Ner-Brøste (Rauma)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ner-Brøste
Ner-Broste gnr81-1.jpg
Ner-Brøste i 2005 (foto: Arnfinn Kjelland).
Alt. namn: Brøstet, Nordre Brøstet[1], Søre Brøste[2]
Fyrst nemnd: 1610
Stad: Øverdalen
Sokn: Kors
Fylke: Møre og Romsdal
Kommune: Rauma
Gnr.: 81
Bnr: 1
Postnummer: 6330

Ner-Brøste er ein einbølt gard[3] og matrikkelgard øvst i Romsdalen i noverande Rauma kommune. Garden er ein av dei to matrikkelgardane som utgjer namnegarden Brøstet.

Grenser og markslag

Skog&Landskap kan vi sjå at garden har 69,9 dekar fulldyrka jord, 16,5 daa overflatedyrka jord, 33,8 daa skog av høg bonitet, 804,7 daa skog av middels bonitet, 533, daa skog av låg bonitet og 545,9 daa uproduktiv skog. Samla areal til garden: 2994,1 daa.

Matrikkelskyld

År Nummer Skyld Merknad
1647 0,5 vog (1,5 pund) Usikkert[4]
1661 1 pund Landkommisjonen 1661 s. 59]
1669 1 pund Matrikkelen, skanna, permanent sidelenke s. 38a
1724 352 1 pund Matrikkelførearbeid, skanna, permanent sidelenke
1838 68 1 daler 23 skilling Matrikkelen, skanna, permanent sidelenke
1886 81 1 mark 66 øre Matrikkelen, gjeld begge bruksnumra

Eigarar

  • 1647: Krongods
  • 1661: Oberst von Hoven
  • 1724: General Schulzes arvingar
  • 1733: Herman Treschow og Carsten Carstensen Volqvartz selde garden (1 pund) til Lars Amundsson, som vart sjølveigar

Brukarar

Personnamna er normaliserte etter reglane på nettstaden. Informasjonen er etter Slektsskrift 1985 s. 6 og 84 og Austigard 2016 s. 16f.

  • 1647: Sjugurd (sjå merknad til matrikkelskyld)
  • 1657: Per Ellingsson
  • 1695: Eirik
  • 1701: Enkja etter Eirik, gift med Nils
  • 1708: Eirik Eiriksson
  • 1719: Nils Larsson (den same som 1701?)
  • 1724: Nils[5]
  • 1733: Lars Amundsson (sjå lenke til skøyte nedafor), gift 1. gang med Kirsten Knutsdtr. frå Raustøl, gift 2. gang med Lisbet Pålsdtr. frå Løkra. Lars død 1763, deretter sonen frå 1. ekteskap:
  • 1763: Amund Larsson, gift med Anne Olsdtr. frå Sletta. Dei kjøpte eit bruk på Kyllingen i 1773 og halvbroren:
  • 1772: Pål Larsson, deretter systera:
  • 1783: Kirsti Larsdtr. gift med Ola Knutsson frå Rånå i Lesja, deretter dottera:
  • 1807: Lisbet Olsdtr. gift med Knut Bårdsson frå Månsåshagen i Vold sokn[6], deretter sonen:
  • 1831: Ola Knutsson gift med Sigrid Hansdtr. frå GravsetLesjaverk, deretter sonen:
  • 1875: Knut Olsson gift med Ingeborg Persdtr. frå Nest-Tande på Lesja, deretter sonen:
  • 1911: Ola K. Brøste gift 1. gang med Elianna Skjelbostad, gift 2. gang med Marianne Sletta, deretter sonen:
  • 1946: Knut Brøste, gift med Erika Ræstad, deretter sonen:
  • 1957: Ola Brøste, gift med Oddbjørg Slettaløkken

Gardsdrifta

Gardsdrifta har vore tradisjonelt fjellgardsbruk, med husdyrhald og korn- og potetdyrking. Garden har ikkje hatt seter. I 1871 selde brukarane halvparten av garden og kjøpte halvparten av Kleiva noko lenger ned i dalen. Den halve delen vart vart kjøpt att i 1876.[7] Dei budda da i Kleiva om vinteren og i Brøste om sommaren. Frå 1911 var det heilårleg busetnad att, og drifta tok seg betydeleg opp.

Kornavling

Kjelde / år Sår bygg Avlar bygg Sår blandkorn Avlar blandkorn Sår potet Avlar potet Merknader
Matrikkel 1724 1/2 (4 skjepper)
Jordavgift 1803 1,5 8
Jordbruksteljing 1865 2,5
Jordbruksteljing 1875 Ikkje registrert drift

Oppgåvene er i tønner på ca. 139 liter. Ei tønne var på 8 skjepper, ca. 17,5 liter.

Husdyrhaldet

Kjelde / år Hest Storfe / kyr Kviger / kalver Sau / småfe Geit Merknader
Kvegskatt 1657 1 3 3
Matrikkel 1724 1 2 3 6
Jordavgift 1803 1 10 16 6
Jordbruksteljing 1865 2 15 28
Jordbruksteljing 1875 Ikkje registrert drift

Revefarm i mellomkrigstida

Pelsdyrnæringa blomstra opp i 1920-åra, og det vart bygd større anlegg i nabogrenda, Bjorli. Ola satsa på rev, og bygde ein farm med åtte bingar med eit sikringsgjerde rundt i 1928. Til kvar binge var det eit hus med veranda og reirkasse. Husa var solide, reisverk med papp og to lag panel i veggane, taket og golvet. Husa var 2,6 m² grunnflate, rirkassa 60x60 cm bygd av same materiale.

Fire revepar vart innkjøpte, til ein pris av 4-5000 kr per par etter kvaliteten. Drifta gjekk bra i nokre år, dyr vart sendt på utstilling både i Oslo, Lillehammer og Molde. Men mot slutten av 1930-åra gjekk prisane ned, og drifta her vart avvikla i 1937.[8]

Skogsdrift

Skogen hadde lenge vore viktig for garden. Frå gamalt var det lauvskogen - brukarane produserte never, bark, ved og pottaske for leveranse på Veblungsnes. Brukaren frå 1875, Knut Kleiven, tok i bruk furuskogen og hogde minst hundre tre i året. Dei vart skore på ei gamal oppgangssag som garden hadde i hop med Stuguflotten og NystuguLesja-sida av fylkesgrensa. Knut skar bord, leigde tømrarar og sette opp og selde hus, eller etter bestilling. Han skar og sviller til Bergensbanen. Desse måtte han da køyre med vogn ned til Veblungsnes for utskiping. Han fekk kr. 1,25 per svill. Også telefonstolpar leverte han, for 1 kr per stykk, fortalde sonesonen Knut.[9].

Den neste brukaren, Ola, bygde så om saga til sirkelsag og dreiv stort omtrent kvar einaste vinter fram til krigen.

Husa på garden

På garden står det no (2016) nyare våningshus bygd i 1934, gamlestugu bygd i to etappar i 1897 og 1911 og driftsbygning bygd i 1950-51. Tidlegare var det eit eldhus her, rive 19__ og eit eldre fjøs rive 19__.[10]

Permanente lenker til primærkjelder

Andre kjelder / litteratur

  • Austigard, Bjørn 2016: Boka om Kabbin. Rauma historielag.
  • Brøste, Steinar m.fl. 1985: Slektsskrift for Brøste-slekten fra Rauma i Romsdal.
  • Røvig, Henrik O. 1965, 2. opplag av Romsdal sogelag 2005: Noen familier og ætter av Raumadalsfolket.

Referanser

  1. Innført i 1886-matrikkelen
  2. Skøyte på garden 1772
  3. Sjå om det motsette, Mangbølt gard.
  4. Jf. den trykte versjonen; Mal:Bokhylla. 1 vog var = 3 pund, altså var den eine av Brøstegardane 1,5 pund, men det samsvarar ikkje med seinare skyld på garden her.
  5. Jf. Matrikkel 1724 skanna versjon, nr 352.
  6. Slektsskrift 1985 s. 78.
  7. SAT, Romsdal sorenskriveri, 2/2Aa/L0014: Panteregister nr. 14, s. 237
  8. Fortalt av Edvin i Slektsskrift 1985 s. 61-62.
  9. Knut i Slektsskrift 1985 s. 8 og 52.
  10. Slektsskrift 1985 ymse sider, informasjon knytt til bilde publisert på Facebook-gruppa til Brøsteslekten.

Koordinater: 62.27155° N 8.09190° Ø