Nordfjord sogelag

Nordfjord sogelag i Nordfjord vart skipa 4. januar 1908. Laget gjev ut Årbok for Nordfjord. Nordfjord Folkemuseum vart etablert på Sandane 25. juli 1920, og i mange tiår var innsamling av gjenstandar og drift av museet viktigaste arbeidsoppgåve for laget. På årsmøtet i Innvik 2. september 2018 vart det vedteke at Nordfjord sogelag skal vere eit regionlag.

Laget hadde i 2019 fem lokallag og om lag 140 direkte medlemmer

Tidslinje

  • 1909: Kjøp av Holvikejekta. Første gjenstanden Nordfjord sogelag fekk hand om.
  • 1920: Opning av Nordfjord Folkemuseum på Sandane med sogelaget som eigar.
  • 1951: 1. årgang av Årbok for Nordfjord vert gjeve ut i samarbeid med Firda ungdomslag.
  • 2009: Nordfjord Folkemuseum vert ein del av Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane. Nordfjord sogelag heldt fram som formell eigar av bygningar og samlingar ved museet.
  • 2016: Utgjeving av Nordfjordboka – kulturhistorisk vegvisar.
  • 2018: Nordfjord sogelag overfører eigaransvaret for bygningar og samlingar ved Nordfjord Folkemuseum til Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane. Avtale underskriven 31. august 2018.
  • 2018: Gjennom vedtektsendring på årsmøtet for Nordfjord sogelag i Innvik 2. september 2018 vert Nordfjord Sogelag regionlag for dei lokale sogelaga i Nordfjord.

Formenn/leiarar

  • O. G. Bruskeland 1908–1910
  • Wilhelm Barmen 1911–1913
  • Ola Sande 1914
  • Haakon Aasvejen 1915–1916
  • Kr. J. Sunde 1917–1929
  • S. Lødemel 1930–1937
  • Lars Søreide 1938–1951
  • Johannes Aursland 1952–1955
  • Torbjørn Skeie 1956–1957
  • Danile Dvergsdal 1958–1962
  • Ola T. Eide 1963–1966
  • Hjalmar Lothe 1967–1971
  • Alf Eikås 1972–1976
  • Ragnvald Berge 1977–1982
  • Lars Myrold 1983–1986
  • Kjell Lindvik 1987–1990
  • Magne Hasund 1991–1995
  • Astrid Henden 1996–1997
  • Roar Førde 1998–2006
  • Aud Bruland 2007–2008
  • Sverre Folkestad 2009 –

Heiderspris

I ein 20-årsperiode delte Nordfjord sogelag ut ein heiderspris til einskildpersonar og lag som hadde gjort eit særskilt viktig lokalhistorisk arbeid i regionen. Følgjande personar fekk denne prisen:

År Prisvinnar Kommune
1992 Ingrid Tytingvåg Vågsøy
1994 Oskar H. Hopland Vågsøy
1995 Jon Tvinnereim Volda/Stryn
1996 Jon M. Kjøllesdal Eid
1997 Nordbygda Ungdomslag Eid
1998 Paul O. Tomasgard Hornindal
1999 Petter Eide Gloppen
2000 Elin Grytting Gloppen
2001 Ragnvald Berge Selje
2003 Olina Løvlid Hornindal
2004 Ove Eide Gloppen
2005 Arvid Rygg Gloppen
2006 Einar Henden Eid
2007 Dag Vanberg Stryn
2009 Jon Tvinnereim Volda/Stryn
2011 Dagfred Berstad Selje
2012 Rigmor Navekvien Vågsøy

Publikasjonar

Nordfjord sogelag gjorde i 1965 vedtak om å gje ut ei Nordfjordsoge. Det tok lang tid før ein klarte å realisere planane, men i 2016 kom Nordfjordboka – kulturhistorisk vegvisar ut i samarbeid med Selja Forlag og med Jon Tvinnereim som redaktør.

Årbok for Nordfjord kom ut fyrste gongen i 1951. Årboka kom også ut i 1952 og 1953, men frå då av til 1981 kom den ut annakvart år. Frå 1981 og til dags dato har årboka vore eit årleg skrift. Den første tida var utgjevinga eit samarbeid mellom sogelaget og Firda ungdomslag, seinare Sogn og Fjordane ungdomslag. Også Nordfjord Folkemuseum har i mange år vore medutgjevar, men frå 2019 står Nordfjord sogelag som eineutgjevar av årboka.

Kjelder og litteratur

  • Opplysningar frå sogelaget (Landslaget for lokalhistorie si kartlegging av sogelag 2019).