Nils Endresson Sveji

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 25. jan. 2016 kl. 16:02 av Cnyborg (samtale | bidrag) ({{nn}})
Hopp til navigering Hopp til søk

Nils Endresson Sveji (1801-1886) var ein spelemann frå Vang i Valdres.

Han var noko av ein meisterspelemann. Han var mellom anna ein av læremeisterane til Ola Strand på Søyne. Nils var komen frå Hermundstad-Haugen og fekk plassen Rødningen under Uvdal. Sidan kjøpte han nordre Sveji. Av far sin Endre Knutsson Eltun, f. 1769, lærde han felespel, men vart snart mykje betre enn han. Mori heitte Kari Knutsdtr. Høle, g. 1799.

Då Nils gjekk for presten, vart det sendt klage til presten over at Nils spelte fele i bryllaup. Men Nils var så god til å lesa at presten, Wilhelm Friedrik Muller, ikkje brydde seg om klaga.

Dei sa at Nils var særs flink til å låte både lyalæte, springlæte og meir moderne musikk. Han hadde ei merkeleg god takt og var god både med bogen og fingrane. Dei sa at Nils var ein av dei beste spelemenn i Vang i si tid. Nils for mest rundt i Vang med spelet sitt, men han var og i Årdal, Lærdal og i andre bygder på Vestlandet. Nils var ein edrugeleg og staut spelemann.

Kjelde

  • Valdres bygdebok nr. 6