Nordhordland

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 19. feb. 2020 kl. 08:47 av Kallrustad (samtale | bidrag) (Oppdateringsbehov)
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.
Denne artikkelen bør oppdateres. Se evt. diskusjonssiden for merknader.

Nordhordland er eit distrikt i den nordlege delen av Hordaland. Det omfattar ti kommunar: Austrheim, Fedje, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy, Vaksdal og Øygarden. Desse hadde til saman 45 838 innbyggjarar pr. 1. juli 2008, og eit areal på 2753 km². Tidlegare vart òg delar av Gulen kommune og bydelane Arna og Åsane medrekna til Nordhordland. Den største tettstaden i distriktet er Knarvik.

Saman med Midthordland inngår Nordhordland i regionen Bergen og omland.