei flutte frå Bykle tykkjest desse folka ha halde til på ein plass i Mo som heitte Bjønnemyr. Iallfall budde dei der då det i 1883 vart skift etter Torbjørn Salmundsson, morbror åt Sigrid. I fylgje Mosoga kaupte Sveinung i 1897 plassen Kvilde under Listog i Mo, og der budde han og Sigrid sidan så lenge dei livde (jfr Mo bygdebok I, 552).

Då Sveinung Knutsson flutte ut frå plassen her, flutte Knut Torleivsson inn. Han var frå Uppistogs-Haugo, og son åt Torleiv Torleivsson Holen.

  • Knut Torleivsson Byklum, f 1843, d 1907
g 1881 m Birgit Ånundsdtr. Holen, f 1854, d 1925. Born:
  • Torleiv, f 1884, g 1912 m Birgit Knutsdtr. Byklum, sjå nedanfor
  • Margit, f 1885, g 1913 m Olav Olavsson Byklum, sjå Gjerden Der inne, gnr 15, bnr 3
  • Eli, f 1892, d 1899
  • Ingebjørg, f 1893, g 1914 m em Ånund Olavsson Trydal, sjå Støylo Trydal, gnr 17, bnr 17

Birgit Ånundsdotter kom frå Holenplasset. Foreldra hennes var Ånund Olavsson Mosdøl og kona, Eli Olavsdotter, fødd Holen.

Knut Torleivsson hadde også sonen Knut, f 1875. Mora var Ingebjørg Torleivsdotter Gjerden, som var tenestejente på Kultro då sonen kom til verda. Ingebjørg er omrødd i bolkane om Kultran og Juvet.

Knut Knutsson livde opp og vart vaksen. På 1890-talet var han tenestekar på ymse gardar i Haukeli/Edland i Vinje, mellom anna var han på Utgarden, vert det fortalt. I 1900 finn me han hjå Svein Knutsson i Groven i Haukeli. Sidan vart han verande i Vinje. I 1906 gifte han seg med Kristi Nerisdotter Kasti. Kristi hadde småbruket Kasti i Flothyldalen i Vågslid. Knut budde der resten av livet, og skreiv seg då med etternamnet Kasti.

  • Knut Knutsson Kasti, f 1875, d 1927
g 1906 m Kristi Nerisdtr. Kasti, f 1881, dødsår ukj. Born:
  • Kristi, g Ystanes
  • Anne
  • Neri, f 1914, tvill, d 1998, smbr. og anleggsarb., busett Kasti, Vågslid, ug
  • Sigrid, f 1914, tvill, d 1999, hjelpepl., busett Skien, sidan Porsgrunn, ug
  • Tea, f 1920, husmor, busett Svenseid, Nome, g m Olav Hegna, born:
  • Knut
  • Bodil
  • Kate
  • Gerd
  • Ståle
  • Astrid, f 1924, gardkone, busett Øksendal, sidan (som enke) Sunndalsøra, g m Endre Brandstad, ikkje born

Etter denne ekskursjonen til Vinje lyt me sjå til å koma oss attende til Haugen. Det er på det reine at Knut Torleivsson kaupte plassen laus frå Uppistog, og me vil tru det er rett at dette var i 1888, slik sonen i 1953 gav opp til dei som sanka informasjon til bokverket Norges Bebyggelse (159). Handelen vart ikkje tinglyst, men i folketeljinga frå 1891 står Knut oppførd som «plassbruger, selveier», så me veit sikkert at han hadde kaupt bruket sitt fyre denne vart oppteke. Kyrkjebokinnførsler frå 1890-åra tyder på det same, og likeeins 1900-folketeljinga. Men eigedomen var ikkje formelt utskilt eller matrikulert, så på papiret var han framleis plass under Uppistog.

Sonen overtok bruket etter farens død i 1907.

Birgit (1882-1960) og Torleiv (1884-1977) Haugen med borna Birgit (1912-2001), Store-Knut (1914-1974) og Lisle-Knut (1918-1976). Biletet kjem frå Ingebjørg Vegestog, og er truleg teke ca 1919.
  • Torleiv Knutsson Byklum, f 1884, d 1977
g 1912 m Birgit Knutsdtr. Byklum, f 1882, d 1960. Born:
  • Birgit, f 1912, d 2001, ug, sjå nedanfor
  • Knut (e.), f 1914, d 1974, ug, sjå nedanfor
  • Ingebjørg, f 1916, d som lita
  • Knut (y.), f 1918, d 1976, ug, sjå nedanfor
  • Ånund, f 1920, d 1935
  • Torleiv, f 1923, d 1994, militær, sidan ind.arb., busett Kristiansand, g m Solveig Helene Olsen, Kristiansand, born:
  • Ingebjørg, f 1926, d 1926
  • Ingebjørg, f 1929, d 2014, g m Auver O. Lien f 1926, d 2008, sjå Solberg, gnr 15, bnr 55

Birgit Knutsdotter var dotter åt Knut Ånundsson Byklum (sjå Lii, bnr 3) og Ingebjørg Torleivsdotter Gjerden (sjå Juvet, bnr 4).

I 1919 fann Torleiv tida inne til å skaffe seg tinglyst skøyte, og få bruket formelt utskilt og matrikulert. I skøytet står Olav Gjermundsson som seljar, han var då eigar av Uppistog på denne tid, men i røynda hadde dei to brørne Gunstein og Olav saman selt til Knut Torleivsson omlag 30 år tidlegare. Samstundes som Torleiv fekk skøyte på Haugen, kaupte han eit stykke med tillegssjord på den andre sida av vegen. Seljaren her var Olav Drengsson (y.) i Attistog, og stykket vart matrikulert som eit eige bruk med bnr 10 under Gjerden.

Hovudyrket åt Torleiv var vegarbeid. I 1933 bygde han nytt våningshus. Det er på 88 m2 i to fulle høgder. I 1943 sette han og sønene opp fjos og løe. Her hadde dei i 1953 1 kyr, 1 kalv og 10 sauer.

Dei ugifte borna Birgit, Knut (e.) og Knut (y.) vart verande på bruket. Dei hadde på jamnen ei kyr og ei handfull sauer. Knut (e.) arbeidde som bygningssnikkar, og Knut (y.) køyrde og reparerte anleggsmaskiner. Birgit var også ute på ymist arbeid, men etter at foreldra vart gamle, var ho mest heime.

Når det gjeld heimelen til eigedomen, vart denne overførd til Knut (e.) i 1968, og han sto då som eigar til han døydde i 1974.

Syskena ervde han saman, men i 1987 skreiv dei bruket over på yngstebroren Torleiv. Han på si side skøytte det over på dottera Tone i 1991. Ho og mannen nyttar det som fritidseigedom.


0941 Bykle komm.png Neire Haugen (Bykle gnr 14/22) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Øystre Haugen • Neste bolk: Hagen