Nordgard Hågå (Nord-Fron gnr 278/1)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 13. mai 2020 kl. 06:19 av Cnyborg (samtale | bidrag) (Teksterstatting – «fylke = Oppland» til «fylke = Innlandet»)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Nordgard Hågå
Alt. namn: Nødre Hågå
Stad: Vinstra
Sokn: Sødorp
Fylke: Innlandet
Kommune: Nord-Fron
Gnr.: 278
Bnr: 1
Ant. bruksnr.: Gardsbruk

Nordgard Hågå er bruksnummer 1 på Hågå ved Vinstra i Nord-Fron kommune. Garden er knytt til segnene om Per Gynt, og ein finn no eit bygdetun der, Peer Gynt-garden. To personar som har vore brukarar på Hågå er omtala som modell for Per Gynt: Per Larsson Hågå (død omkr. 1665) og Per Olsson Hågå (omkr. 1723–1785). Alderen på segnet gjer at det mest truleg er Per Larsson som er den opphavlege modellen.

Garden var i mellomalderen eigd av erkebiskopen av Nidaros. Ved reformasjonen vart han krongods, og noko etter 1668 bondegods. Det er grunn til å tru at garden som i lensrekneskapa frå 1557–1558 vert omtala som bygsla av ein Jon Gynther (eit mogleg opphav til namnet Gynt) kan vere Hågå, men dette veit ein ikkje sikkert. Den første brukaren ein kjenner sikkert kom noko seinare; Lars Hågå nemnast ved hyllinga av Kristian IV i 1591.

Brukarar

Gift med Marte Pedersdotter. Born ein kjenner:
  • Ellev Persson.
  • Kari Persdotter.
  • Ellev Persson Hågå (n. 1668). Kjøpte truleg garden frå krona.
Gift med NN. Born ein kjenner:
  • Eli Ellevsdotter.
  • Marit Ellevsdotter.
Eli Ellevsdotter Hågå.
Gift med Halvor Olsson (d. 1714). Born ein kjenner:
  • Marit Halvorsdotter Hågå (f. omkr. 1710).
  • Marit Halvorsdotter Hågå (f. omkr. 1710).
Gift med Ole Persson (d. 1773). Born:
  • Per Olsson Hågå (omkr. 1723–1785).
  • Rønnaug Olsdotter, gift med Ole Persson Brandvol.
  • Halvor Olsson Hågå.
  • Ole Olsson Hågå.
  • NN.
  • Per Olsson Hågå (omkr. 1723–1785). Ugift. Skøyte på garden 1768.
  • Halvor Olsson Hågå. Bror av førre eigar. Ugift. Kjøpte av broren i 1779.
  • Ole Olsson Hågå. Bror av førre eigar. Kjøpte av han i 1781; kjøpte Øygardsenget av broren Per i 1777.
Gift med Marit Olsdotter. Born ein kjenner:
  • Ole Olsson Hågå.
Ole Olsson Hågå, fekk skøyte frå faren i 1801.
Gift med Marit Hansdotter Ommondbrekken. Born ein kjenner:
  • Ole Olsson Hågå.
Ole Olsson Hågå, fekk skøyte frå mora i 1838.
Gift med Anne Østensdotter Uppigard Skoe. Born ein kjenner:
  • Østen Olsson Hågå.
  • Østen Olssen Hågå, fekk skøyte frå sysken i 1901. Overtok Ilstad frå verfaren i 1872, selde der i 1893.
Gift 1) med Mari Iversdotter Ilstad.
Gift 2) med Ane Gråsletten.
  • Henrik Henriksen Toksekleiven, makeskifta år seg bruket frå Ane Hågå (Gråsletten) i 1907, saman med versonen Ole Holten. Seinare til Lillehammer.
  • Bjørn Talén (d. 1945), kjøpte i 1937. Operasongar.
  • Cecilia Talén, ervde testamentarisk i 1945.
Gift med Ingar Dobloug. Barn ein kjenner:
  • Mikkel Dobloug.
  • Mikkel Dobloug, overtok bruket i 1970.

Kjelder

  • Hovdhaugen, Einar: Gardar og slekter i Fron: Bind II: Nord-Fron. Utg. Fron historielag. 1974.

Koordinater: 61.59401° N 9.79485° Ø