Nikolas Pålsson Kuvung

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 17. mar. 2017 kl. 08:52 av Cnyborg (samtale | bidrag) (Ny side: {{thumb|Nikolas Kuvung sin grav Giske kyrkje No-nb digibok 2014120308187 0239 1.jpg|Nikolas Pålsson Kuvung sin grav ved Giske kyrkje. Frå ''Ålesund og Sunnmøre'', utg. 1930.|Harry Fe...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Nikolas Pålsson Kuvung sin grav ved Giske kyrkje. Frå Ålesund og Sunnmøre, utg. 1930.
Foto: Harry Fett

Nikolas Pålsson Kuvung (truleg fødd kring 1140, død 1217) var lendmann under Magnus Erlingsson. Han var ein av Erling Skakke og Magnus sine næraste menn i striden mot Sverre Sigurdsson.

Han var son av lensmann Pål Skoftesson Giske frå Giskeætta og Ragnhild. Han vart gift, men kona sitt namn er ikkje nemnd i sagaen. Dei fekk sonen Pål Flida (omkr. 1175–etter 1235).

Nikolas Kuvung kom inn i kretsen kring Erling Skakke allereie i 1160-åra. Han er nemnd fleire gonger, i ein periode der kronologien er usikker. Han tok Harald Sigurdsson, som skal ha vore son av Sigurd Munn og Kristin Sigurdsdotter – og såleis Magnus sin halvbror – til gange. Erling Skakke fekk truleg avretta Harald på Nordnes. I landvernet av Bergen på same tida er det nemnd ein Nokkve Pålsson, og fleire har hevda at dette er den same som Nikolas Pålsson Kuvung. Om det stemmer var han òg med på å teke Sigurd Markusfostre til fange og å få han avretta.

Mellom kroninga av Magnus Erlingsson i 1162/1163 og Erling Skakke sitt fall i 1179 vert ikkje Nikolas nemnd i sagaen. Truleg var han på Vestlandet, der det var rolig i denne tida. Det er mogleg at han tok over landvernet i Bergen etter at Nikolas Skjaldvorsson vart flytta til Nidaros. Først etter slaget på Kalvskinnet i 1179, då det nok ein gang vart ufred på Vestlandet, nemnast han att. Truleg følgde han då Magnus Erlingsson sitt krigstog. Han er nemnd i omtala av slaget på Nordnes i 1181 og i felttoget i 1184 som ledde fram til slaget ved Fimreite.

Sverre Sigurdsson skal etter slaget på Ilevollene ha sagt at alle lendmennene til Magnus med unntak av Nikolas Kuvung sende han hemmelege brev der dei bad om grid og venskap. Om dette er rett var han den einaste lendmannen som var tru mot Magnus Erlingsson i dei siste fire åra av hans liv. I 1184 vert han omtala som ein av Magnus sine beste menn; han vert nemnd nest etter kongen sjølv og Orm Ivarsson kongsbror. Erkebiskop Øystein Erlendsson skal ha gjeve Nikolas skipet «Erkesuden», ei tjuesesse.

Etter at Magnus fall i slaget ved Fimreite i 1184 nemnast ikkje Nikolas Kuvung i sagaen. Det ser ut til at han ikkje tok aktivt del i den vidare kampen mot kong Sverre. Det er grunn til å tru at han budde på ættegarden Giske resten av livet. Dei islandske annalane fortel at han døydde i 1217, same året som sonen Pål Flida første gong er nemnd som lendmann. Pål Flida gjekk inn i borgarkrigen på Skule Bårdsson sin side.

Giske kyrkje vart truleg reist som kapell for Giskeætta. Det er mogleg av det var Nikolas Kuvung som reiste marmorkyrkja, men ein daterer ho no gjerne til kring 1130, og då var det vel heller far eller bestefar hans som gjorde det. Men det er grunn til å tru at Nikolas stod for ein del av dekorasjonane, mellom anna framstillinga av krossfestinga over kordøra. Nikolas vart gravlagd ved kyrkja, og gravminnet hans står der framleis.

Litteratur