Netlandsnes (Kvinesdal gnr. 189)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.
Netlandsnes
Sokn: Fjotland
Fylke: Agder
Kommune: Kvinesdal
Gnr.: 189
Ant. bruksnr.: 22 (2018)
Type: Matrikkelgard

Netlandsnes er ein matrikkelgard i Fjotland sokn i Kvinesdal kommune. Garden har i dag gardsnummer 189. Han hadde tidlegare gnr. 20 i Fjotland kommune, i 1838 matrikkelnummer 191 og gamalt matrikkelnummer 412.

Geografi

På austsida av Kvina, frå Molandsheia til og med Straumland, ligg matrikkelgarden Netlandsnes. I tillegg til Netlandsnes, som ligg på neset rett ovanfor Netland, er det fleire små gardar på Netlandsnes. Vestgrensa følger Kvina, medan austgrensa går frå Sauetjødna over Snøhomheia og Rysefjellet til Sletafjellet ovanfor Smisnes. Garden skiftar med Moland i sør og aust, Håland i aust, Knaben i nord og aust og Risnes og Netland over Kvina i vest.

I referata frå ei rettssak i 1682 får me vita at garden på den tida låg under Netland. Men det kan ha vore to gardar her i gamal tid óg, ei på kvar side av Storåna.

Gardsnamnet

Namnet Netlandsnes inneheld tre ledd, og to av dei tyder det same. I utgangspunktet er det her tale om neset ved eller på Netland. Netland igjen består av Net og land. «Net» viser også til nes, medan land viser til åker, eng eller opparbeidd mark (Sjå også Netland).

Namn i innmark og utmark

Bruka under Netlandsnes ligg på rekke og rad langs austsida av Kvina og har alle skildrande namn. Her er Fossli og Nordbø, medan Straumland ligg rett der elva heller litt kraftigare og straumen går striare, og ved Smisnes låg det i gamle dagar ei smie. Smisnes var ein husmannsplass på 1800-talet.

I ein bakke langs med vegen frå Håland skal ein gong ei ku ha kome skjenande medan ein mann heldt på å slå der. Mannen kom då i skade for å slå av rumpa på kua. Etter det har bakken vore kalla Rumpekleiva.

Ved Nordbø er det ei bukt der vatnet har ein brunleg farge. Her heiter det Ølkilen.

I ein grenseoppgang frå 1916 finn ein også ei rekke andre namn frå inn- og utmark: Heddersmyra, Veivika, Strannkleiv, Rypekil og Slettofjell.

Gardsbeskrivingar og livsgrunnlag

I 1723 blei Netlandsnes skildra som ein «landgård i solli, tungvunnen», og at garden hadde både brennefang og kvernbruk. Det same står i jordavgiftsmatrikkelen som vart teikna ned i 1803. Det har vore både sag og kvern i bekken frå Nestjødn, og det kan vera denne kverna det er tale om i desse dokumenta.

Jordbruk og husdyrhald

1668 1723 1865 1939
Korn 1 t 2 t 4 7/8 t
Jordeple 2 3/4 t
Hestar 2
Storfe 3 4 7
Småfe 6 6 26

Netlandsnes kapell

Sjølv om Fjotland kyrkje blei bygd i 1760, var det lang veg til kyrkja for gardane øvst i Vesterdalen. Folk frå dei aller nordlegaste gardane, deriblant Salmeli, Homstøl og Knabenes, gjekk over heia til Tonstad, men frå Knaben og sørover hadde dei lang veg til kyrkja på Fjotland. Spesielt om sommaren var det utfordrande og tidkrevjande å frakta dei døde til gravferd på kyrkjegarden.

Etter ein lang prosess som starta med eit vedtak i 1858 om ny gravplass på Netlandsnes, blei Netlandsnes kapell vigt i 1886. Kapellet blei reist av lokale snikkarar på grunnen til bruk nr. 2. Kapellet blei opphavleg budsjettert til 1600 kr, men kosta til slutt 2400 kr. Kapellet blei teikna av Hans Andersen Fedde, medan Olav P. Netland leia arbeidde med å reisa bygget. Det gjekk med 81 tylfter (1 tylft= 12) tømmer i bygginga.[1]

Kulturminne

I tillegg til kapellet er det fleire registrerte kulturminne som fortel om livet på Netlandsnes og folket som kom innom der. At kapellet blei bygt på Netlandsnes, var nok heller ikkje tilfeldig. Her gjekk den gamle ridevegen forbi, og kommunikasjonane var gode sørover og nordover.

Då kjørevegen skulle forlengast frå Netland til Knaben via Risnes, ville det offentlege at gruveselskapet skulle bidra med middel. Det ønskte ikkje selskapet, så dei bygde heller ein eigen veg over den gamle ridevegen. Då denne stod klar i 1913, auka også trafikken over ferjeleiet. I 1934 stod den offentlege vegen på austsida klar, med stålbru over Kvina på Risnes. Då overtok fylket ansvaret for begge vegane. I 1944 blei det bru mellom Netland og Netlandsnes og ferjeleiet blei lagt ned. Denne brua var den gamle Farbrauna som hadde stått i Liknes.[2][3]

Matriklar og folketal

1639 1661 1723 1803 1838 1886 1950 2019
Nr - - 167 412 191 20 20 189
skyld 1/4 h 3 eng 3 eng -
Tal på bruk 2 2 2 2 11 22

*tal på oppsitjarar

Bureising

I 1916 blei det nordlege bruket (løpenr. 691, bnr. 2) selt for 7500,- kr. Kjøparen var «Selskap for landets indre kolonisasjon og emigrasjonens innskrenkning», også kalt «Ny jord». Dette var ei foreining som blei skipa i 1908 med formål om å stogga emigrasjonen som hadde gått føre seg frå Noreg frå midten av 1800-talet, fortrinnsvis til Amerika. Selskapet kjøpte opp dyrkingsjord, grov kanalar, bygde vegar og stykka ut tomter som arbeidarar og andre jordlause kunne få tildelt og byggja seg såkalla bureisingsbruk. Det var flest bureisingar på Austlandet og i Trøndelag.[4]

Det nordlege bruket blei delt i sju parseller. Fem av desse «Ny jord»-bruka på Netlandsnes blei realiserte dei følgande åra: Kyrkjemo, Straumland, Nordbø, Fosseli og Smisnes. Dei siste parsellane var Høgvoll og Rupeneset, men det ser ikkje ut til at det blei bygt der. I tillegg til parsellane fekk kommunen fråskilt eit stykkje til kapell og kyrkjegard.

Fleire av dei som bygde bureisingsbruk arbeidde i Knaben gruvor som dei hadde god tilgang til med den nye vegen. I bureisingsstatistikken frå 1938 kan ein lesa at dei fleste hadde ein hest, kyr og nokre høner.

I den same statistikken finn ein også bruket Tunheim som hadde blitt utskilt frå bruk 1 i 1935, men dette var ikkje organisert gjennom «Ny Jord».

Folketal

Det har vore ei stabil folkemengd på Netlandsnes på ti eller litt fleire personar fram til århundreskiftet.

Kor mange bebuarar (M: Berre vaksne menn)

1801 1865 1900 1920
10 13 10 25

Eigedomsforhold

Dei første som busette seg på Netlandsnes etter øydegardstida, kom omkring 1660. Netlandsnes har vore i bondeeige sidan garden blei skild ut frå Netland kort tid etter. I ei rettssak i fleire rundar frå 1681 og 1682 kan ein lesa at folket på Øvre Kvinlog meinte dei hadde hevd på Netlandsnes og at garden hadde lege under Øvre Kvinlog tidlegare. Håland, som ligg på same sida av Kvina, låg tidlegare under Øvre Kvinlog. Folket på Netland meinte på si side at Håland var ein del av eit sal som hadde gått føre seg i 1508. Partane ble forlikte og Netlandsnes og Håland ble verande på kvar si side.

I 1803 blei det nemnt ein husmannsplass på Smisnes.

Bruk og eigedomar

Bnr. Bruksnamn Type eigedom Utskild frå Matrikulert Løpenr. (før 1886) Skyld 1950 Eigar 1886 Eigar 1950
1 Netlandsneset 690 0 mark 23 øre Torsten Iversen Sigurd I. Netlandsnes
2 Kyrkjemo 691 0 mark 02 øre Erik Pedersen Isak I. Netlandsnes
3 Nærgaard bruk 2 1913 0 mark 20 øre Torkel I. Netland
4 Høgvold bruk 2 1917 0 mark 03 øre Isak T. Netland
5 Straumland Gardseigedom Bruk 2 1917 0 mark 04 øre Isak T. Netland
7 Nordbø Gardseigedom bruk 2 1917 0 mark 03 øre Alfinn Mathisen
8 Fosseli Gardseigedom bruk 2 1917 0 mark 04 øre Gunnhild Kaspersen
9 Smisnes Gardseigedom bruk 2 1917 0 mark 04 øre Asbjørn Salmeli
10 Kirkegården Kapell bruk 2 1917 0 mark 01 øre Fjotland kommune
11 Tunheim Gardseigedom bruk 1 1935 0 mark 15 øre Torstein Svartu


1037 Kvinesdal komm.png Netlandsnes (Kvinesdal gnr. 189) er ein del av Bygdebokprosjektet for Kvinesdal med Amund Pedersen som forfatter, og er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Kvinesdal kommune er eit samarbeid mellom forfattaren og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen.

 

  1. Veggeland, Tor: Fjotland si kyrkja i 316 år. Utg. [T.Veggeland]. 1986. Digital versjonNettbiblioteket.
  2. Veggeland, Tor: Molybden-eventyret i Knabheia 1885-1973. Utg. Kommunen. 1987. Digital versjonNettbiblioteket.
  3. Hageland, Torfinn Normann: Gamle veger i Vest-Agder. Utg. Statens vegvesen Vest-Agder. 2000. Digital versjonNettbiblioteket.
  4. Selskapet Ny Jord 1908-1958. Utg. Selskapet. Oslo. 1958. Digital versjonNettbiblioteket. VELG FORMAT