Nils Hovi

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 19. nov. 2019 kl. 12:39 av Kallrustad (samtale | bidrag) (litt info. frå Totens bygdebok og 1910-teljinga)
Hopp til navigering Hopp til søk

Nils Hovi (fødd 1. mars 1890, død 30. mars 1978 i Øystre Slidre) var lærar, kulturarbeidar, forfattar og skribent.

Nils Hovi var fødd og vaks opp på garden Hovi i Øystre Slidre. Då han var 18 år gamal, kom han til Valdres folkehøgskule og gjekk der to vintrar. Etterpå vart han oppteken i andre klasse ved Elverum lærarskule, og i folketeljinga 1910 finn vi han òg fleire andre lærarskulestudentar som leigebuarar på garden Bakken i Leiret på Elverum. Nils Hovi tok ein fin eksamen 1912. Same året vart han tilsett som lærar ved Segalstad bru i Gausdal. Seinare kom han til Gausdal folkehøgskule, til Hovsvangen folkeskule (1915-18) på Østre Toten og Lien folkeskule i Fron.

I 1922 vart Rogne nye skule innvigd, og etter oppmoding søkte Nils Hovi, vart tilsett som lærar, og der vart han verande til han gjekk av med pensjon. Han var og kyrkjesongar ved Rogne kyrkje i mange år. Sitt yrke utførde Nils Hovi alltid samvitsfullt, og han var ein framifrå lærar. Men det var som kulturarbeidar og skribent han vart kjend i vidare krinsar.

I skulen la Nils Hovi vinn på å nytte ut målføret i norskopplæringa, og i samarbeid med Valdres norskmålsring gav ha ut ei utgreiing, "Nynorsk til møtes med Valdresmålet", som er ei rettleiing for dei som vil skrive nynorsk på grunnlag av valdresmålet. Dette heftet, som kom ut i 1940, vart sendt til alle skulane i Valdres.

Nils Hovi var friviljug medarbeidar i Norsk Målførearkiv og samla tilfang frå Valdres for arkivet, der finst hundretals oppskrifter med hans prydelege handskrift. For sitt målarbeid blei han heidra med Austmannaprisen. Fråhaldssaken var ei hjartesak og han var fylkesformann for Det Norske Totalavholdsselskap (DNT), fyrst i Gudbrandsdalen, sidan i Valdres, og han styrde skriftet Kyndil i fleire år. Han vart og tildelt Klostermedaljen for sin innsats. Andre viktige interessefelt for han, var folkeminne og lokalhistorie. I det heile var Nils Hovi interessert i alt som rørde seg i tida, og han skreiv om det i tidsskrifter og blad, både på prosa og vers. Særleg fekk bladet Valdres mykje av han. "Falkvor" var eit namn han ofte satte under dikta sine der. Best kjent av dikta hans er nok Valdressongen, som vert mykje sungen både i skulane i Valdres, på stemne og når utflytte valdrisar kjem saman i lag.

Han var glad i song, og han var ei tid formann i Valdres songlag. Han var og formann i Valdres foredragslag og heldt sjølv mange foredrag.

Personleg var Nils Hovi ein stillfarande og vennleg mann og sjølv om han ikkje hadde sterk helse, fekk han leva eit langt og verksamt liv.

Bibliografi

  • Dagrand. Dikt. 1989
  • Nynorsk til møtes med Valdresmålet: norske retningslinjar. Valdres norskmålsring, 1939.

Kjelder og litteratur

Sjå òg