Ner-Brøste (Rauma)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.
Ner-Brøste
Ner-Broste gnr81-1.jpg
Ner-Brøste i 2005 (foto: Arnfinn Kjelland).
Alt. namn: Brøstet, Nordre Brøstet[1], Søre Brøste[2]
Fyrst nemnd: 1610
Stad: Øverdalen
Sokn: Kors
Fylke: Møre og Romsdal
Kommune: Rauma
Gnr.: 81
Bnr: 1
Postnummer: 6330

Ner-Brøste er ein einbøl gard[3] og matrikkelgard øvst i Romsdalen i noverande Rauma kommune. Garden er ein del av namnegarden Brøstet.


Grenser og markslag

Skog&Landskap. Vi kan sjå at garden har 69,9 dekar fulldyrka jord.

Matrikkelskyld

År Nummer Skyld Merknad
1647 0,5 vog (1,5 pund) Usikkert[4]
1661 1 pund Landkommisjonen 1661 s. 59]
1665 Ikkje utlagt på Digitalarkivet enno
1724 352 1 pund Skanna versjon, permanent sidelenke
1838 68 1 daler 23 skilling Skanna versjon, permanent sidelenke
1886 81 1 mark 66 øre Gjeld begge bruksnumra

Eigarar

  • 1647: Krongods
  • 1661: Oberst von Hoven
  • 1724: General Schulzes arvingar
  • Sjølveige frå 1733

Brukarar

Personnamna er normaliserte etter reglane på nettstaden. Førebels mest etter Slektsskrift 1985 s. 6 og 84.

  • 1647: Sjugurd (sjå merknad til matrikkelskyld)
  • 1657: Per Ellingsson
  • 1695: Eirik
  • 1701: Enkja etter Eirik, gift med Nils
  • 1708: Eirik Eiriksson
  • 1719: Nils Larsson (den same som 1701?)
  • 1724: Nils[5]
  • 1733: Lars Amundsson (sjå lenke til skøyte nedafor), deretter sonen:
  • 1772: Pål Larsson, deretter systera:
  • 1783: Kirsti Larsdtr. gift med Ola Knutsson frå Rånå i Lesja, deretter dottera:
  • 1807: Lisbet Olsdtr. gift med Knut Bårdsson frå Månsåshagen i Vold sokn[6], deretter sonen:
  • 1831: Ola Knutsson gift med Sigrid Hansdtr. frå GravsetLesjaverk, deretter sonen:
  • 1875: Knut Olsson gift med Ingeborg Persdtr. frå Nest-Tande på Lesja, deretter sonen:
  • 1911: Ola K. Brøste gift 1. gang med Elianna Skjelbostad, gift 2. gang med Marianne Sletta, deretter sonen:
  • 1946: Knut Brøste, gift med Erika Ræstad, deretter sonen:
  • 1957: Ola Brøste, gift med Oddbjørg Slettaløkken

Gardsdrifta

Kornavling

Husdyrhaldet

Revefarm

Pelsdyrnæringa blomstra opp i 1920-åra, og det vart bygd større anlegg i nabogrenda, Bjorli. Ola satsa på rev, og bygde ein farm med åtte bingar med eit sikringsgjerde rundt i 1928. Til kvar binge var det eit hus med veranda og reirkasse. Husa var solide, reisverk med papp og to lag panel i veggane, taket og golvet. Husa var 2,6 m² grunnflate, rirkassa 60x60 cm bygd av same materiale.

Fire revepar vart innkjøpte, til ein pris av 4-5000 kr per par etter kvaliteten. Drifta gjekk bra i nokre år, dyr vart sendt på utstilling både i Oslo, Lilleammer og Molde. Men mot slutten av 1930-åra gjekk prisane ned, og drifta her vart avvikla i 1937.<ref<>Slektsskrift 1985 s. 61-62.</ref>

Husa på garden

På garden står det no (2016) nyare våningshus bygd i 1937, gamlestugu bygd i to etappar i 1897 og 1911 og driftsbygning bygd i 1950-51. Tidlegare var det eit eldhus her, rive 19__ og eit eldre fjøs rive 19__.[7]

Permanente lenker til primærkjelder

Andre kjelder / litteratur

Referanser

  1. Innført i 1886-matrikkelen
  2. Skøyte på garden 1772
  3. Sjå om det motsette, Mangbølt gard.
  4. Jf. den trykte versjonen; Mal:Bokhylla. 1 vog var = 3 pund, altså var den eine av Brøstegardane 1,5 pund, men det samsvarar ikkje med seinare skyld på garden her.
  5. Jf. Skanna versjon, nr 352.
  6. Slektsskrift 1985 s. 78.
  7. Slektsskrift 1985 ymse sider, informasjon knytt til bilde publisert på Facebook-gruppa til Brøsteslekten.

Koordinater: 62.27155° N 8.09190° Ø