Nigardsbreen

Nigardsbreen er ein brearm av Jostedalsbreen. Nigardsbreen ligg i Jostedalen i Luster kommune i Sogn.

Det er noko overdrive då Nigardsbreen nesten gjekk heilt fram til busetnaden på dette kartet frå 1901
Nigardsbreen i Jostedalen med Krokabrui i framgrunnen, fotografert av Knud Knudsen mellom 1895 og 1902

Breen har namnet sitt frå Nigard, eit bruk under matrikkelgarden Mjølver.

Nigardsbreen gjekk kraftig fram under den vesle istida frå slutten av 1600-talet til midten av 1700-talet, og det gjekk hardast utover Nigard. I 1742 var breen komen heilt innåt husa og all jorda vart tapt, og bruket vart stroke frå matrikkelen. Det følgjande året vart gardstunet òg øydelagd. Nigardsbreen nådde maksimum i 1748 og byrja då å trekkje seg attende. Brekanten var då kring 4,5 km lengre framme enn brekanten i dag.

Framrykkinga til breen er uvanleg godt dokumentert gjennom fleire rettslege synfaringar og Justedalens kortelige Beskrivelse av presten Matthias Foss.[1]

Også i nyare tid er Nigardsbreen ein av dei best dokumenterte breane i Noreg. NVE har sidan 1962 gjort årlege front- og massebalansemålingar.

Nigardsbreen har i over 200 år vore det fremste reisemålet i Jostedalen. Den vitskaplege og kunstnarlege utforskinga og dokumentasjonen av breen tok til kring 1800. Særleg viktig var kunstverka til Johannes Flintoe som gjorde Nigardsbreen kjend for eit urbant kunstpublium.

Gjennom 1900-talet og særleg etter andre verdskrigen auka turisttrafikken på. I 1920 opna Jostedalsbredens Turisthotel på garden Elvekrok i framkant av Nigardsbreen. I 1958 opna Brevegen som gjorde det mogleg å køyre tett inntil breen. I dag driv Jostedalen breførarlag føring på Nigardsbreen. Breheimsenteret opna i 1993 som eit informasjonssenter for breen og heile Breheimen-området.

Notar

  1. Avtaksforretningar 1742, Jostedal historielag

Kjelder