Nils Roth Heyerdahl (1862–1956)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 3. jan. 2020 kl. 11:04 av Cnyborg (samtale | bidrag) (Teksterstatting – «[[Kategori:Voss kommune» til «[[Kategori:Voss herad»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Nils Roth Heyerdahl.
Foto: Ukjent, henta frå Studenterne fra 1881. Biografiske meddelelser samlet i anledning av deres 25-aars studenterjubilæum. (1906)

Nils Roth Heyerdahl (fødd i Vadsø 31. januar 1862, død i Oslo 19. mars 1956) var teolog og verka som kapellan og sokneprest fleire stader i landet: Voss, Sandar, Tinn og Holla. Han var sterkt engasjert i kristeleg ungdomsarbeid. Frå ung alder viste han sterk interesse for landsmål og dialekter, og han gav ut ei samling norske «songar og kvæde». Som teolog og ungdomsarbeidar var han etter alt å dømme påverka av grundtvigianismen.

Bakgrunn og familie

Foreldra var Fredrik Wexels Heyerdahl (1819-1887) og hustru Mariane Christine f. Nergaard (1830-1919). Da Nils vart fødd, budde familien i Vadsø, der faren var tollkasserar. Da Nils var seks år gammal (1868), vart faren utnemnd til fut i Valdres, og familien flytta til Nord-Aurdal. Der fekk Nils barndomsåra sine frå han var seks til han kom i konfirmasjonsalderen. I 1877 flytta han heimanfrå for å ta til med utdanninga si, på same tid som faren vart fut i Larvik og familien flytta dit.

Nils Roth Heyerdahl gifta seg i 1890 med stud. teol. Alette Aagaard (1862-1957). Dei fekk borna Marianne Kristine Heyerdahl (1891-1984), Kristian August Aagaard Heyerdahl (1892-1991) og Dorothea Heyerdahl (1894-1988).

Utdanning og tidleg yrkeserfaring

Den fyrste skulegangen fekk Nils i Nord-Aurdal, der han vart undervist dels av guvernante og huslærar og eldre sysken, dels ved «en høiere almueskole». Året 1877-1878 gjekk han 6. klasse ved Lands kommunale middelskole i Hov i Land. I 1878 byrja han på latinlinja ved Aars og Voss skole i Kristiania, og han tok examen artium i 1881.

Etter gjennomført artium var han eit halvt års tid tilsett paa «juridisk kontor» i Valdres. Vårsemesteret 1882 var han tilbake i Kristiania, der han las til anneneksamen (førebuande prøver) ved universitetet. Etter avlagd eksamen gjorde han sommaren 1882 ei rundreise i Sverige, Danmark og Sønder-Jylland, der han mellom anna vitja folkehøgskular. I to år (1882-1884) var han huslærar hjå sokneprest Thorvaldsen på Stord. I 1884 byrja han fagstudiet ved universitetet, og avla teologisk embetseksamen våren 1889.

Prestegjerninga

Heyerdahl som sokneprest til Holla, der han var frå 1918 til 1932. Frå boka Holla, utg. 1925.

Etter teologisk practicum i februar 1890, vart han tilsett som personalkapellan hjå soknepresten på Voss, Wilhelm Hansteen. Heyerdahl var da nygift, og han og kona Alette fekk alle sine tre born medan dei budde på Voss, til 1898.

Medan dei var på Voss, gjorde Heyerdahl teneste som feltprest på Tvildemoen, og han framhevar sjølv frå den tida at han da nytta høvet til å gjere «i alt 20 besøg til Gravehalstunnelen for at holde opbyggelse for arbeiderne».

Frå 1898 til 1910 var Heyerdahl kallskapellan i Sandeherred (nå Sandar) ved Sandefjord. Han fekk sokneprestembetet i Tinn i Telemark 1910 og vart prost i Aust-Telemark prosti frå 1914.I 1917 fekk han nytt kall i Holla, og var også prost i Nedre Telemark prosti frå 1929 til han gjekk av for aldersgrensa i 1932.

Da han vart pensjonist, flytta Heyerdahl og kona til Alnabru i Østre Aker (nå Oslo), der dei budde på eigedomen Bakkelund livet ut.

Kulturengasjement og organisasjonsverksemd

Nils Roth Heyerdahl er gravlagd i familiegrav på Vår Frelsers gravlund i Oslo.
Foto: Stig Rune Pedersen (2016)

Si interesse for norsk folkekultur, landsmål og dialekter, tilskriv Heyerdahl sjølv innverknad frå Valdres i oppveksten og frå åra på Voss, der norskdomsrørsla stod sterkt. Det var i studietida, etter at han mellom anna hadde besøkt danske folkehøgskular, at han fekk gjeve ut Norske songer og kvæde, samlade av N.R.Heyerdahl (1885).

Alle stader som Heyerdahl verka som prest, var han saman med kona sterkt engasjert i kristeleg ungdomsarbeid, knytta til Norges kristelige ungdomsforbund. "Han var en ungdommens mann," som det heiter i ein artikkel om Holla kristelige ungdomsforening. I 1901 stod han bak publikasjonen Ungdomsforeningernes ordning og program, som var utgjeve av forbundet. Han utarbeidde ein «Bibellæseplan», utgjeve av Det norske bibelselskap etter oppmoding av ungdomsforbundet.

I 1898 fekk Nils og Alette Heyerdahl stifta Sandeherreds og Sandefjords ungdomsforening, og han var formann i mange år. Han var sekretær i Vestfolds kreds af kristelige foreninger for unge. I Holla vart han også ei drivande kraft i ungdomsarbeidet, mellom anna ved å få i stand ungdomshuset Fredheim.

Som pensjonist var Heyerdahl formann i Norsk buddhistmisjon.

Kjelder og litteratur

  • Adressebok for Aker herred 1934/35. Prost Nils Roth Heyerdahl oppført på Bakkelund, Tvetenveien.
  • Heyerdahl, Alette: «I prestegård og forelesingssal», i Christie, Elisabeth (red.): Prestegårdsliv. Minner fra norske prestegårder. Fjerde samling. Land og kirke. Gyldendal 1969 Mal:Bokhylla. Side 193-222. Det er ei forkorta utgåve av Alette Heyerdahl: Barndoms- og ungdomserindringer. (1946).
  • Lindgren, Ingeborg Aas: «Holla kristelige ungdomsforening 1893-1993. Fredheim 1923-1993», i Holla-minner. Tidsskrift for Holla historielag. Nr. 7, 1993.
  • Norges kirke og presteskap ved 900-årsjubileet. Red. dr. Alfred Eriksen. A.M.Hanches forlag. Oslo 1930.
  • Studenterne fra 1881 : Biografiske meddelelser samlede i anledning af deres 25-aars studenterjubilæum. Mal:Bokhylla. Omtale av Nils Roth Heyerdahl, med opplysninger om svigerforeldra Christian August Aagaard Hansen og hustru Amine Dorothea f. Falch, og om namnet Aagaard, som vart tillate nytta ved kgl. res. i 1889.
  • Studentene fra 1881 : fest- og minneskrift ved 50-års studenterjubileet 1931. Oslo, 1931. Mal:Bokhylla. Nils Roth Heyerdahl omtala på s. 39/40.
  • Studenterne fra 1884: Biografiske meddelelser samlet i anledning av deres 25-aars studenterjubilæum.Mal:Bokhylla. Alette Heyerdahl omtala på s. 157.
  • Nils Roth Heyerdahl i Historisk befolkningsregister.