Nils Oddvar Bergheim

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Nils Oddvar Bergheim (fødd 1943 i Skrautvål i Valdres) er utdanna filolog. Han vart cand.philol. ved Universitetet i Oslo i 1970, med engelsk, folkeminnevitskap og norsk i fagkrinsen. Han har mellom anna vore avdelingsleiar ved Valdres vidaregåande skule. Bergheim har skreve fleire artiklar og bøker med lokalhistorisk innhald, mellom anna ein biografi om politikaren Olav Meisdalshagen.

Bergheim har interessert seg for museumsarbeid, politikk, skulearbeid og ungdomsarbeid generelt. Han har heldt mange taler og føredrag og er kjend som ein god imitator. Nils Oddvar Bergheim har òg arbeidd i NRK Opplandsradioen og har samla mykje kulturhistorisk stoff på lydband i intervju med ei rekke personar.

I 2000 vart Nils Oddvar og kona Tora Bergheim utsett for ei alvorleg bilulukke, noko som gjorde at han mista språkevna.

Bibliografi

  • Valdreslaget i Oslo 1899-1974: ein studie i utflyttarsoga, Valdreslaget 1974. Mal:Bokhylla
  • Folkeminnesamlaren Andris Vang, Det norske samlaget 1974.
  • Skrautvål kyrkje, Skrautvål sokneråd 1975.
  • Skrautvål idrettslag, 1982.
  • Olav Meisdalshagen, Tiden Norsk Forlag 1982.
  • Persisk-norsk kontrastiv grammatikk, 1989.

Sjå Forfatternett Oppland for eit oversyn over artiklane til Bergheim.

Eksterne lenkjer


05 Oppland vapen.png Nils Oddvar Bergheim er basert på en artikkel fra Forfatternett Oppland, en nettside som drives av Oppland fylkesbibliotek. Artikkelen er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen.
Flere artikler finnes i denne alfabetiske oversikten.