Norderhusvigga - Nørdre Vigga

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 13. jun. 2021 kl. 19:55 av Arnfinn Kjelland (samtale | bidrag) (Ny side: Norderhusvigga ligg på sørsida av Gudbrandsdalslågen, sør-sørvest for gardane i Lesja som har seter her. Setervegen går opp ved Grønkjelda…)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Norderhusvigga ligg på sørsida av Gudbrandsdalslågen, sør-sørvest for gardane i Lesja som har seter her. Setervegen går opp ved Grønkjelda. Det er om lag 3,5 km frå gardane og opp på setra. I 1949 vart det bygd traktorveg, og frå 1955 vart det mjølkelevering til ysteriet.

Det er fire setrar her i dag. Kjem du etter setervegen, kjem du fyrst til Nyhussetre på høgre handa litt nedafor dei andre. Så kjem du opp til dei tre andre setrane, som ligg nokså tett i hop. Fyrst ligg setra til Søre Holen, så Vesl-Norderhus og nørdst mot Stor-nesåe ligg setra til Nørdre Holen.

Desse setrane er og truleg frå 1700-talet. Vesl-Norderhus setra i 1668 i Lordalen, truleg på Nysetre. Garden hadde i alle fall kve der så seint som i 1903, sjå innleiinga til Nysetre, og under Storhaugsetre. Nyhusan, Nørdre og Søre Holen er alle bruk som er kome unna Norderhus i fyrste halvdel av 1700-talet.

I 1800 var det to av bruka i Norderhus som setra her. Det var sikkert Vesl-Norderhus, og truleg Nyhusan. Dei to andre setrane er da truleg frå fyrste halvdel av 1800-talet.

Før ca 1859 setra og Holbakken her. Setra låg sønnafor Vesl-Norderhus. Holbakken må ha flytt setra til Bjøknesetre før midten av 1800-talet, for dei var ikkje her ved skogutskiftinga.

I 1931 var det dei same fire setrane her.

Alle i setergrenda flytta samtidig både opp og ned. Det var strenge reglar for flyttinga til seters. Foreldra til Jonas Skotte på Nyhusan flytta ein dag for tidleg eit år, og da kom dei «på kommisjon» (vart stemna for forlikskommisjonen?).

Det var faste reglar for kvar kyrne skulle gå. Budeiene måtte lokke same plassen. Ein dag lokka dei nordi Tunga, andre dagen innover til Nesåhaugen, tredje dagen gjekk dei til Storhaugen, fjerde dagen oppå Hullaren, femte dagen sørover til Saustad, sjette dagen gjekk dei over åa og bort til Tæppbekken, og den sjuande dagen byrja dei på nytt att. Det har og vore sagt at dei lokka Nordonde Saustadholet og Mot Geit-ryggom. Det er vel helst av dei same råka.

Dei gamle steinhafellene skal vera bygd fordi dei stengte inne sauene der om natta.

Litteratur

Koordinater: 62.14477° N 9.01050° Ø