Nordlys (fiskeskøyte, 1943): Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Linje 8: Linje 8:
|Framdriftsmidler=Motor
|Framdriftsmidler=Motor
|Motortype=Volvo Penta 155hk diesel
|Motortype=Volvo Penta 155hk diesel
|Båtbygger=Stensen & sønner
|Båtbygger=[[Stensens båtbyggeri|Stensen & sønner]]
|Kommune=Hemnes kommune
|Kommune=Hemnes kommune
|Lagstilhørighet=Bjørkedal kystlag
|Lagstilhørighet=Bjørkedal kystlag
Linje 15: Linje 15:
|Bilder=Bilde:Troll_og_Nordlys_ved_kai.JPG, Bilde:Troll_og_Nordlys_Ulsteinvik_2011.JPG, Bilde: Heidi ombord på Nordlys.JPG
|Bilder=Bilde:Troll_og_Nordlys_ved_kai.JPG, Bilde:Troll_og_Nordlys_Ulsteinvik_2011.JPG, Bilde: Heidi ombord på Nordlys.JPG
}}
}}
'''Nordlys''' er ein 49 fots kravellbygd kryssar, bygd ved [[Stensens båtbyggeri|Stensen & sønner]] i [[Hemnes]] i Nordland i 1943. Då den var ny var lengda 40 fot, men båten vart kraftig ombygd og forlenga til 49 fot i 1955.
'''NK Nordlys''' er ein 49 fots kravellbygd kryssar, bygd ved [[Stensens båtbyggeri|Stensen & sønner]] i [[Hemnes]] i Nordland i 1943. Då den var ny var lengda 40 fot, men båten vart kraftig ombygd og forlenga til 49 fot i 1955.


Johan Jenshaug på [[Lovund]] var den første eigaren. Sønene Hans Johan og Svein Harald Jenshaug overtok den i 1965, og dei eigde og dreiv båten fram til 1997. Den hadde fiskerimerke N 286 L og kallesignal LNYC.
Johan Jenshaug på [[Lovund]] var den første eigaren. Sønene Hans Johan og Svein Harald Jenshaug overtok den i 1965, og dei eigde og dreiv båten fram til 1997. Den hadde fiskerimerke N 286 L og kallesignal LNYC.

Sideversjonen fra 8. feb. 2015 kl. 19:20

MK Nordlys
Nordlys.JPG
Registeringsnummer N 54 TN
Egennavn: MK Nordlys
Båttype Skøyte
Lengde 48,9 fot
Største bredde 396 fot
Byggeår 1943
Båtbygger: Stensen & sønner
Framdriftsmidler: Motor
Motortype Volvo Penta 155hk diesel
Kommune Hemnes kommune
Lagstilhørighet: Bjørkedal kystlag
Nåværende eier: Bjørkedal kystlag

NK Nordlys er ein 49 fots kravellbygd kryssar, bygd ved Stensen & sønner i Hemnes i Nordland i 1943. Då den var ny var lengda 40 fot, men båten vart kraftig ombygd og forlenga til 49 fot i 1955.

Johan Jenshaug på Lovund var den første eigaren. Sønene Hans Johan og Svein Harald Jenshaug overtok den i 1965, og dei eigde og dreiv båten fram til 1997. Den hadde fiskerimerke N 286 L og kallesignal LNYC.

Då familen Jenshaug selde båten i 1997, følgde nokre år då båten hadde fleire eigarar i Træna og Skjervøy, før Sørøyfisk AS på Ellingsøya i 2006 kjøpte den for å bruke kvoten på ein annan båt. Båten skulle då kondemnerast. Bjørkedal kystlag kjøpte den av Sørøyfisk i 2008 og fekk dispansasjon frå kravet om destruering. Då Sørøyfisk eigde båten, var merket M 119 A.

Fartøyet hadde frå starten av ein 20 hk Union som vart tatt frå ein eldre båt familien Jenshaug hadde. Det var vanskeleg å få tak i motorar under krigen. I 1949 vart den erstatta med ein 30 hk Union. I 1961 vart den bytta ut med ein 90 hk Lister og i 1983 vart den motoren som er ombord i dag sett inn; ein 155 hk Volvo Penta MD 100B.

Den var forsterka i framskipet for kvalfangst og i perioden 1944-52 vart det drive kvalfangst om sommaren. På det meste skaut dei tre vågekvalar på ein dag. Om vinteren tok dei del i lofotfiske med not og line, dei seinare åra også med juksamaskiner. I åra 1953-59 dreiv dei etter storsilda. «Nordlys» var også hjelpefartøy/slepar for større snurparar. Saman med andre fiskefartøy frå Lovund dreiv dei også fangst etter makrellstørje.

Den 9. oktober 2007 henta Bjørkedal kystlag båten på Roald. På årsmøtet våren 2008 vart det med stort fleirtal vedteke å kjøpe Nordlys. No ligg Nordlys ved kai i Volda sentrum. Føremålet med kjøpet av Nordlys er å halde i hevd og formidle maritime tradisjonar og kystkultur generelt.

Kjelder

Hjellnes, Tove Aurdal: Bjørkedal kystlag og Bjørkedal båtsamlingar. Voldaminne 2012 s. 121-140