Nordlys (fiskeskøyte, 1943)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 30. nov. 2012 kl. 13:32 av Aslak Kittelsen (samtale | bidrag) (lenker)
Hopp til navigering Hopp til søk
MK Nordlys
Nordlys.JPG
Registeringsnummer N 54 TN
Egennavn: MK Nordlys
Båttype [[]]
Lengde 1490 fot
Største bredde 396 fot
Byggeår 1943
Båtbygger: Stensen & sønner
Framdriftsmidler: Motor
Motortype Volvo Penta 155hk diesel
Kommune Hemnes kommune
Lagstilhørighet: Bjørkedal kystlag
Nåværende eier: Bjørkedal kystlag

MK Nordlys var bygd som fiskebåt i 1943 ved Stensen & sønner i Hemnes på oppdrag av Johan Jenshaug i Lovund. Båten var den gongen 42 fot lang. Den var motorisert med ein Lister diesel med Heimdal propell. I 1955 vart båten kraftig ombygd og forlenga til 49 fot ved det same verftet. Bakken, rorhuset, egnehuset og vaskerommet vart ombygd. I 1984 vart motoren skifta ut med ein Volvo Penta diesel MD 100B. Gearet og drivlinja vart også ombygd, og fekk Helset reversering og propell, komplett med aksling og hylse.

Nordlys var eigd av Jenshaug familien fram til 1997, då nye eigarar frå Træna overtok.

I 2005 vart propell og aksling skifta. Same året fekk båten vegn i propellen, og noko vart drege skeivt. Båten måtte ha slep til land etter denne hendinga. Akslingshylsa kan ha losna etter dette uhellet, sida det lek noko på høge turtall. Nordlys låg så i opplag i drygt eitt år ved Roald på Sunnmøre. Båten vart så teken ut av fiske, eller teken "kvota av".

Den 9. oktober 2007 henta Bjørkedal kystlag båten på Roald og tok den til slipp. På årsmøtet våren 2008 vart det med stort fleirtal vedteke å kjøpe Nordlys. No ligg Nordlys ved kai i Volda sentrum. Føremålet med kjøpet av Nordlys er å halde i hevd og formidle maritime tradisjonar og kystkultur generelt.