Nissedal Mållag

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Nissedal Mållag blei skipa som Nissedal og Treungen Mållag i årsskiftet 1900/1901. Under årsmøtet på Strond i Treungen 31. januar 1904 blei det bestemt at Treungen skulle skipe sitt eige lag då dei praktiske utfordringane med å ha eitt lag blei for store. Egil H. Tveit blei valt som leiar i nye Treungen Mållag.

Historikk

Den viktigaste årsaka til at mållaget i Nissedal blei skipa i 1900 var spørsmålet om bruk av Elias Blix sine salmar i kyrkja. I januar 1900 sende Pål Christiansen d.y. brev til sokneprest Johan Didrik Tande der han oppmoda han å skipa til røysting om innføring av Blix-salmene "Nokre salmar" i kyrkja. Oppmodinga førte ikkje fram, og i november same året sendte han ei ny oppmoding til Tande. Denne gongen "paa vegne av maallagje fyr Nissedal og Treungen". 2. desember 1901 blei det organisert røysting i Nissedal kyrkje. Resultatet var 16 stemmer for, og 10 stemmer mot innføring av salmane. I Treungen røysta ingen mot då den same saka var oppe til røysting i 1902.[1]

Arkiv

Arkivet etter Nissedal Mållag blir oppbevart ved Nissedal Bibliotek. Sjå oppføring i lista over privatarkiv frå Telemark.

Referansar

  1. Åsen, 2000, s. 156-157.

Kjelder

  • Åsen, Kjell, Nissedal bygdesoge. [4] : Kultursoga : 1900-1999, Nissedal, 2000. Lenke til digital utgåve på bokhylla.no.